Hjem>Sport>Sesilåmi>Forvaltar sier nei til Sesilåmi i år
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2020-02-14 17.26.36.png

Forvaltar sier nei til Sesilåmi i år

Løyvet til arrangementet Sesilåmi vert trekt inn for 2020, skriver verneområdeforvalter, Jørn Trygve Haug i Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane (SVR) i sin konklusjon til styret som treffast på mandag. Der tas den endelige avgjerda blant 13 styremedlemmer.

Forvalter legg vekt på at det er observert meir villrein i området enn tidlegare år. Beitesituasjonen for villreinen er særleg vanskeleg i år og det er særleg viktig at dyra får ro der dei er. Ei forstyrring frågjennomføring av rennet vil difor vera meir alvorleg enn i normalår. Vilkåra som ligg i løyvet er det som har gjort det forsvarleg å kunne tillate eit stort turrenn gjennom sentrale vinterbeite i eit

verna område.

Vurdering av forvalter

Utgangspunktet må vera at å trekke inn løyvet skal vera eit verkemiddel som berra skal nyttast i

heilt spesielle tilfelle. Som nemnd i innleiinga vil det uansett liggje ein sikringsventil i at preparering med spor skal avsluttast om det er villrein i området.

Annonse

Sesilåmi har ein lang tradisjon og ei avlysing vil vera særs uheldig for eit arrangement som dei seinare åra har jobba mykje med å få opp tal på deltakarar. Enkelte år har dei også måtte avlyse grunna vertilhøva. Arrangør har beskrive moglege konsekvensar i epost datert 28.2.2020:

«Stiftelsen Sesilåmi eies av 4 idrettslag som stiller med ca 200 funksjonærer og jobber ca 3500 dugnadstimer. Vanligvis gir dette en dugnadsinntekt til klubbene. En avlysning av Sesilåmi vil kunne få alvorlige økonomiske konsekvenser for Sesilåmi på kort sikt. Et underskudd er sannsynlig. Samtidig vil en avlysning i år kunne bli utfordrende for Sesilåmi si framtid»

På den annan side er det verneomsyn, der villrein er ein del av verneføremålet, som må vege tyngst i verneområdestyret sin avgjerd. Særleg krevjande vert det når ei slik avgjerd skal takast

basert på kunnskapen ein har i dag, og der situasjonen kan endre seg fram mot renndagen.

Gjennom vinteren går villreinen på sparebluss og der den er avhengig av å tære på reserver opparbeida gjennom sommar og haust. Så lenge den har rimeleg god tilgang på beite, og kan halde seg i ro der, vil dei fleste klare seg greitt gjennom vinteren. Forstyrring vil redusere beitetida og dei må nytte ekstra ressursar til forflytting. Simlene er særleg utsett då dei skal ha overskot til å bera fram kalv.

Sesilåmi går igjennom viktige vinterbeite og det er vanleg at det oppheld seg villrein i nærområda til traseen. Eit vesentleg spørsmål må vera om det er særskilte tilhøve i år som tilseier at det er trong for å vera ekstra varsam med forstyrring i området. Ut frå rapportar frå SNO veit vi at store område i høgheia har isa ned og gjeve vanskelege beitetilhøve for

villreinen. Observasjonar både av SNO og andre tyder på at dei har trekt lenger sør og vest en

det dei gjer i normalår. Ein må gå ut i frå at dette heng saman med beitetilhøva og der dei i

større grad må ut i randområda for å finne beite. I slike situasjonar vil det vera særleg viktig at

dei får ro der dei er. Dei vil også ha færre alternative beiteområde om de på grunn av forstyrring må trekke vekk. I området der renntraseen går er det observert fleire dyr, og spreidd på fleire mindre flokkar enn det som har vore tilfelle i normalår. Ein må gå ut i frå at dei vanskelege beitetilhøva vi halde seg ei tid framover. Villreinen observert i området vil sjølvsagt kunne finne på å flytte seg fram mot renndagen, eller fleire kan trekke inn i same område.

Gjennomføring av Sesilåmi inneber ein massiv aktivitet men avgrensa til eit fåtal dagar og med

størst omfang renndagen og dagen føre. Desse dagane må ein legge til grunn at aktiviteten vil

vera av eit slikt omfang at villrein i nærområda til traseen vil trekke vekk. At villreinen vert

forstyrra vil vera ein akseptabel konsekvens i normalår. Med dei særskilt vanskelege

beitetilhøva i år vil ei forstyrring vera meir alvorleg.

Grunnpreparering og sporsetting i forkant

betyr også ein del aktivitet men der det i første rekke vil vera villrein i umiddelbar nærleik til

traseen som vert påverka. Om arrangør utsett grunnprepareringa vil dette sjølvsagt vera

positivt i høve til forstyrring.

Sesilåmi har i fleire år levd med, og akseptert, vilkåra om at løyvet kan trekkast inn om tilhøva

for villreinen tilseier det. Om arrangementet ikkje kunne leve med desse vilkåra kunne dei ha

nytta høvet til å klage på vedtaket. Vesentleg her må også vera at det nettopp er desse vilkåra

som gjer at verneområdestyret har meint det har vore forsvarleg å gi løyve til å arrangere eit

stort turrenn gjennom sentrale vinterbeite i eit verna område.

Om løyvet til arrangementet ikkje vert trekt inn i år er det vanskeleg å sjå føre seg seinare situasjonar der dette blir aktuelt. Ein skal merke seg at arrangør i følgje vilkåra skal avslutte preparering med spor om det er villrein i området. Dette uavhengig om det er ein særskilt vanskeleg beitesituasjon eller ikkje.

Løyvet vart gjeven med vilkår om at «Heile eller delar av tillatelsen kan trekkast tilbake med

omsyn til villrein». Verneområdestyret skal i denne saka ta stilling til om dei vil trekke tilbake

løyvet slik vilkåret opnar for. Ein konsekvens av dette vil sjølvsagt vera at rennet må avlysast.

Verneområdestyret må merke seg at sjølv om løyvet ikkje vert trekt inn må arrangør halde seg

til dei andre vilkåra som ligg i løyvet. Av desse nemnast særskilt:

Statens Naturoppsyn skal kontaktast når forberedelsene av arrangementet begynner.

Dette for informasjon om hvor dyra står. Arrangøren må tilpasse aktiviteten etter desse

opplysningene