Hjem>Nyhet>Guidetur til Holmen
Nyhet

Guidetur til Holmen

Av Gudrun Kristine Ovedal

Eining for kultur ønskjer alle vel møtt til guida turar denne sommaren. Kvar onsdag i juli vert det ei kulturhistorisk reise der Holmen i Sirdalsvatnet er sentrum for historie. Det er begrensa plass på turane, så billettar må kjøpast på førehand.

Holmen

Sirdalsvatnet har frå gamalt av vore den viktigaste ferdsels- og handelsveien for dei som budde langs vatnet. Riksvegen kom ikkje før i 1942, så inntil då var det på vatnet den største trafikken gjekk. I perioden 1885-1942 gjekk dampbåten Fram i rute her. Går ein endå lenger tilbake i tid, ja heilt til jernalderen og vikingtida, så kan ein òg finna spor etter at dette området var ein del av den innanlandske hovudferdselsåra frå Øst- til Vestlandet.

I Sirdalsvatnet ligg Holmen. Den er om lag 170 m lang, 60 meter brei, og 10-12 meter høg. I byrjinga av 1800-talet høyrde Holmen til Virak som felleseige. Ein tradisjon seier at «virlendingane» (dei som bur på Virak) bytte bort Holmen til ein oppsitjar i Haughom for eit ankar brennevin.

Det mest spennande med Holmen finn ein i Snorres kongesagaer; soga om dronning Astrid som måtte flykta med den litle son sin, Olav Tryggvason. Ho gøymde seg på ein holme for å koma unna forfølgjarane som ville drepa kongssonen. Etter soga talar ein om Holmen i Sirdalsvatnet.

I nyare tid har Holmen blitt betre tilgjengelig enn den var før. I fjor sommar vart det laga ny brygge her, og tilrettelagd for friluftsopplevingar (gapahuk, bålplass og rydding av noko skog).

Sirdalsvatnet – rik på kulturhistorie

Sirdalsvatnet strekkjer seg frå Tonstad til Osen i ei lengd av 27 km. Her er det ikkje berre ein sjøorm som skjular seg i landskapet av den gamle historia. Her er det veldig mange segn og historie som har overlevd frå generasjon til generasjon. Det er mange synlege kulturminne i landskapet og det er gjort konkrete funn (gjenstandar frå jernalder, vikingtid) som vitnar om at det må vera noko sanning å knytte til alle segna.

Guida turar – sommaren 2019

Kvar onsdag i juli (f.o.m.) 10. juli vert det arrangert guida turar til Holmen. Billett må kjøpast på førehand på grunn av begrensa plass. Billett kan kjøpast i Turistinformasjonen på Tonstad. Turane er på om lag to timar, og i tillegg til historieforteljing, vert det servering av jordbær og kaffi på Holmen. Vêrforbehold.

Avgang fra båthamna på Tonstad klokka 1200.

Billettpris:

Voksne: 100 kroner og Barn: 50 kroner

Familie ( 4 stk): 250 kroner

Billettkjøp

Turistinformasjonen/Biblioteket

Turist@sirdal.kommune.no

Tlf 38 37 90 75