Home>Front>Betre tilgjengeleg for småbåtar
Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2020-09-01 kl. 14.27.43.png
Front Kultur

Betre tilgjengeleg for småbåtar

Av Gudrun Kristine Ovedal, Sirdal kommune

Styringsgruppa og arbeidsgruppa for Naturtriangelet var måndag på befaring i den nordlege enden av triangel-vassdraget. Turen gjekk frå Tonstad og ut til Holmen i Sirdalsvatnet.

Naturtriangelet er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tri kommunane Flekkefjord, Lund og Sirdal. Det aktuelle området ligg som ein trikant i grenseområdet mellom Rogaland og Agder, og tek utgangspunkt i vassvegen som går gjennom alle tri samarbeidskommunane.

Formålet med Naturtriangelet er å stimulere til økt småbåtturisme mellom Lundevatnet og Sirdalsvatnet, med Sira-elva som bindeledd. Den flotte og varierte naturen langs vassdraget, kombinert med ei rik kulturhistorie, har stor attraksjonsverdi.

Naturtriangelet fokuserer på å gjera vassdraget betre tilgjengeleg for småbåtar, med å bidra til utvikling av gode bryggeområde for adkomst/ilandgåing, merking av vanskelege delar av elvestrekninga og etablering av gode friluftsområder og turstiar.

Annonse

Naturtriangelet består av ei styringsgruppe med ordførarane frå dei tri kommunane; Torbjørn Klungland (Flekkefjord), Jonny Liland (Sirdal) og Hogne Skjerpe (Lund). Kvar kommune har utpekt ein representant til ei arbeidsgruppe som skal drive fram samarbeidet. Denne arbeidsgruppa består av Egil Normann Eek (Flekkefjord), Hilde Fløtre (Lund) og Gudrun Kristine Ovedal (Sirdal).

Befaringa på måndag var i samband med møte i styringsgruppa, der ein m.a. godkjende planar for vidare utviklingsprosjekt i vassdraget. Det var ein flott tur på vatnet, og ein fekk sjå nærare på bryggeanlegget og tilrettelegging for friluftsliv på Holmen. I tillegg fekk ein møte kulturminne som ligg synleg frå vatnet, m.a. restar etter ei gamal oppgangssag, Nykhedlaren og Tyskerbunkaren. Sjøormen synte seg dessverre ikkje denne dagen, dette kan nok ha ein samanheng med finvèret, då det er helst om hausten i ruskevèr at den tek turen frå Lundevatnet og opp i Sirdalsvatnet.

Det er utvikla ei eiga nettside for Naturtriangelet. Her kan båtreisande og andre aktørar finne god informasjon om vassdraget, bryggeområder og kulturhistoria her.

Foto: To ordførarar som er nøgde med triangel-samarbeidet og den utvikla som er i vassdraget. Her framfor anlegget til Norsk Ørret som er etablert i det klare og kalde fjellvatnet i Sirdal. Frå venstre: Torbjørn Klungland, Flekkefjord, og Jonny Liland, Sirdal.

Macintosh HD:Users:Lsir:Leif Sirevåg Dropbox:Leif Sirevåg:Skjermbilder:Skjermbilde 2020-09-01 kl. 14.28.12.png

I tillegg til det flotte bryggeanlegget på Holmen, er det eit flott friluftsområde når du stig i land. Her er gapahuk og grillplass. Her fortalde Gudrun Kristine Ovedal den gjevaste historia frå område; Om flukta til dronning Astrid, då ho gøymte seg her på Holmen med den lille son sin, Olav Tryggvasson.