Home>Kommunen>Me må få Team Sirdal tilbake på topp
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:/Users/Lsir/Leif Sirevåg Dropbox/Leif Sirevåg/BSM 2019/2019-08-01 12.00.26.jpgBSM 2019:2019-08-31 12.03.54.jpg
Kommunen Nyhet

Me må få Team Sirdal tilbake på topp

Av Torbjørg ”Tante” Haugen

Sirdal har alt som skal til for å vere i dei heilt øvste divisjonane. Ein god økonomi, fantastiske fasilitetar, gode enkeltspelarar. Om me klarer å få tilbake det gode lagspelet er me uslåelege.

Sirdal har mange hardtarbeidande forsvarsspelarar som jobbar utrøytteleg år etter år for å unngå tap. Me har midtbanespelarar som springer nesten til dei stuper og som er flinke på å legge ballen til rette. Og me har spissane som er mest synlege og som leverer dei gode varene, om det så er vasskraft i verdsklasse, aure frå Sirdalsvatnet, hytter i alle moglege storleiker eller idrett på toppnivå.

Me er eit lite lag, og me kjenner kvarandre godt. Me er ulike og har alle våre styrker og svakheiter. Nokre vinn litteraturprisar, andre går fort på ski, ein god gjeng jobbar kvar dag for å skape energi og me har mange gode talent som me gjerne vil ha med oss på laget inn i framtida.

For å vere eit bra lag må me bygge opp under våre ulike styrker, samtidig som me må sørge for at svakheitene ikkje får ta kommandoen. Det er ingen som sit med svaret åleine, og ingen er best på alt.

Annonse

For å kunne vinne må me få ballen framover på banen, og når me scorar mål skal me alle kunne juble saman. Det handlar om å støtte opp om dei som legg ut på gode løp, legge til rette for at dei kan gjere sitt beste, og unne andre suksess.

På mange lag er det ofte fleire stjernespelarar som alle har viktige roller på laget. Når kapteinsbind skal bytast kan det skape bitre feidar. Men ein god lagleiar set alltid laget framfor seg sjølv, og klarer å legge bort gamle stridsøkser. All energi må brukast på å samle laget og få ballen mot mål.

Sirdal har mange fans som roper frå sidelinja og kjem med velmeinande råd. Av og til ropar dei at det må skytast. Kanskje ser dei noko frå tribunen som spelarane på banen ikkje klarer å sjå? Å lytte til den 12. Mann er viktig, ikkje fordi dei alltid har rett, men fordi dei skal vite at dei vert sette pris på, og at dei er ein viktig del av laget. Det er berre på den måten ein kan forsikre seg om at dei vil halde fram med å heie i både gode og dårlege tider.

I Sirdal har me ikkje noko første- og andrelag. Det er rom for alle, og folk skal ha rom til å vekse både som enkeltspelarar og som lagspelarar. I garderoben skal det vere stor takhøgde, og humoren skal sitte laust.

Akkurat no er situasjonen kritisk for Team Sirdal. Ein del spelarar ønskjer å gå over til andre lag, nokre tilskodarar roper av full hals, men føler ikkje det er til noko nytte. Spelarane ser ikkje ut til å unne kvarandre suksess. Samspelet fungerer dårleg, og det er konstant stillstand på midtbanen fordi spelarane ikkje klarer å finne ein felles strategi.

Det er trist om eit lag går i oppløysing, og vondt å sjå favorittlaget rykke nedover i divisjonane.

No må me samlast i botn, ikkje sjå bakover, men ha blikket mot mål. Me skal bli betre på å utnytte kvar enkelt sine gode krefter, snakke kvarandre opp og vise at me set pris på lagspelarane våre. Når nokon faller skal me hjelpe dei på beina att, og om nokon gjer ein feil skal dei få prøve på ny og kjenne at dei har laget i ryggen. Om me klarer å sette laget framfor alt anna vil me vinne.