Hjem>Nyhet>Bli kjend med Nina Simone
C:\Users\gko\AppData\Local\Microsoft\Windows\INetCache\Content.Outlook\IN4OTXCE\Nina Simone 3.jpeg

Bli kjend med Nina Simone

Av Gudrun Kristine Ovedal

Lørdag kveld vert det konsert i kulturhuset på Tonstad. Det vert ein konsert der me vert nærare kjend med Nina Simone (1933-2003), ein artist som dei fleste har eit forhold til. Ho hadde eit unikt musikalsk særpreg som utøvar av blues, balladar og soulmusikk i ein jazzinfluert stil.

I tillegg hugsar me ho som ein sterk forkjempar for dei svartes rettighetar. I forkant av konserten (frå kl. 18.30) vert det kulturkafé i foajeen, med sal av smårettar og snacks saman med god drikke – alt innanfor eit trygt og godt smittevern. Velkomen til ein flott konsert!

NINA SIMONE Kven var Nina Simone? Som born drøymde ho om å bli den fyrste afroamerikanske klassiske konsertpianisten. Slik gjekk det ikkje, men likevel har ho satt sine spor i musikkhistoria.

Ho låg an til å bli ein bestselgjande artist, men hennar politiske engasjement som borgarrettighets-forkjempar i et rasedelt USA gjorde at radiostasjonar boikotta platene hennar og sendte dei i retur – knust.

Gjennom låtane ho framførde, nokon lånte og nokon av hennar eigne, vil artistane på scenen lørdag fortelja historien om Nina Simone, eller Eunice Kathleen Waymon som var hennar eigentlige namn.

Annonse

KRISTIN VALLE PRINTZ KVARTETT Kristin Valle Printz (vokal) har studert musikk ved St. Olaf College i USA. Kristin har tidlegera jobba som kulturskolelærar og rektor på Sirdal kulturskole, og er no musikk- og språklærar ved Flekkefjord ungdomsskole. Ho har jobba freelancer som solist og kordirigent ved konserter og arrangement i ulike sjangrar, blant anna klassisk, viser, gospel og jazz. Sist ho stod på scenen i Sirdal kulturhus var i 2018, då med musikalprosjektet Someone Else`s Story.

Laurdag 10. oktober har Kristin med seg eit knippe med dyktige musikarar på scenen, publikum kan glede seg til ei flott oppleving med Oddbjørn Stakkeland (flygel), Terje Lauvdal (bass) og Daniel Hinderaker (slagverk).

Me ønskjer alle vel møtt til denne flotte konserten i kulturhuset. Arrangør er Sirdal kommune v/eining for kultur. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål, Alf Sveinung Haughom (414 57 587) eller Gudrun Kristine Ovedal (905 40 646).