Hjem>Front>Øvre Sirdal i ein negativ spiral – folkeavstemming 25. og 28. november

Øvre Sirdal i ein negativ spiral – folkeavstemming 25. og 28. november

 

 

Av Tore Kvæven

25. og 28.november vert det folkeavstemming for innbyggjarane ovanfor Dorgefossen om dei skal forlata Sirdal kommune og flytta over til Gjesdal kommune.

Øvre Sirdal var sin eigen kommune fram til 1960. Etter samanslåinga vart Tonstad tyngdepunktet og kommunesenteret i den samanslåtte kommunen. Dei fyrste tiåra etter samanslåinga vart slett ikkje øydeleggjande for Øvre Sirdal. På ei rad forskjellige felt var satsinga tvert imot god også i vår del av dalen.

Det var bygd dagsenter for eldre, skule og barnehage her oppe, det vart anlagt lysløyper, bygd kommunale boligar, investert i grendehus, bibliotek, turistinformasjon, fjellmuseum og bygdetun. Kommunale stillingar vart oppretta.

Men så har tida gått. Trenden har snudd. Så godt som alle dei ovanfor nemnte satsingane har fått oppleva at avstanden til Tonstad har blitt større. Dagsenteret for eldre får eit stadig dårligare tilbod (m.a. er kokkestillinga fjerna), kommunen freistar kvitta seg med grendehuset på Tjørhom, det blir kutta i stillingar på turistinformasjonen, det same for Fjellmuseet sin del (tidlegare hadde ein 1,2 stillingar på Fjellmuseet og 1,3 stillingar på turistinformasjonen, no skal ei 55 % stilling dekka begge delar), tilbodet på biblioteket har gått frå to kveldar i veka til ein, tidlegare vart spedbarnskontrollar utførte på helsestasjonen på Tjørhom, no må foreldra til Tonstad.

Hadde dette vore del av eit overordna løp, der stillingar måtte fjernast over heile kommunen, ville ein hatt lettare for å svelga dei stadige kutta. Men slik er det ikkje.

Annonse

I eit tidlegare lesarbrev stilte eg politikarane spørsmålet; om ein ikkje vil satsa på turistinformasjon og fjellmuseum i Øvre Sirdal, kva vil ein då satsa på? Eg fekk tre svar: GP-krysset, vann / kloakk og Sinnes skule. Når det gjeld dei to fyrste punkta; vann og kloakk og GP-krysset, så er dei dårlige svar. I GP-krysset sitt tilfelle vert utbygginga gjennomført med pengar som i all hovudsak kjem frå budsjett utanfor Sirdal kommune.

Og dei storstilte utbyggingane av vatn og kloakk til hyttområda her oppe hamnar i tilsvarande kategori. Det dreiar seg om investeringar kommunen får igjen, sannsynlegvis med gode renter, gjennom kommunale avgifter adressert brukarane av tenestane.

Det eg etterspør er reelle satsingar på menneska her opp. Fyrst og framst når det gjeld arbeidsplassar. Det er sjølvsagt ingen tvil om at dei fleste arbeidsplassar må ordnast privat også her, av dei fastbuande, men det trengst drahjelp. Kommunen vår burde kunna plassera enkelte stillingar her oppe. I staden gjer dei det motsette. Dei bygger ned dei ytterst få postane me har. Langsiktig utvikling i denne delen av dalen har blitt ein salderingspost.

Det tredje punktet: Sinnes skule, er derimot eit godt punkt. Den utbygginga som der er sett i gang er unntaket frå salderingsregelen. Det er ei viktig utbygging. Og trass i ein litt bitter ettersmak etter dei mange politiske rundar i førkant, der vedtaket om utbygging vart trenert, og etter overkøyringa av foreldras og elevanes og skulens ønske når det gjaldt ordninga for ungdomsskulen i utbyggingsperioden, og trass i at noko faktisk var påkravd å bli gjort, all den tid skulen ikkje lenger var lovlig, så skal likevel politikarane våre ha honnør for dette vedtaket. Mange takk!

Denne utbygginga dreiar seg likevel om eit unntak. Elles er spiralen nedadgåande. Eg har difor tatt initiativ til at det i løpet av hausten i år kjem til å bli gjennomført ei folkeavstemming for innbyggerane i øvre dalen når det gjeld spørsmålet om me skal søka grensejustering og overflytting til Gjesdal kommune. Sjølv meiner eg det vil vera det beste.

