Home>Front>Heim te jul
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-12-16 08.44.26.png
Front Kultur Nyhet

Heim te jul

Eining for kultur ønskjer alle vel møtt til ein lun førjulskveld i kulturhuset, der ein inviterer til ein annleis julekonsert med lokale aktørar. Det vert eit variert program frå scenen, og publikum kan glede seg til julesongar framførd av ulike aktørar, diktlesing og historieforteljing. Det er lokale aktørar på scenen, ei god blanding av folk som bur i dalen, og nokon som kjem heim til jul.

Jula er for mange knyta til tradisjonar, og det er ingen høgtid som har så sterke forventningar som denne. Mange kan kjenne seg igjen i kjensla av å koma heim til jul, eller det å vente på nokon som er på veg heim. Den store gleda av å endeleg vera samla, for å setja seg ned i lag å finna ro.

I Sirdal kulturhus den 21. desember vil ein prøva å finna fram til nettopp denne roen. På scenen er det ulike artistar som skal framføre julesongar, publikum kan glede seg til å høyra Klokkene kallar, Mitt hjerte alltid vankar, Home for Christmas, Have yourself a merry little Christmas, Deilig er jorden med mer. I tillegg vert det diktlesing frå Vigdis Maria Tjørhom (som er oppvaksen i GP krysset), og historieforteljing frå Tore Kvæven (som er med i årets hefte «Juleroser», red. Herborg Kråkevik).

Eining for kultur har eit mål om at «Heim te Jul» kan bli eit årleg evenement, med ulike aktørar på scenen frå år til år. Dette året får publikum nærare kjennskap til: Ingrid Kornelia Bjørndal (song), Sirdal blandakor (song), Vigdis Maria Tjørhom (diktlesing), Sirdal Kraftkor (song) Tore Kvæven (historieforteljing), Juliane Kydland (song).

Forestillinga er laurdag 21. desember kl. 19.00 i Sirdal kulturhus (kinosalen). Billett kan kjøpast på www.sirdal.kommune.no eller i Servicetorget. Billettpris kr. 200,-

Det vert servering av gløgg og peparkaker i foajeen frå klokka 18.00. Etter konserten er det høve til å kjøpa juleheftet «Juleroser», og få det signert frå Tore Kvæven.

Annonse

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-12-16 08.44.46.png

Om dei ulike aktørane:

Ingrid Kornelia Bjørndal

Ingrid er oppvaksen på Tjørhom, og har tidlegare vore elev på Sirdal kulturskule. Ho flytta til Sandnes for å gå på vidaregåande skule (musikklinja). Etter det har ho gått vidare med musikk, og har utdanna seg vidare på Sunnmøre Folkehøgskule, i Vejle og i København. Heilt sida ho var lita har ho funne store glede i song og musikk, og brukte mykje av fritida si på å lære seg ulike instrument, og utvikle seg innan songteknikk. Ho har no flytta tilbake til Sirdal, og har for tida jobb ved kulturskulen der ho underviser i song, medan ho arbeider på sitt første album.

Sirdal Kraftkor

Kraftkoret starta opp hausten 2015. Det var syskenflokken Moen, med Ragnhild og Øyvind i spissen, som tok initiativ til dette. Sysknene har alltid vore glad i å synga og har lenge prata om å starta opp eit kor. Til slutt bestemte dei seg for at «no gjer me alvor av det» – og gjorde det til ein realitet.

Deira intensjon var ikkje å opptre, men å samlast for øvingar og sosialt samvær. No har dei fått mange medlem av koret, og dei øver ei gong i veka. Song gjev mykje glede og nye venskap.

Vigdis Maria Tjørhom

Vigdis Maria er oppvaksen i Sirdal, nærare bestemt i GP krysset. Ho flytta til Stavanger, og har budd der heile sitt vaksne liv. Ho har alltid vore glad i å skriva, og den fyrste diktboka hennar kom ut i 2014. Etter den, har det blitt 3 bøker til. Vigdis Maria vil gjerne sei mest mogleg med få ord. Ho har eit ønskje om at lesaren sjølv skal gjenkjenna, og tenka vidare for seg sjølv.

Me treng alle å stoppa opp litt innimellom, og reflektera over dei små – og store – ting i livet.

Sirdal blandakor

Sirdal blandakor er ein gjeng songglade menneske i ulike aldrar som syng ulike typar musikk. Dei har øving kvar torsdag i Tonstad kyrkje, og leiar for koret er Kjetil Øygard Eidevik. Blandakoret har det veldig kjekt i lag, og dei har eit stort ønskje om å få fleire medlem i koret. Så dei vil sei til alle at du er hjarteleg velkomen, ung eller gamal, kvinne eller mann – dei har plass til deg!

Tore Kvæven

Tore Kvæven er frå Kvæven. Han debuterte som forfattar i 2011 med romanen «Hard er mitt lands lov», og han hausta mykje god omtale hjå anmeldarane. Han har òg skrive barneboka «Kameljegeren» i 2013. I 2018 kom romanen «Når landet mørknar» som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris 2019. Han fekk tildelt Kulturprisen frå Sirdal kommune same år. I tillegg til å vera forfattar, er Tore Kvæven sauebonde og lærar.

I årets hefte «Juleroser» kor Herborg Kråkevik er redaktør, har Tore Kvæven skrive historia «Under stjernene».

Juliane Kydland

Juliane er oppvaksen i Sirdal, på Skibelid. Ho er no utdanna tannpleiar og arbeidar og bur for tida i Oslo. Ho har ei stor interesse (og talent) for song og musikk, noko som har vore hennar store interesse heile livet. Medan ho budde heima var ho elev på Sirdal kulturskule kor ho stortrivdes.

Dei siste åra har det vore noko stille på musikkfronten for Juliane, men på sida av sin interesse for tenner så har ho eit ønskje om å drive meir med musikk igjen.

C:\Users\gko\Desktop\Heim te Jul 2019\Bilde Teaser Heim te jul.jpg