Home>Nyhet>Vis omsyn for villreinen
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2020-02-14 17.26.36.png
Nyhet

Vis omsyn for villreinen

Det er ein krevjande vinter for villreinen. I Sirdal og Bykle kommune er det innført ekstraordinær bandtvang. Regn med påfølgjande frost har ført til at store beiteområde i høgheia har isa ned, opplyser Sven Sandvik, miljøkonsulent i Sirdal kommune.

Villreinen trekk nedover på leiting etter mat og spreier seg ut seg ut i mindre flokkar. Det er observert dyr på stader der dei normalt ikkje går.

Sirdal kommune oppmodar folk til å halde seg til dei preparerte løypene og ikkje oppsøke områder med villrein. Om du treff på villrein er det viktig å halde lang avstand og ikkje stresse dyra.

Send gjerne ein SMS til Statens Naturoppsyn (tlf: 915 85 265) om du ser villrein eller villreinspor i områder der det ikkje plar vera villrein.

Kommunen vonar folk har forståing for den ekstraordinære situasjonen og at bandtvangen vert respektert.