Home>Kommunen>Negative til lang busstur
Kommunen Nyhet

Negative til lang busstur

Lærarane og leiargruppa på Sinnes skule har sendt brev til kommunen.

Det blei fatta eit vedtak i formannskapet 6. februar, om at ungdomsskulen på Sinnes skal flyttast til Tonstad skule under byggeperioden på Sinnes skule. Denne perioden blir mest sannsynleg skuleåret 2020-2021 og delar av skuleåret 2021-2022.

Både elevar, foreldre og lærarar på Sinnes skule har reagert negativt på dette vedtaket. Grunnane er fleire, men ein av dei viktige er den lange bussturen, på ein svingete veg, dette medfører. Ifølgje bussrutetabellen tek det ein time frå Ådneram til Tonstad skule, medan det tek nesten ein og ein halv time på heimvegen. Altså nesten to og ein halv time for dei som bur i Ådneram.

Ein skjønar at det er lang tid på buss kvar dag. For 14-16 åringar vil ikkje denne lange skuledagen gje motivasjon til å jobba vidare med skulearbeid/lekser når dei kjem heim. Me ønskjer at elevane skal vera godt førebudd når kjem på skulen og har overskot til å gjera leksene sine.

Det er òg andre element som gjer denne løysinga dårleg. Skuleruta med forskjellige ferieveker i både haust- og vinterferien gjer ikkje livet lett for dei foreldra som har barn på to forskjellige skular. Skuleruta har vore på høyring med forslag til og med skuleåret 2022/2023.

Eit anna argument er sosialt samhald. Venskap går på tvers av klassetrinn, og spesielt på små skular som Sinnes skule. Mange har sin besteven i trinn over eller under sitt eige. Me ser at me ville delt fleire gode venskap med å skilja mellomtrinn og ungdomsskule. Også av pedagogiske omsyn, som er omfatta av teieplikta, vil by på utfordringar om ungdomsskulen blir flytta.

Annonse

Me håpar på forståing for at me ønskjer ei anna løysing enn å flytta ungdomsskulen til Tonstad. Me kan med løysingane me har foreslått nedanfor, forsikra om at det pedagogiske tilbodet blir ivaretatt til det beste for elevane, òg i byggeperioden.

Foto: Anne Grethe og Magne Ådneram har gjeve skulen tilbod om å bruka «forsamlingsrommet» på garden Myre.

Forslag til gode løysingar til alternative lokale under ombygginga:

Byggjeprosessen skjer i tre trinn, og store delar av skulen vil kunna brukast under byggjeperioden. I tillegg til å bruka ein del klasserom, kan me bruka gymnastikksalen, biblioteket, grendekjøkkenet og pauserommet til lærarane til undervising. Lærarane er einige om at kroppsøving ute vil fungera greitt i ein slik periode. Nå får ein berre eit ekstra insentiv til å ta med elevane ut endå meir i kroppsøvingstimane.

  1. Anne Grethe og Magne Ådneram har gjeve skulen tilbod om å bruka «forsamlingsrommet» på garden, som ligg berre 200 meter frå skulen. Dette rommet er på ca. 120 m2 og her er god plass til anten mellomtrinnet eller ungdomsskulen. Konklusjonen er at skulen og «forsamlingsrommet» totalt sett vil kunna romma alle elevane, òg under ombygginga av skulen. Dette alternativet vil ikkje gjera kvaliteten på undervisinga dårlegare. Me trur tvert imot at elevane er best ivaretatt med dette alternativet.
  2. Me ser òg på Tjørhom grendehus som eit greitt alternativ.
  3. Sirdal høgfjellshotell er òg eit greitt alternativ.

Dersom det er ønskeleg med eit detaljert oppsett på korleis elev-logistikken blir under ombygginga med dette alternativet, er det berre å gje beskjed.

Me håpar administrasjonen og politikarane i Sirdal kommune har tillit til at lærarane og leiinga på Sinnes skule klarar å løysa dette på ein god måte utan at ungdomsskulen må flytta til Tonstad, og utan at det er politikarane som skal bestemma det.

Ombygging og påbygging av Sinnes skule begynner etter påske.