Home>Front>Nei til mer vindkraft i Sirdal
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-07-22 14.39.25.png
Front

Nei til mer vindkraft i Sirdal

Rådmannen i Sirdal kommune går i mot videre utbygging av vindkraft. Videre krever kommunen at forslag som ligger inne i nasjonal ramme, blir tatt ut. Tonstad Vindpark er under ferdigstillelse og et anlegg ( Buheii ) har fått konsesjon.

Saken kommer opp i utvalg for teknikk, landbruk og miljø på tirsdag og endelig behandling i formannskap og kommunestyre på torsdag 5.september. Det avtroppende kommunestyret må uttale seg om NVEs nasjonale rammeplan for vindkraft der høringsfristen er satt til 1.oktober.

Forslag til vedtak

Sirdal kommune går i mot vidare utbygging av vindkraft på land. Kommunen meiner at eit rikt land som Noreg kan og bør ta seg råd til å gjennomføre klimatiltak som er mindre arealkrevjande og har færre negative konsekvensar.

I den grad norske myndigheiter likevel meiner at utbygging av landbasert vindkraft i Noreg er ein nødvendig del av løysinga på klimakrisa, meiner Sirdal kommune dette bør skje innanfor klare nasjonale rammer som fastsetter kor mykje som kan byggast og kvar det kan byggast.

Annonse

Ei ramme for mengda vindkraft som kan byggast, må være fundert i nasjonal klimapolitikk og fastsettast som del av ein heilskap av klimatiltak, eigna til å oppfylle nasjonale og internasjonale klimamål.

Av omsyn til samla belastning bør ny utbygging så langt som råd leggast i nær tilknyting til eksisterande. Om det er stor usikkerheit knytt til mengda vindkraft som må byggast ut for å nå klimamåla, bør det stillast rekkefølgjekrav som sikrar at dei minst konfliktfylte prosjekta vert bygd ut først.

Viktige friluftsområde må også inngå som eit vurderingskriterium i arbeidet med den nasjonale ramma.

Ved eventuell vidare utbygging av vindkraft på land, må det i langt større grad takast omsyn til vertskommunane. Ordningar som naturressurskatt og konsesjonavgifter/kompensasjon til friluftslivstiltak bør innførast for vindkraft på lik linje med utbygging av vasskraft. MTA- planar bør underordnast kommunale reguleringsplanar, slik at kommunen styrer arealbruken i eigen kommune.

Sirdal kommune har allereie avstått store delar av sin natur til store inngrep knytt til vasskraft, overføringsnett av fornybar energi og vindkraftanlegg (eit under ferdigstilling og eit med konsesjon). Sirdal kommune krev difor at områda i Sirdal som ligg inne i forslaget til nasjonal ramme, vert tekne ut. Sirdal kommune støttar også at området mellom Sirdal vest, Bjerkreim og Gjesdal kommune vert teke ut av ramma. Dette av omsyn til eventuelle store naturinngrep og viktige friluftsinteresser.

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-08-13 17.27.26.png

Kommunen vil stoppe alle vindkraft utenom 6 og 7 på dette kartet.

Vurdering frå rådmannen

I høyringsbrevet skriv OED at departementet vil gå gjennom NVE sitt forslag og høyringsuttalane før det vert teke endelig stilling til politikken for vindkraft på land. OED ber om å få innspel til NVE sitt forslag til nasjonal ramme og til om det bør fastsettast ei nasjonal ramme for vindkraft på land.

Rådmannen oppfattar at departementet både ønsker prinsipielle innspel knytt til det å setje rammer for vindkraftutbygging på land og innspel som går konkret på innhaldet i NVE sitt forslag.

Bør det fastsettast ei nasjonal ramme for vindkraft på land?

Ja, definitivt. I den grad ein meiner det er nødvendig å bygge ut meir vindkraft på land, bør dette skje innanfor klare nasjonale rammer som fastsetter kor mykje som kan byggast ut, kvar det kan byggast. Dette burde vore gjort før ein sette i gang med utbygging av vindkraft i Noreg.

