Home>Front>Kommuneskifte
Front Kommunen

Kommuneskifte

Av Tore Kvæven

For ikkje så svært mange år sidan gjorde politikerane i Sirdal ei rad vedtak som vart svært upopulære i øvre del av dalen. Dette gjekk på vedtak om sal av Omlidhuset, sal av Grendehuset og avkorting i midlar til løypekøyring. Eit folkeleg opprør blant øvredølane førte fram i den forstand at politikarane gjekk tilbake på fleire av vedtaka sine.

Den siste tida har me fått ein ny runde saneringar. Vedtak om kutt i allereie på førehand minimaliserte stillingar. Museumsbestyrar i 50 % stilling. Turistinformasjon i 50 % stilling. Viljen til å satsa på skulen og elevane på Sinnes har også vore prega av vingling og utsetjingar.

Blant politikarene er viljen til å satsa på denne delen av dalen svært mangelfull, og det har han vore alt for lenge. Sjølvsagt er det ikkje på alle felt me er avhengige av politisk velvilje. Øvredølane sjølv har stor evne til å trø til når det trengst. Det beste eksempelet er skiskyttarstadion av nasjonal standard som no står ferdig på Tjørhom. Denne er stort sett bygd av eldsjeler og på dugnad.

Men når det gjeld busetjing er grenda vår svært sårbar. På dette felt har utviklinga gjennom lang tid heller vore negativ enn positiv. Får dette fortsetja kan også skulen på lengre sikt bli truga. Det er i dette perspektivet det kjennest svært feil at arbeidsplassar det burde vore sjølvsagte å satsa på her oppe; turistinformasjon og museumsbestyrar, blir nedprioriterte. Om ein ikkje vil satsa på turisme og fjellmuseum i dette, som er eit av landsdelens viktigaste turistområde, kva vil ein då satsa på?

Så kunne ein sjølvsagt velga å svelga også desse kamelane. Det ville vore det enklaste. Men med tanke på framtida må ein til sist stilla seg spørsmålet; kor sunt er det eigentleg å eta kamelar? Eller sagt på ein annan måte; om ein blir verande i ein kommune der det politiske tyngdepunkt utviser i beste fall lunken interesse for vårt ve og vel, har då ikkje tida kome for å vurdera å skilja lag?

Annonse

Problemet her oppe er at me har ikkje så mykje å gå på. Om nedgangen i t.d. elevtalet på skulen skulle fortsetja, vil ein til sist koma til eit punkt der foreldra sjølv byrjar å stilla spørsmålsteikn ved skulen. Dette var medverkande faktorar då skulane på Øksendal og Lunde vart nedlagte. Om ein skulle koma dit er svært mykje tapt for det som alltid tidlegare har vore sterke og livskraftige grender.

Det som bør vurderast er å skifta kommune. Altså å vurdera ei justering av kommunegrensa slik at grendene i Øvre Sirdal vert ein del av Gjesdal kommune. Me vil framleis kunna kalla oss sirdølar, men vil bli ein del av Gjesdal kommune. Ei justering etter mal av det som vart gjennomført då grenda Espetveit gjekk frå å vera del av Flekkefjord til å koma inn under Sirdal. Håpet må vera at ein då kan koma inn i ein kommune som faktisk ser verdien av å satsa på Øvre Sirdal og som vurderar dette som ein unik stad med stort potensiale. Som satsar på busetjing og arbeidsplassar her oppe. Vest er tross alt oftast den vegen me sjølv vender oss når me skal ut av bygda, og ofte gjeld det same også motsett veg.

Kan hende vil det faktisk opplevast som kortare frå GP til Ålgård enn frå GP til Tonstad. I begge retningar. Mens det politiske tyngdepunkt i Sirdal over lengre tid har mangla engasjement for øvre del av dalen, ville eg forventa det annleis frå Gjesdal si side. Eg vil tru Gjesdal hadde hatt eit ønske om å satsa på busetjing og arbeidsplassar her oppe. Så kan ein sjølvsagt ikkje vita. Enkelte vil kan hende hevda at ein blir ein utkant og ein saneringspost uansett. Spørsmålet er likevel; har me eigentleg så mykje å tapa? Det er faktisk vanskeleg å sjå at det kan bli svært mykje verre enn under noverande politisk styring.

Sjølv vil eg foreslå at me tenker oss om ein kortare periode, og at me deretter gjennomfører ei folkeavstemming. Grendene som bør vurdera eit skifte er frå kanskje fyrst og framst frå Ådneram ned til Handeland. Når det gjeld grendene nedanfor Dorgefoss, må dei sjølv svara på om dei evt ønskjer å vera med på eit slikt skifte.

Eg har i neste runde tenkt å ta kontakt med grendekontaktane. Ei avstemning burde me greia å gjennomføra i løpet av våren eller til neste haust. Skulle avstemninga visa eit klart fleirtal, ser eg liten grunn til at ikkje øvredølane skulle greia det Espetveit den gongen greidde; å justera på grensene og å koma inn under ein ny kommune.