Home>Kommunen>Likeverdige skular i Sirdal ?
Kommunen Nyhet

Likeverdige skular i Sirdal ?

Av Anne Fosse Tjørhom – verneombod Sinnes skule

( Verneombodet har sendt eit brev til politikarane angående utbygging av Sinnes skule. Saka kjem opp til politisk handsaming torsdag).

KJÆRE POLITIKARE!

Tusen takk til de av dykk som har vist forståing for, og hatt eit ynskje om å skapa to likeverdige skular i Sirdal. Eg skulle ønskja at alle politiske parti ville hatt eit ynskje om det beste for barn og unge i dalen, også for dei som går på Sinnes skule. Ja, det er sjølvsagt snakk om økonomi, men ikkje berre det. Sirdal kommune er blant Noregs ti rikaste kommunar. (https://kommunal-rapport.no/okonomi/2018/05/her-er-de-rikeste-og-fattigste- kommunene) Er det berre økonomi, eller spelar prioriteringar også ei rolle når me snakkar om utbygging av Sinnes skule?

Sinnes skule har venta i mange år på ei utbygging og oppgradering. Me hadde ynskje og behov tilbake på den tid når Tonstad skule skulle byggast ut. Då var svaret me fekk at no var det fokus på Tonstad skule, men etterpå skulle ein prioritera Sinnes. Så veit me jo at det enda med overskridingar, noko som gjorde at det ikkje var aktuelt å bruka pengar på Sinnes likevel. Me venta vidare, for etterkvart skulle det jo bli vår tur. Men så skulle Tonstad barnehage byggast om, og etterpå skulle Sinnes prioriterast. Det blei to byggetrinn for barnehagen, så det drog ut før Sinnes skule kunne prioriterast.

Ikkje misforstå. Både Tonstad skule og Tonstad barnehage hadde behov for nye og betre bygg, så det unner eg dei heilhjarta. Mitt hjartesukk er at det er veldig uheldig at me nå har stått i kø i årevis, og at resultatet er at kommunen no ikkje har «råd» til å prioritera Sinnes skule likevel.

Eg fekk eit håp om at me skulle bli prioriterte då det blei oppretta ei arbeidsgruppe som skulle koma med eit forslag for å løysa dei fysiske utfordringane skulen hadde. Arbeidsgruppa sette i gang arbeidet sitt i mai 2016, og etter det har det vore mange rundar og mange møte. Arbeidsgruppa kom til slutt fram til eit godt resultat, som både tok omsyn til elevane, lærarane og andre tilsette sitt fysiske arbeidsmiljø. Som verneombod er eg sjølvsagt opptatt av at arbeidsmiljøloven skal oppfyllast, men det er sannleg eit minstekrav. Eg synest også at elevane på Sinnes skule skal ha eit godt og trygt fysisk og psykisk miljø. Det psykiske miljøet kan lærarane handtera sjølv, men me treng hjelp til å utbetra det fysiske.

Annonse

Når det no ser ut til at nokre politikarar er villege til å nytta over 5,5 millionar kroner på å kansellera ein kontrakt, så blir eg mildt sagt oppgitt. Har dei tenkt på kor mykje pengar som har blitt brukt også utanom kontrakten til arkitekt, deltakarar i gruppa og innkjøpsassistanse? Kor mange timar byggekomiteen har nytta – både av arbeidstid og fritid? Komiteen fekk i oppdrag å utarbeida eit forslag der utfordringar knytta til arbeidsplassar, garderobar, toalett, varme, ventilasjon, universell utforming og rehabilitering skulle løysast. Som verneombod ser eg at problematikken med snøras vinterstid er løyst på både eldre og nye delar av bygninga. Eg ser vidare at utfordringane med t.d. universell utforming, arbeidsplassar for lærarane, garderobar, møterom, varme og ventilasjon er løyst. Eg var veldig fornøyd med resultatet, både med tanke på tryggleik og oppfylling av lovkrav!

Dei siste åra har eg fleire gonger påpeika utbetringar som burde vore gjort. Svaret frå kommunen har vore: «Me gjer ingen ting, for skulen skal jo byggjast ut snart». Tja! Det ser jo dårleg ut no, når ein høyrer på nokre av politikarane. Eg har heller ikkje sett at nokon har kome med eit anna forslag til løysing.

Som verneombod ønskjer eg ei snarleg avklaring på korleis utfordringane med skulebygget skal løysast.

Foto: Verneombod Anne Fosse Tjørhom i samtale med ordførar Jonny Liland (ap) under orienteringa onsdag på Sinnes skule.