Hjem>Front>Forslag til tiltak uroar 11 Sirdølar
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-11-26 10.10.33.png

Forslag til tiltak uroar 11 Sirdølar

11 Sirdølar har kome med innspel til formannskapet si innstilling til Rådmannen sitt budsjettforslag. Desse er:
Hilde Marie Hadland,Torger Åge Sinnes, Magne Ådneram, Selma Kvæven, Mona Ousdal, Ingrid Kornelia Bjørndal, Anders Tjørhom, Ole Tom Sinnes, Gunhild Kvinen, Gunn Iren Josdal, Jørgen Ådneram

Formannskapet i Sirdal Kommune kom 5.12.2019 med ei innstilling til rådmannen sitt budsjettforslag. Med eit uttalt ønske om å betre økonomistyringa i kommunen er det der utarbeida eit vedlegg til budsjettet med ein del store endringar. Nokre av desse tiltaka uroar oss medan andre forundrar oss og me ønskjer difor å komme med eit innspel i saka.

Bakgrunnen vår

Me har alle ein bakgrunn med oppvekst i Øvre Sirdal og er alle tidlegare elevar ved Sinnes skule. Dei fleste har flytta ut av Sirdal for ein periode for å ta utdanning, for så å vende heim att til bygda me er glad i. Nokre av oss har med sambuarar eller ektefeller på lasset, og det har for mange ført til barn som går i Øvre Sirdal Barnehage eller på Sinnes Skule. Det er felles for alle at me ser tilbake på ein trygg og god oppvekst og valde å flytte heim mellom anna av den grunn. Me er stolte av å vera sirdølar og me ønskjer at flest mogleg skal oppdaga fordelane ved å bu i ein kommune som Sirdal, og bli ein del av lokalsamfunnet vårt.

Kvifor er me uroa?

Sinnes skule:

Annonse

Endringane som er gjort i formannskapet si innstilling til budsjettet er for oss svært uroande. Det var mange som var glade då det vart vedteke å gjera ei skikkeleg opprusting på Sinnes skule etter mykje planarbeid og politisk behandling. Behova for tiltak er omfattande og avtalen som er inngått med Bilstad Bygg er utarbeida av ei godt samansett prosjektgruppe med varierte bakgrunnar. Planen har blitt utarbeida over lengre tid og med ein langsiktig løysing som mål. Ombygginga vil gje skulen eit godt og heilskapleg løft og vera eit godt “lokkemiddel” for familiar som vurderer å busetta seg i Øvre Sirdal. Formannskapet si innstilling om å ta denne saken ut av investeringane, samt uttaler i media frå ordførar og varaordførar om at ein skal “gjera det som arbeidstilsynet kjem med krav om” er skuffande. Det heile gjer eit preg av «brannslokking» av pålegg frå fylkesmann og arbeidstilsyn, meir enn satsing på skulen. Dette er me ikkje nøgde med.

Biblioteket og Kvæven bygdetun og turistinformasjon:

Bibliotekstillingen på Sinnes har bidrege til å skape ein sosial møtestad for mange familiar, særleg mange med born i borneskulealder. At denne stillingen vert kutta utan nokon form for utgreiing om kva som vil skje vidare uroar oss. Vert stillinga dekka inn frå bibliotekarstillinga som høyrer til biblioteket på Tonstad eller vert det rett og slett eit dårlegare tilbod på Sinnes? Dersom det er ein plan for biblioteket bør dette vera ein del av teksten i vedlegget for å unngå misforståingar og trygge innbyggarane i Øvre Sirdal eit levande bibliotek også i framtida.

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling på Kvæven. Arbeidet der har gjeve oss ulike formar for arrangement og opplevingar og på denne måten vorte ein møteplass og formidlar av tradisjonar og kultur i Sirdal. Att det vert gjort kutt i museumsstillingen og turistinformasjonen utan noko form for vidare plan uroar oss. Det er tidlegare vedteke at det skal satsast på vidareutvikling av Kvæven. Kva slags vurderingar ligg til grunn for å vedta kuttet på Kvæven, anna enn at ein får ein million meir å rutte med i budsjettet? Kva er planen vidare for området dersom kuttet blir gjennomført?

