Home>Kommunen>Tenk på elevane – snu i tide
Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:Skjermbilder:Skjermbilde 2019-06-04 17.04.46.png
Kommunen Nyhet

Tenk på elevane – snu i tide

Sak om Oppfølging valg av løsning for midlertidige lokaler for Sinnes skule under utbygging og ombygging av Sinnes skule mottok medlem av Sinnes skolemiljøutvalg (SMU) og samarbeidsutvalg (SU) måndag 20. april 2020 kl. 09.23. Det synest me er svært kort frist med tanke på at saka skulle behandlast i AMU same dag og i hovudutval for oppvekst og levekår onsdag 22. før formannskap og kommunestyre 23. april. Difor leverer me eit felles høyringssvar.

Sinnes SMU og SU meiner det har vore ein uryddig prosess i saka der forslag om Sirdal høyfjellshotell vart presentert i eit formannskapsmøte utan saksgang eller rådføring med involverte partar. Dette vart stemt over, utan at korkje elevrådet, FAU, SMU, SU eller pedagogisk personale hadde fått uttala seg. Dette er lite demokratisk, og ikkje etter eit ulovfesta forvaltingsrettsleg prinsipp om at forvaltinga skal treffa vedtak etter at ei sak er behandla på forsvarleg måte.

Sinnes elevråd, Sinnes FAU og tilsette ved Sinnes skule sende klager/uromeldingar om plassering av ungdomsskuleelevar i november og om mellombels lokale i februar, utan å ha fått svar. Breva vart ikkje lagde fram som referatsaker, eller i eiga sak, sjå fire (4) vedlegg. FAU bad spesifikt om svar på klagen i november, men har ikkje høyrt meir. Elevane ynskjer å bli høyrde, og når saka dreg ut, går det ut over trivselen og motivasjonen.

Rektor har, saman med einingsleiar skule, laga ei sak om førebels lokale og kor ungdoms-skulen kan gå. Denne er ikkje lagt fram for politikarane, berre som delar av eit notat frå rådmannen som var ønska frå ordførar og varaordførar. I saka frå skuleeininga er det vist korleis ein kan få plass til 1.-10. klasse på Sinnes i ombyggingsperioden. Sidan 8. og 10. klasse er relativt små, er det plass til dei på Sinnes skule, men ikkje mellomtrinnet, som kan gå på Myre camping. Det same gjeld om ein vel å vera på Tjørhom grendehus, som òg vert billegare.

Pedagogisk er lokalisering på Sinnes skule og Myre camping for 1.-10. klasse til elevane sitt beste, både fagleg og sosialt. På Sinnes har me trygge elevar, der t.d. 1. klasse har ansvar for morgonsamling på lik linje med andre klassetrinn, og der dei utan problem framfører tinga sine for 10.-klassingar. Heile skulen er med på overnattingstur, ungdomsskulen er på skuletur med privat overnatting i Estland, elevane i 1.-10. klasse leikar og spelar fotball på tvers, dei store har omsorg for dei mindre og ungdomsskuleelevane har ansvar for trivselsleiaraktivitetar i friminutta. Det er høg trivsel, jf. Elevundersøkinga og lokal trivselsundersøking. Lærar-tettleiken er høg på Sinnes, så alle elevar vert sett, og elevane får eit godt, fagleg tilbod, jf. gode resultat på nasjonale prøvar, grunnskulepoeng og gjennomføring på vidaregåande skule.

Skal 10.-klasseelevane bytta skule, vil det føra til ekstra mykje arbeid for lærarane ved å gje elevane opplæringa dei har krav på, sidan elevane på Sinnes skule ikkje følgjer sitt klassetrinns lærebøker og pensum i alle fag, men der dei i løpet av tre (3) år skal ha fått opplæring i alle kompetansemåla i faget.

Annonse

Fordelar ved alternativet Myre camping og Sinnes skule fordi

– svært mykje billegare på skulen og Myre camping, som føreslo å leiga ut gratis, og få

betalt for straum

– tilgang til gymsal, bibliotek og symjebasseng både i skuletid og på fritida

– tilgang til sløydsal i den lengst ombyggingsperioden

– ein unngår å rydda ut or administrasjonsdelen, og kan berre flytta rett over i nybygget

– ein unngår òg å måtta skaffa lagerplass for møblar frå administrasjonsfløyen

– det er nok arbeid å rydda ut ein fløy, om ein ikkje skal rydda to samstundes

våren 2020

– me kan halda fram med fellesaktivitetar som morgonsamling, Abeldag, FN-dag og

verdas bokdag

– best for dei minste å halda seg på eit kjent område

– godt uteområde, både leikeareal og nærområdet med m.a. skulebu og skiløyper

– lærarane er samla, og ein kan gå att og fram mellom lokala om det er naudsynt

– busstidene er dei same som nå

– Bilstad bygg meiner dei kan halda tidsplanen sjølv om det er elevar på skulen når dei

kjem i gang til avtalt tid

Ulemper ved Sirdal høyfjellshotell:

– for dyrt

– ikkje lagt inn kontorplassar til lærarane; krev meir plass og høgare leigekostnader

– endra start- og sluttider, så elevane får ein endå kortare ettermiddag til fritids-

aktivitetar o.l.

Regjeringa stiller med pakkar til næringslivet pga. koronakrisa, og ev. Sirdal kommune sitt næringsfond, så her må ein skilja næringspolitikk og pedagogisk tilbod. For elevar har det inga betyding kor lenge dei må vera i andre lokale, men dei ønsker å fortsetja fram med lekselesing og SMOK-aktivitetane saman med venene sine.

Politikarane må ikkje øydeleggja det gode faglege og sosiale samspelet ved å skilja elevar og klassar, men ta omsyn til dei som kjenner dette på kroppen og dei som har fagleg kompetanse. Tenk på elevane sitt ve og vel, og snu i tide!

Sinnes SMU og SU v/leiar Karine Tjørhom Myhra