Hjem>Kommunen>Turistinformasjonen privatiseres

Turistinformasjonen privatiseres

Administrasjonen i Sirdal kommune foreslår å legge ned den kommunale turistinformasjonen ( 105 prosent stilling) ved Kvæven etter påsken 2020. Nå skal virksomheten privatiseres og legges ut på anbud. Det legges opp til et årlig kommunalt tilskudd til dette arbeidet.

Videre blir det foreslått at museumsarbeidet blir redusert til en stillingshjemmel på 55 prosent. Færre aktiviteter og arrangement ved Sirdal Fjellmuseum ligger også i dette forslaget.

Sirdal kommune har ansvar for å følge opp de ansatte i tråd med regler og retningslinjer.

Dette er forslaget skal Sirdal kommunestyre behandle torsdag 5.mars. Før den tid skal saken innom en del råd og utvalg.,

Kultursektoren i Sirdal kommune har endret seg gjennom flere år. Tidligare har kultursektoren omfattet museum, bibliotek, kino, SMoK og kulturhus, og de ansatte på kulturkontoret har ansvar for oppfølging og koordinering av alt dette, i tillegg til faste oppgaver. De senere år har i Turistinformasjonen og Tonstadbadet kommet inn under kultursektoren. Totalt er det om lag 30 ansatte innenfor de ulike ansvarsområder, medregnet vikarer.

Det er nok ingen avdeling i Sirdal kommune som er så mangfoldig som kultur. Den er mangfoldig fordi den krever ulike måter å jobbe på, og svært ulik kompetanse og krav på avdelingene.

Annonse

Foto: ventes store endringer ved Kvæven.

Der er fortsatt usikkerhet hvordan framtiden blir for museumsdriften.

Museumsarbeidet dei siste åra

Fram til for nokon år sidan hadde museumsleiar ved Sirdal fjellmuseum ansvar for heile kommunens museumsarbeid og vidareutvikling av dette. Her er det viktig å understreke at museumsleiar ikkje berre har hatt ansvar for museum og bygdetun på Kvæven, men òg for Sigbjørn K. huset, fotomuseet av T. Dahl, skulemuseum på Øksendal, veteranbussen Turisten, Ramslibåten m.m.

Dei seinare åra har dette endra seg, då museumsleiar fekk ansvar for, og gjekk inn i turnusen til turistinformasjonen med omlag 50%. Dette har gått ut over museumsarbeidet i kommunen og ei vidareutvikling av dette. I tillegg kan ein òg nemne at tilbodet og arbeidet ved museet har vore redusert på grunn av sjukefråvær over lang tid, og dette har gjort at det har vore utfordrande å følgja opp dei oppgåver som høyrer til under museum. Dette er noko som både tilsette og brukarar (både fastbuande og besøkjande) har synt ein viss frustrasjon og uro over.

Det blei satt inn vikar i museumstillinga hausten 2018, først i 20% og seinare i 50% stilling, og då blei situasjonen straks mykje betre. Det siste året har ein fått til gode aktivitetar, guida omvisingar, vedlikehald av bygningar og samarbeid med andre aktørar. Det har vore godt besøk på museet sine tilstellingar, sjå vedlegg for oversikt. Engasjementet som vikar var fram til 31.12.2019, og i påvente av nytt politisk vedtak så er det pr. i dag ingen tilsette som har direkte ansvar for oppfølging av museumsoppgåver.

I samband med økonomiplan og budsjettrammar skal ein no vurdera denne stillinga på ny, og i vedtaket finn ein at «Museumslederstillingen reduseres/avvikles».

Rådmannen oppfattar vedtaket som noko uklart, men vel å tolke det slik at ein skal redusere dagens stilling som museumsleiar frå 100% stilling. Det er uansett viktig å ha ein stillingsheimel knyta opp

mot dette arbeidet, slik at ein har ei god og fagleg forvaltning av denne delen av historia. Det å avvikle eit kommunalt museum er ei stor sak, og ein vurderer det slik at dette ikkje er agendaen i det politiske vedtaket.

Sirdal fjellmuseum

Det er naturleg å tenkje seg at drift og organisering av museumstenesta er eit kommunalt ansvar. Det er vanskeleg å tenke seg at det er aktørar som vil eller kan gå inn og drifte dette. Eit døme på slike oppgåver kan vera registrering av gjenstandar, forvaltning (formidling og bevaring) av museumssamlinga, oppfølging av avtaler, kontakt med andre museum, fylkeskommunen m.m. Det er viktig å understreke at bygningar og museumsgjenstandar er gjeve til Sirdal kommune under føresetnad om at dei skal forvalte dette på ein måte som er i samsvar med inngåtte avtaler.

Kafedriften trekker en del turister til ”Smak i Sirdal”.

Kafédrift er eit døme på ein teneste som det er naturleg at ein privat aktør har ansvar for. Det er derfor positivt at kommunen i 2019 fekk til ein avtale med «Smak i Sirdal» om drift av dette ved Sirdal fjellmuseum. Dette har ført til positive ringvirkningar for museet og gjort område meir attraktivt både for besøkjande og fastbuande. Eit slik samarbeid er eit godt døme på den gjensidige avhengigheten som ofte er mellom det private og det offentlege.

Formidling gjennom guiding, omvisning og aktivitetar, er noko som både kommunalt tilsette, men òg private aktørar kan gjennomføra. Det viktigaste her er å skaffa seg god kjennskap til lokalhistoria og dei særtrekk som ein ønskjer å formidle i Sirdal.

Når det gjeld drift av ein Turistinformasjon, så er det ei oppgåve som kan vera både kommunal og privat. Dersom drifta er privat er dette ofte basert på tilskot frå det offentlege.

Museumsarbeid handlar om å forvalte lokalhistoria vår på mest mogleg måte, og det ligg mange viktige oppgåver inn under ein slik stillingsheimel.
Det nye vedtaket legg ein litt anna kurs for museumsarbeidet enn tidlegare vedtak og føringar.

Ein vil syne til tidlegare sakar i Kommunestyret, 18/137 og 19/83 som begge gjaldt vidareutvikling av Sirdal fjellmuseum. Der vart det lagd fram faglege argument for å behalda stillinga som museumsleiar, det vart òg forslag om å utvide denne stillinga til 100%, altså gå tilbake til slik den opphaveleg var før halve stillinga vart knytt opp til Turistinformasjonen.