Kva forundrar oss?

Forslaget om å avbryte kontrakten med Bilstad Bygg om ombygginga av Sinnes Skule er for oss vanskelig å forstå. Det vil uansett vera nødvendig å investere i skulen om ein skal rette seg etter lovar og krav. Det einaste ein med sikkerhet kan seie er at utbyttet av pengane som vert brukt blir langt dårlegare om ein vel å bryte avtalen og byrje på nytt. Slik den økonomiske situasjonen i kommunen og dei faktiske forholda på skulen er, burde skuleombygginga vera svært høgt prioritert og behalde i budsjettet.

Også her byrjar ein å lure på kva slags vurderingar som ligg til grunn for vedtaket. Er det meir enn «Det må vera mogleg å gjera dette på ein billigare måte»? Dersom det finns ein plan B bør denne presenterast og leggjast til grunn før ein eventuelt seier opp den gjeldande

kontrakten. Dersom det ikkje finns ein plan B minner dette om bingo med skattebetalarane sine pengar. Då kan det vanskeleg forsvarast å gjera eit så drastisk vedtak.

For å gjera det litt enklare å forstå kvifor me meiner forslaget om å avbryte kontrakten er feil har me laga ein tabell som syner nokre av dei viktigste følgene me meiner rådmannens og formannskapets forslag vil få.

Forhold som taler i fordel av rådmannen sitt forslag Rådmannen Formannskapet
Avtale Ein godt utarbeida og heilskapleg avtale med gode utsikter for skulen. Totalentreprise. Ingen avtale og usikre utsikter for skulen og kommunens utlegg.
Pengebruk Mykje skule pr. krone. Lite skule pr. krone.
Prioriteringar Satsing på heile dalen. Oppfatting av at Øvre Sirdal vert nedprioritert.
Tilflytting/fråflytting Positivt for potensielle tilflyttarar og for å behalde familiar i lokalmiljøet. Dårlig reklame for barnefamiliar.
Langsiktighet Ein skule som er trygg og god og klar for mange nye år med elevar og lærarar i gangane. Lukking av pålegg frå fylkesmannen, men framleis ein sliten skule som treng omfattande vedlikehald og oppgraderingar.
Ry Ein positiv sak for kommunen, innbyggjarar og skulen. Negativ omtale i media, frustrerte innbyggjarar og ein pinleg sak for kommunen.

Håpet

  •  Me håper at politikarane kjenner til fjellvettregelen om at «Det er ingen skam å snu».
  •  Me håper at dei samarbeidande partia har fått eit endra syn på saka etter at innstillinga vart lagt fram, mellom anna frå ulike innspel og FAU si omvisning for politikarane på Sinnes skule.
  •  Me håper dei ser at ombygginga er nødvendig og at «brannslukking» er eit dårleg alternativ.
  •  Me håper dei forstår kor viktig Sinnes skule er for lokalmiljøet i Øvre Sirdal og at dei finn tilbake til tankane frå partiprogramma om å prioritera begge skulane i kommunen.
  •  Me håper dei ser dei negative konsekvensane som bygger seg opp med tanke på splitting av innbyggjarar i dalen dersom ein held fram med prioriteringar lik dei som no er presentert.
  •  Me håper dei ønskjer å ta sitt ansvar og gjera sin innsats for å samla innbyggjarane i dalen, som nokre av dei viktigaste kulturbyggjarane i kommunen.
  •  Me håper at borna våre vil vera like stolte av å vera sirdølar når dei ein dag reiser ut av dalen som vi var.
  •  Me håper at borna våre ein gong i framtida skal ønskje seg heim att til ein kommune som satsar på og tek vare på alle, både dei unge og eldre eller om dei kjem frå Ådneram, Tonstad eller Oftedal.
  •  Me håper ingen må finne fram att slagordet me sleit med for nokre titals år sidan; «Sirdal, ein god stad å snu».