Hjem>Nyhet>Ombygginger av Sinnes skule
Nyhet

Ombygginger av Sinnes skule

Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-06-04 17.04.46.png

Sinnes skule trenger et skikkelig løft for å oppfylle arbeidsmiljøloven og opplæringsloven. 27 millioner kroner foreslås til ombygginger og påbygginger av skolen. 19 millioner kroner er avsatt i økonomiplanen. Saken kommer i de fleste råd og utvalg i neste uke og kommunestyret konkluderer den 13. juni med vedtak.

Sinnes skule oppfyller ikke arbeidsmiljølovens krav til arbeidsplasser, garderober for ansatte, innemiljø (ventilasjon og temperatur) og krav til universell utforming. Skolen ble bygd i 1975 som åpen skole og ombygd i 1995. I 2004 var det ny ombygging og påbygging av garderober, svømmehall, gymnastikksal og renseanlegg.

Utformingen av bygget bærer preg av alle på/ombyggingene med mange ganger og nivåforskjeller. Bygget er slitt og trenger oppgradering og oppussing.

Sinnes skule er en 1- 10 skole med under 50 elever. Fra høsten 2019 er det bare seks elever i 9. og 10. klasse. Tallet på elever skifter fra år til år. De største årskullene har 9-10 elever. Skolen hadde en del flere elever for noen år siden, og det kommer til å stige igjen de nærmeste årene.

På skolen er det 20 ansatte. Skolen har i dag 43 elever fra 1. til 9. klasse. De neste årene vil elevtallet øke til nærmere 50.

Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-06-04 17.03.42.png

Rektor Åse-Berit Fidjeland skriver i sin vurdering blant annet;

Sirdal kommune må gjennomføra bygningsmessige tiltak ved Sinnes skule for å oppfylla arbeidsmiljøloven sine krav knytta til arbeidsplassar, garderobar, toalett, varme, ventilasjon, snøsikring og universell utforming, samt auka behov for grupperom/samtalerom pga. endringar i m.a. undervisingsmetodar og krav til elevsamtalar. Det er meir økonomisk å gjera ei større ombygging der ein ser på skulen som eit heile, enn om ein skal løysa utfordringar etter kvart som dei oppstår.

Det er tatt omsyn til generell utforming gjennom å installera heis over tre etasjar i eldre del, samt heis, handikaptoalett, areal for rullestolbruk og automatisk døropnar (hovuddør) i nybygg. Under detaljplanlegginga vil ein koma attende til kontrastfargar og dørtersklar i både nybygg og rom som skal renoverast.

Nytt inventar og laust utstyr kjem i tillegg til oppgitte kostnadsoverslag. Det same gjer mellombels undervisingstad under delar av arbeidet, men her meiner arbeidsgruppa ein må kunna nytta grendehuset på Tjørhom utan ekstra leigekostnader i perioden som er aktuell. Sjå elles vedlegg 3.

Eit nyleg motteke flaumsonekart for Sinnes syner at Sinnes skule er utsett for skadeflaum ved ein 200-årsflaum, vedlegg 4. Sinnes skule har lenge hatt pumpesystem i kjellaren for å ta unna grunnvatn. Dette systemet må brukast vidare òg etter utbygginga av skulen. Storparten av utvidinga av skulen vil skje som ei ny andre etasje og aukar ikkje skadepotensialet ved flaum. Nye bygningsdelar i kjellar får motstand mot vatn.

Konklusjon

Rådmannen ser at opp mot kroner. 27 000 000,- eks. mva. til ei om- og påbygging er ein høg sum, men dette dekkjer både nye arbeidsrom, møterom og garderobar til personalet, meir nærleik for administrasjonen til besøkjande, nytt skulekjøkken med kantine, grupperom for elevar, eige kontor til helsesøster, rehabilitering av garderobar pga. vasskader, universell utforming, ventilasjon, lydisolering og forsterka tak over delar av bygget med snøfangarar. Frigjort areal vert rehabilitert og utnytta med heis i alle tre etasjar.

Forslag til vedtak

Sinnes skule blir bygd om med start våren 2020. Kostnader, som tilbudd, kroner 27 000 000,- eks. moms, blir innarbeidd i budsjett for 2020, samt kr. 1 000 000,- til laust inventar som pultar og stolar.