Hjem>Front>Om tvangsinnlegging i Sirdal
Macintosh HD:Users:Lsir:Dropbox:Sirdalmagasinet 2016:2016-08-01 14.19.33.jpg

Om tvangsinnlegging i Sirdal

Av Magnar Undheim

Nå har eg site på gjerdet lenge nok. Observert og svara alle dei utanbygds, flest rogalendingar, som har spurt: Kva er det som skjer i Sirdal? Senda elevar frå Ådneram til Tonstad! Tvangsavrusa personar som mest ikkje drikk! Naturlegvis har eg måtta seia at det er heilt uforståeleg, at eg skjems, at eg er skuffa og sint.

For det første er det uforståeleg at helsevesenet kan gå til så drastiske steg utan å vera 100% sikre på at det er rett det dei gjer. Eit minstemål er sjølvsagt at lover og reglar vert etterlevd. Det har ikkje skjedd.

Frå vondt til verre at rådmann og ordførar i så stor grad fråskriv seg ansvar, ikkje bed om orsaking for det som er gjort (berre for at ho har det vondt), mistenkeleggjer den gravide kvinna. Det er rett at den kommunale leiinga ikkje skal få helseinformasjon av privat karakter. Den sida av saka kan dei ikkje uttala seg om. Men då bør dei halda munn og ikkje skapa grobotn for rykte ved å seia at det kan liggja noko meir bak vedtaket om tvang enn det som er kome fram (dette er rådmannen sitert på fleire gonger utan at han har korrigert det). Dette er stygt!

Sjølv om rådmann og ordførar ikkje kjenner detaljar i saka, er det deira plikt å passa på at lover og reglar vert fulgt. Spesielt i saker som er så dramatisk inngripande. Dette handlar om eit par som ventar sitt første barn. La det siga inn!

Når så journalistar har kome til hjelp, rådmann og ordførar, og funne ut at lover og reglar ikkje er fulgt, har de plikt til å gripa inn. Ikkje toa hendene dykkar og overlata til andre (fylket) å ordna opp. Uforståeleg at det skal vera så vanskeleg å krypa til korset. Å be om tilgjeving. For meg har det sett ut til at det har vore viktigare å verna dei som har gjort urett enn å hjelpa dei som har lidd urett.

Annonse

Dette er ikkje ei ripe i lakken for Sirdal. Dette er ikkje ein bulk i fronten. Dette er kondemnert bil etter råkjøring. At sjåfør og kartlesar gjer feilval, er ille. At UP ser råkjøringa og brot på trafikkreglane utan å gripa inn, er verre.

Nokre gonger føler eg at rådmannen og ordføraren ikkje er talsmann for meg når dei uttalar seg på vegne av Sirdal. Kvar for oss får me ta eit oppgjer med oss sjølv. Støttar eg dei som gledde (håper eg kan skriva gler) seg til sitt første barn. Dei som tenkjer «Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv». Eller sit eg på gjerdet og gjentek: Det er sikkert noko meir bak.