Hjem>Kultur>Frå tradisjonar til nyskapande kreativitet!
Kultur Nyhet

Frå tradisjonar til nyskapande kreativitet!

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-10-02 15.16.26.png

Eining for kultur ønskjer velkomen til Sirdal Bygdeutstilling 2019. Utstillinga er open i kulturhuset (festsalen) måndag 7. oktober til fredag 11. oktober, kl. 18.00 til 20.00.

Utstillinga syner kreativt arbeid frå ti aktørar, innanfor ulike kategoriar. Utstillarane bur i Sirdal eller har ei viss tilknyting til staden. Nokre av produkta er for sal medan andre er kun utstilling. Det er stort mangfald i teknikk og sjanger, publikum kan m.a. oppleva ulike tradisjonelle formar for skjering og dreiing av tre, og rosemaling. Det vert òg utstilt vevde variantar av Sirdalsteppet, og andre vevde produkt som teppe, løpar og duk.

Av andre teknikkar innanfor tekstilkunst, kan ein nemne toving av ull og svært kreativ saum. Innanfor biletkunst er det både maleri (olje og akryl), fotografi, biletvev og tova (ull-) bilete.

Utstillarane:

1. Målfrid Kvæven (vev)

Annonse

Deltek på utstillinga med to vevde tepper. Det eine er eit Sirdalsteppe frå Fidjeland. Målfrid pleier å veve på vevstova i Omlidhuset, som er ein del av tilbodet til Sirdal Husflidslag. Busett på Omlid.

2. Tor Josdal (trearbeid)

Tor er frå Josdal og har alltid vore interessert i trearbeid. Han har fleire gjenstandar og møblar heime som han laga som ung gut. På utstillinga syner han fram ulike gjenstandar, m.a. klokke, fat og kubbestol.

3. Sirdal aktivitetssenter, Tunga (vev)

På «Tunga» har det vore stor aktivitet i mange år, med vevstolar og sosialt samvær. Her er det samling kvar måndag, og på Bygdeutstillinga syner dei fram noko av arbeidet her.

4. Gunn Marit Halvorsen (biletkunst, maleri)

Gunn Marit flytta «heim att» til Tonstad i 2011, etter fleire år i Bergen. Ho har alltid vore opptatt av teikning og maling, og det er særs akryl ho arbeidar med.

5. Elfrida Netland (biletkunst, maleri og rosemåling)

Elfrida har i mange år vore opptatt av maling, både rosemaling og biletkunst (oljemaling). Ho malar ofte motiv frå nærmiljøet og lokalhistoria. Busett på Tonstad.

6. Inger Feed (biletvev, trykk på saueskinn, ulike tekstilprodukt)

Inger er ein multikunstnar! Ho arbeidar kreativt innanfor mange felt, både figurative trykk på saueskinn, biletvev, glassfat, spikking av trefigurar, strikking m.m. På denne utstillinga har ho med seg eit utval av det ho lagar. Busett på Feed.

7. Silje Martine Mikalsen (fotografi m.m.)

Familien er frå Sirdal, men Silje er i dag busett i Kristiansand og arbeidar som fotograf. På utstillinga kan ein sjå eit utval fotografi samt andre produkt ho har laga.

8. Torill Husum Tjørhom (biletkunst, maleri)

Torill er busett på Tonstad og har dei siste åra laga mykje flott biletkunst. Ho likar å arbeide med formidling i maleria, gjennom fargar og former mot det abstrakte, miksa saman med det figurative.

9. Ann Karin Sele (saum og tekstil, ulike produkt)

Ann Karin har alltid hatt stor interesse i å sy. Ho er veldig kreativ og likar å eksperimentere med ulike tekstilar og teknikkar. Ann Karin er glad i fargar, og legg vekt på at det ho lagar har god kvalitet og kan brukast. Busett på Tonstad.

10. Elfrid Ovedal (trearbeid)

Elfrid har alltid vore glad i naturen og hentar mykje inspirasjon der. På utstillinga har ho med nokre treprodukt ho har dreia. Ho likar å arbeide med tre, og betraktar dette som eit nært møte med naturen. Busett på Tonstad.

11. Karin Tove Netland (toving av ull m.m.)

Karin Tove er ein multikunstnar av dei store! Ho er veldig kreativ og fargerik – noko som produkta hennar gjenspeglar. Til dagleg driv ho Sirdal Ullstove, og på Bygdeutstillinga får ein sjå litt av hennar kreativitet.