I samfunnet elles er det vanlig at større utbyggingar skjer etter ein overordna plan. Ein samla plan for vassdrag vart laga på 1980-talet. Gjennom nasjonal transportplan vert det lagt føringar for utbygging av infrastruktur for transport. Overordna føringar for arealbruk vert lagt i regionale planar og kommuneplanar.

Så langt har det vore liten politisk vilje til å drive overordna planlegging for vindkraft. Ansvaret for å finne eigna stader for utbygging har langt på veg vorte delegert til utbyggingsinteressene. NVE har – i mangel på overordna plan og strategi – vurdert søknad for søknad isolert, utan tilstrekkelig syn for heilskapen.

Ein har, som kartutsnittet nedanfor syner, fått ei relativt spreidd utbygging, prega av mange små og halvstore prosjekt. Dette er uheldig med tanke på samla belastning. Om ein i plassen hadde konsentrert utbygginga innanfor nokre strategisk utvalde område i landet ville belastninga for folk, natur og landskap i Noreg – samla sett– ha vorte mindre, sjølv om den naturleg nok hadde vorte større innanfor dei utvalde områda.

Oversikt over vindkraftkonsesjonar gitt på Sørvestlandet. Mørkegrønt syner utbygd vindkraft, lysegrønt vindkraft under utbygging og blått vindkraft som har fått konsesjon, men som ikkje er utbygd endå. Storleiken til sirklane reflekterer storleiken til kraftverka.

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-08-27 16.55.05.png

Forankring av nasjonal ramme for vindkraft i klimapolitikken

Rådmannen meiner det er behov for ei tydeligare forankring av nasjonal ramme for vindkraft i norsk klimapolitikk. Det er den globale klimakrisa som har vore det bærande argumentet for utbygging av vindkraft. Rådmannen kan ikkje sjå at det er andre omsyn som er tungtvegande nok til å legitimere denne forma for kraftutbygging i Noreg.

Er det nødvendig å bygge ut meir no? Kvifor er det nødvendig å bygge ut meir? Kor mykje er det nødvendig å bygge ut? Denne typen spørsmål er det truleg mange naturglade og klimabevisste folk rundt om i landet som stiller seg i desse dagar.

Rådmannen har følgjande spådom: Nasjonal ramme for vindkraft vil slite med å få legitimitet hjå befolkninga om ein ikkje klarer å gi gode og truverdige svar på desse spørsmåla.

For å verta truverdig, må behovet for utbygging definerast gjennom klimapolitikken. Rådmannen trur mange har behov for å sjå at vindkraftutbygginga inngår som del av ein planlagt heilskap av klimatiltak; og behov for å verta forsikra om at vindkraftdelen av «klimapakken» er nøye utmålt etter grundige avvegingar av fordelar og ulemper knytt til val av virkemiddel for å oppfylle nasjonale og internasjonale klimamål.

Klimakrisa er ei global krise som må løysast gjennom globalt samarbeid. Rådmannen meiner at det ikkje nødvendigvis er gitt at utbygging av vindkraft i norsk urørt natur treng inngå som ein del av løysinga.

Det internasjonale energibyrådet (IEA) publiserte i mai i år ein rapport der dei peikar på nøkkelrolla til atomkraft i overgangsfasen til eit klimavenleg energisystem. Atomkraft, som i 2018 stod for 10% av den globale elektrisitetsforsyninga, går no ei usikker framtid i møte i mange land.

IEA meiner det er risiko for ein bratt tilbakegang i bruken av atomkraft og åtvar mot klimakonsekvensane av dette. Trass rask vekst innan fornybar energi, vart det i 2018 sett ny rekord i energirelaterte klimagassutslepp. IEA forklarer dette med at veksten i etterspurnad etter elektrisitet overgjekk veksten i fornybar energi.

