Hjem>Friluft>Ekstraordinær bandtvang for hunder

Ekstraordinær bandtvang for hunder

Med heimmel i lov om hundehold (hundeloven) av 4. juli 2003 § 6 andre ledd, bokstav f, har Sirdal kommune 24. januar 2020 fastsett følgjande forskrift:
  1. Det vert innført ekstraordinær bandtvang i Sirdal kommune frå og med Liland og nordover for å beskytte villrein som er i ein sårbar situasjon grunna ekstremt isete beiteforhold.
  2. Hundar skal haldast i band, eller vera forsvarlig innestengt eller inngjerda.
  3. Forskrifta trer i kraft straks og er gjeldande fram til 1. april. Sirdal kommune vil oppheve bandtvangen straks tilhøva tilseier det.
  4. Forskrifta kan klagast inn for Fylkesmannen i Agder.

Grunngjeving

Den siste veka er det observert villrein langt sør for Brokke–Suleskardvegen. Det vert rapportert om ekstremt isete beiteforhold som gjer det vanskelig for villreinen å finne gode beiteplassar. Under slike tilhøve kan randområda i Sirdal vera viktige for villrein som trekk nedover på leiting etter mat. Ein kan forvente at dyra som kjem er svekka og sårbare for forstyrringar. Om dei vert jaga eller på andre måtar forstyrra, lyt dei bruke verdifull energi på flukt. Dette kan i verste fall føre til tap av dyr. Hundar kan bevege seg raskt over store områder og valde stor forstyrring.

Prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8–12 er lagt til grunn som retningslinjer for avgjersla. Kommunen viser i den samanheng særlig til føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 der det står at mangel på kunnskap ikkje skal brukast som argument for å utsette eller unnlata å treffe forvaltningstiltak når det føreligg risiko for alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfald. Samanstilt med føreliggjande kunnskap om beitesituasjonen, sårbarheita til dyra og skadepotensialet til lause hundar, er dei villreinobservasjonane kommunen har fått kjennskap til vurdert som tilstrekkelige til å oppfylle krava til kunnskap i naturmangfaldlova § 12.