Home>Kommunen>Går for utbygging av Sinnes skule
Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-06-04 17.04.46.png
Kommunen Nyhet

Går for utbygging av Sinnes skule

Rådmannen i Sirdal går for utbygging av Sinnes skule siden prisen nå er avtalt til 27 millioner kroner. Det er 8 millioner kroner mer enn det som er oppført i økonomiplanen. Det er usikkert om vil komme et lignende tilbud ved utsetting/ny anbudsrunde. Det har i lengre tid vært behov for oppgradering av skolen med tanke på forsvarlige arbeidsforhold for elever og ansatte.

Saken kommer opp til behandling i neste uke i utvalgene for teknikk og oppvekst, pluss formannskapet og endelig avgjørelse i kommunestyret 5.september.

I sakspapirene skrives det:

Etter kommunestyremøtet 20.juni i år, der «Planen sendes tilbake med tanke på mulige innsparinger mot bevilget budsjett vedtatt på 19 millioner kroner» med ny handsaming i det komande kommunestyremøtet, vart arbeidsgruppa kalla inn 26.juni.2019 for å sjå om og eventuelt korleis ein kan få ned utgifter.

I møtet diskuterte ein kostnadselement i tilbodet som kan spesifiserast og vurderast særskilt, moglegheit for søknad om delfinansiering hos Enova pga. miljøpakke – ENØK-tiltak, vedlikehald og investeringsbehov i åra framover, detalj- og brannprosjektering og planlegging (etter kontraktsignering, før oppstart) og vedståingsfrist for tilbodet og moglegheit for endringar i det.

Annonse

Arbeidsgruppa og Bilstad Bygg ser ikkje nokre «naturlege» inndelingar i to byggetrinn, samstundes som to byggetrinn vil auka totalkostnadene. Enkelte punkt, til dømes varme, sol- skjerming og ventilasjon er skilt ut i eigen tabell med delkostnad og vurdering av kva dette vil ha å seia for ombygginga. Det må presiserast at prisane ikkje er kvalitetssikra som uttrekksprisar, sidan eit uttrekk kan føra til andre endringar av nybygg, til dømes oppvarming og ventilasjon.

Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-06-04 17.03.42.png

Konklusjon: Rådmannen ser at opp mot kr. 27 000 000,- eks. mva. til ei om- og påbygging er ein høg sum, men dette dekkjer område hovudutval og verneombod har påpeika ved tidlegare høve; både nye arbeidsrom, møterom og garderobar til personalet, meir nærleik for administrasjonen til besøkjande, nytt skulekjøkken med kantine, grupperom for elevar, eige kontor til helsesøster, rehabilitering av garderobar på grunn av vasskader, universell utforming, ventilasjon, lydisolering og forsterka tak over delar av bygget med snøfangarar. Frigjort areal vert rehabilitert og utnytta med heis i alle tre etasjar.

I konkurransegrunnlaget er det lagt inn fylgjande atterhald: «Oppdragsgiver tar forbehold ved vurdering av videreføring etter gjennomført konkurranse:

  •  Politisk godkjenning og tilstrekkelig finansiering
  •  Rett til å forkaste samtlige tilbydere ved saklig grunn»

Tilbodet om utbygging/påbygging av skulen er høgare enn avsette midlar i økonomiplan og budsjett. Dette vil kunna få konsekvensar for prioritering av andre investeringsprosjekt i kommunen.

Rådmannen meiner likevel at skulen bør prioriterast no av omsyn til elevar og tilsette. Det føreligg eit konkret tilbod som det er usikkert om kommunen vil få seinare. Reglane for offentlege innkjøp gjer det vanskeleg for kommunen å justera innkjøpet og skyva ut avgjerda. Ny utlysing av anbodet vil føra til lengre sakshandsaming av innkjøpet og mest sannsynleg gjera ombygginga og påbygginga dyrare for kommunen.

.