IEA vurderer det som både vanskelig og dyrt å gjennomføre eit skifte til eit klimavennlig energisystem utan tilskot av ny atomkraft og anbefaler difor ei rekke tiltak for å auke levetida til eksisterande atomkraftverk og stimulere til ny utbygging.

For å sette energimengdene det er tale om litt i perspektiv, vil rådmannen bruke det svenske atomkraftverket Ringhals som eksempel. Ringhals, som er eit av dei fem største atomkraftverka i Europa, hadde ein produksjon på 27,5 TWh i 2017. Dersom all vindkraft som har fått konsesjon i Noreg vart bygd ut (det vil sei nesten 23 TWh), ville det i likevel ikkje ha vore nok til å erstatte produksjonen til Ringhals. Det slåande her, i energipolitisk samanheng, er at i europeisk atomkraftverk frå eller til, kan ha større tyding for klimaet enn utbygginga av alle dei 85 konsesjonsgitte vindkraftverka i Noreg.

Når folk spør «er det nødvendig?», er det gjerne eit utrykk for usikkerheit knytt til valet av vindkraft som klimatiltak. Er alternativa tilstrekkelig vurdert? Er dei for dyre, eller vanskelige? Er alle steinar snudd? Er vindkraft siste utveg? Kva med solenergi? ENØK- tiltak? Opprusting og utviding av vasskraft? Pumpekraft? Matsvinn? Oljeutvinning? Oljeeksport? Bioenergi?

I Regionplan Agder 2030 er det eit mål at verdiskaping skal være basert på bærekraftig bruk av menneskelige ressursar og naturressursar. I regionplanen det i denne samanheng regulerbar kraft og overføringskapasitet som er prioritert. I kommuneplanen sin samfunnsdel har Sirdal kommune sett seg mål om å utvikle kommunen som Noregs vasskraftsenter. Kapasiteten i Ertsmyra transformatorstasjon kunne i denne samanheng godt ha vore øyremerka prosjekt for opprusting og utviding av vasskraft. Ein oppfattar potensialet som stort på dette området.

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-07-22 14.37.24.png

Innspel til NVE sitt forslag

Eit generelt trekk ved dei 13 områda NVE har peika ut som best eigna for ny utbygging, er at det er relativt lite eller ingen utbygging av vindkraft der frå før. Om ramma vert fastsett slik, vil den kunne bidra til ytterligare spreiing av utbygginga og auka den samla belastninga.

Dersom ein legg til grunn at norske myndigheiter meiner det er nødvendig å bygge ut meir vindkraft på land, vil utforminga av områda ein peikar ut som best eigna for utbygging avhenge av mengda ny vindkraft ein meiner det er nødvendig å bygge ut.

Etter rådmannen sitt syn bør ny utbygging så langt som råd leggast i nær tilknyting til eksisterande. Dette av omsyn til samla belastning for landet sett under eitt.

Ei utbygging av området mellom og Buheii- og Tonstad vindkraftverk ville i utgangspunktet kunne seiast å vera i tråd med denne føringa, men rådmannen meiner at det her er andre omsyn som talar i mot utbygging. Rådmannen vil i denne samanheng særlig trekke fram omsynet til hubro.

Hubroen er, som det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget bekreftar, særlig sårbar for forstyrringar ved hekkestaden og den er avhengig av gode jaktområde for å gjennomføre vellykka hekking.

I høve Ecofact var hekkebestanden av hubro i Sirdal noko usikker i 2017, men det var gjort positive registreringar av hubro frå ca. 15 territorier innanfor kommunen i 10-årspeioden før dette. I viltkartet til kommunen er tettleiken av hekkestader særlig høg frå Tonstad og sørover på begge sider av Sirdalsvatnet.

