Home>Front>Bussturen blir alt for lang
Front Kommunen

Bussturen blir alt for lang

Elevrådsleiar Marius Nygård Fidjeland ved Sinnes skule hadde onsdag eit møte med ordførar Jonny Liland i Sirdal kommune. Han ville personleg overrekkja ordføraren brevet som elevrådet ved Sinnes skule har skrive til politikarane i kommunen, om at elevane ved ungdomsskulen skal gå på Tonstad skule under ombygginga.

Ordføraren føreslo lønsjmøte, men på grunn av eit anna møte Marius var på, vart det ein liten halvtime.

Brev til politikarane i Sirdal kommune 

Elevrådet på Sinnes skule vil gjerne ha noko å seia i saka som gjeld flytting av elevar for skuleåret 2020/2021 og hausten 2021.  

Elevane vil aller helst bli på Sinnes av fleire grunnar.

For det første er det slik på Sinnes at alle kjenner alle. Ingen er redde for å ta kontakt med andre, eller leika med andre, sjølv om dei ikkje går i klasse saman. Derfor er det fleire som er vener på tvers av klassar. Det er eit godt skulemiljø og klassemiljø på skulen vår, og me er redde for at det kan bli endra om me blir flytta. Me gjer fleire kjekke ting for å halda på det gode miljøet, som for eksempel når heile skulen reiser på overnattingstur i byrjinga av skuleåret.  

Annonse

Me synest at bussturen til Tonstad blir altfor lang. Viss me blir verande på Sinnes, får me betre tid til både lekser og fritidsaktivitetar. Viss me må bruka over ein time på heimvegen kvar dag, går dette ut over motivasjonen til skulearbeidet vårt.   Me vil fortsetja på Sinnes, der me har lærarar me er godt kjende med, og som ser oss kvar dag.  

Foto: Marius Nygård Fidjeland er elevrådsleiar ved Sinnes skule.

Ordførar Jonny Liland hadde møte med Marius denne veka.