Hjem>Nyhet>Omsyn til villreinen i ein vanskeleg vinter
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2020-03-03 08.18.59.png

Omsyn til villreinen i ein vanskeleg vinter

Verneområdestyret for SVR (verneområda i Setesdal Vesthei Ryfylke og Frafjordheiane) avgjorde i møte 2. mars å trekke inn løyvet til arrangementet Sesilåmi 2020. Saka har med rette skapt stort engasjement og der meiningane er mange om det var eit rett avgjer.

Traseen for Sesilåmi kryssar verneområdet SVR der verneområdestyret har forvaltningsmynde.

Verneområdestyret handsama i møte 13.12.2019 søknad om eit tre-årig løyve til turrennet Sesilåmi. Eit samrøystes verneområdestyre innvilga søknaden på vilkår; arrangør må hente inn informasjon om kor villreinen står og tilpasse aktiviteten etter dette, preparering med spor skal stansast om det er villrein i området. Som ei ekstra sikringsventil kunne heile løyvet trekkast inn av omsyn til villrein.

Beitesituasjonen for villrein er særleg vanskelege i år der store areal i høgheia har isa ned. Ein konsekvens av dette er at villreinen har delt seg opp i mindre flokkar og mange har trekt ut i randområda på søk etter tilgjengeleg beite. I ein slik situasjon er det særleg viktig at dyra får ro der dei er. Særleg for simler som ber kalv er dette ei kritisk tid. Ei rekke tiltak er allereie innført. Statskog har stengd ned sine hytter, enkelte skiløyper vert ikkje preparert og ekstraordinær bandtvang er innført i kommunane Valle, Sirdal og Bykle. I denne situasjonen meinte verneområdestyret at det ikkje var forsvarleg å gjennomføre årets Sesilåmi. Løyvet vart trekt inn slik vilkåra opna for.

Sesilåmi har ei lang tradisjon og er for mange skiløparar eit høgdepunkt i sesongen. Arrangør legg ned ei mengde dugnadsinnsats og næringslivet på båe sider av heia nyter godt av aktiviteten.

Verneområdestyret har stor forståing for at ei avlysing grunna villrein skapar ekstra usikkerheit for arrangør. Diverre er det nok ein usikkerheit dei må leve med. Samstundes syner arrangør stor vilje til å ta grep når det trengs. Dette er eit godt utgangspunkt for at Sesilåmi skal ha ei framtid.

Annonse

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2020-03-16 11.21.40.png

Bjørn Laugaland

Leiar verneområdestyret for SVR