Rådmannen legg til grunn at den samla belastninga for hubro er aukande i denne delen av kommunen. Dette grunna utbygginga av Ertsmyra transformatorstasjon, Tonstad vindkraftverk, utbygging av hytter i Josdal og ei forventa utbygging av Buheii vindkraftverk i Kvinesdal kommune.

Utbygging av vindkraft kan komme i konflikt med kommuneplanen sin samfunnsdel, der kommunen mellom anna har sett seg mål om å bevare attraktive natur- og friluftsområder, satse på heilårsturisme, etablere naturbasert reiseliv, skape verdiar av Kjeragtrafikken og vidareutvikle Sirdal fjellmuseum som ein naturleg innfallsport til verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane med Heibergheiane og Kjerag.

Det vert satsa tungt på reiseliv og hytteutbygging i Sirdal kommune. Kommunen har omlag 4 300 fritids-bustad-einingar, fleire skitrekk og eit omfattande nettverk av turstiar og skiløyper. Det er registrert viktige og svært viktige regionale friluftsområder i store delar av kommunen.

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-08-27 16.59.29.png

NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft skal bygge på kjent kunnskap om ulike tema som blir vurdert for å finne eigna områder for vindkraftutbygging på land. Det er difor underleg at NVE har utelatt å bruke kartleggingar av viktige friluftsområder, ofte som egne fylkesdelplanar, når NVE har valt ut områder for vindkraft. NVE forklarer utelatinga av dette vurderingskriteriet med at det er nokre få fylker som manglar fylkesdelplan for friluftsliv. Dette er ikkje i tråd med metodikken som elles er nytta i arbeidet med nasjonal ramme for vindkraft. Dersom viktige friluftsområde også hadde vore med i vurderingane, ville nasjonal ramme for vindkraft truleg sett annleis ut enn det gjer i høyringsutkastet.

Forslaget til nasjonal ramme for vindkraft må også sjåast i samanheng med manglande økonomiske kompensasjonsordningar til vertskommunar for vindkraft. I dag får kommunane berre eigedomsskatt frå vindkraftanlegga. Dette er sårbart for kommunane og står ikkje i forhold til dei inngrepa som vert gjort lokalt. Ordningar som naturressurskatt og konsesjonavgifter/kompensasjon til friluftslivstiltak bør innførast for vindkraft på lik linje med utbygging av vasskraft.

I praksis gir utbygging av vindkraft få lokale arbeidsplassar i driftsfasen til vindkraftverka. Ofte inngår service- og garantiavtaler i kjøpet av vindmøller. Service- og vedlikehaldsarbeid vert gjerne utført av utanlandsk arbeidskraft som ikkje nødvendigvis vert skattemesseg busett i vertskommunen.

Mange vindkraftprosjekter vert utvikla av mindre selskap som må innhente ekstern kapital for å bygge vindkraftverket. Regulatoriske krav gjer at norske selskap (typisk livselskap) ikkje kan investere meir enn 50 % i eit vindkraftverk. Dermed står ein att med utanlandske selskap som finansieringskjelde. Desse er ofte meir enn nøgde med 4-6 % årleg avkastning på kapitalen, samanlikna med negative renter på tyske statsobligasjonar. Sirdal kommune har erfart at utanlandske selskap si forståing av lovnadar, erklæringar og avtalar kan avvike noko frå den alminnelege norsk forståinga av kva det vil sei å halda ord og avtalar.

Utbygging av vindkraft er unntatt plan- og bygningslova sine reglar om krav til reguleringsplan m.m. Sirdal kommune har dårlege erfaringar med NVE og OED si handtering av detaljplan og miljø-, transport- og anleggsplanar (MTA-planar), som kjem i plassen for ein reguleringsplan vedteken av kommunen. Kommunen har fått lite gehør for krav om at konsesjonsvilkår om involvering av kommunen og lokalsamfunnet må oppfyllast. Rådmannen meiner at MTA-planar i framtida bør underordnast kommunale reguleringsplanar, slik at kommunen styrer arealbruken i eigen kommune.