I det kortsiktige perspektiv vil det bli dårligare økonomi for den enkelte øvredøl ved ei slik overflytting. Både boligskatt og diverse tilskotsordningar gjer det gunstigare å vera del av Sirdal enn av Gjesdal kommune. I det langsiktige perspektivet er spørsmålet likevel av større format enn økonomiske goder. Det det kan handla om, er om øvre dalen skal overleva som eit levande lokalsamfunn. Som ei god grend å bu i.

Då eg vaks opp låg elevtalet på Sinnes skule på i overkant av 60 elevar, tidvis opp mot 70. No ligg det på 45. I denne situasjonen har politikarane våre i tillegg innført fritt skulevalg. Viss utviklinga fortsett, vil det vera berre eit spørsmål om tid før klassane her oppe blir så små at også foreldra byrjar bli skeptiske til skulen. Når me kjem dit er vegen kort til nedlegging.

Det me treng er drahjelp når det gjeld arbeidsplassar og busetjing. Arbeidsplassar innan kultur og forvalting kunne vore lagt til øvre dalen, arbeidsplassar innan teknisk drift kunne vore plassert her, det kunne vore satsa på næringstomter og næringsbygg, andre idear kunne vore lagt fram, slik det ein gong vart gjort. Slik ein har satsa på at Tonstad skulle bli ein god stad å bu, kunne det også vore satsa her oppe.

Noko av grunnen til at den pågåande sanering kjennest såpass feil som ho gjer, er at ein gong var me vår eigen kommune. Dertil kjem at det blir generert store inntekter her oppe, både gjennom turisme og vatnkraft. Me veit at hadde me ennå vore ein eigen kommune ville situasjonen vore ein heilt annan.

Sett i eit større perspektiv kan Øvre Sirdal sine problem sjåast som eit resultat av ei overordna og pågåande sentralisering. Kommunesamanslåingar er ein del av denne prosessen. I utkantane er kommunesamanslåingar svært svært dårlig lokal distriktspolitikk. Det nye kommunesenteret vil ikkje alltid utvisa stort engasjement for sine nye utkantar. Eit av dei beste døma på dette er nettopp Tonstad og Øvre Sirdal. Argumentet om at enkelte kommunar er for små til å kunna by innbyggarane sine på nødvendige tenestar er søkt. Slike vanskar kan løysast gjennom samarbeid med andre kommunar og kjøp av tenestar.

Så vil det påpeikast at den geografiske avstanden faktisk er større til Gjesdal enn til Tonstad. Slik er det. I vårt tilfelle er likevel ikkje geografisk avstand det viktigaste, men å få stoppa den negative utviklinga.

Eit av argumenta som har blitt brukt mot skifta kommune, er at det vil bli lengre veg for å besøka dei gamle på eldreheim i Gjesdal enn på Tonstad. Men i praksis ser eg ikkje bort frå at dei gamle ville fått fleire besøk på Ålgård. Det er oftast den vegen me køyrer når me skal handla eller på ferie eller når me sender ungane våre på vidaregåande skular.

Eg er klar over, når eg kjem med eit utspel som dette, at det kan synast som om eg ikkje er glad i kommunen min. Det er likevel ikkje sant.

I det alt overvegande har eg gode kjensler for Sirdal, både som kommune og som dal, og eg har mange vener også i nedre del av dalen (rett nok kan hende litt færre etter dette), og eg hadde absolutt ønskt å stilla meg bak og stå for at eg var stolt av denne staden. Men det er vanskeleg å gjera slikt når eg ser politikken som førest i høve til lokalområdet mitt.

Valgstyret har no fastsett datoane for folkeavstemminga til 25. og 28. november. Valg-lokalet vil bli Fjellmuseet på Kvæven. Valgkrinsen vil omfatta alle med folkeregistrert adresse 4443 Tjørhom, i tillegg til dei som er busette på Handeland og Dorga.

Om resultatet av avstemminga skulle bli klart positivt, vil eg laga ein søknad til Fylkesmannen som deretter i sin tur kjem til å innhenta fakta om tilknytning, reisevanar mm. Fylkesmannen vil også innhenta uttalar frå dei to kommunane og deretter ta avgjerd i saka. Skulle derimot resultatet av avstemminga bli negativt, eller viss deltakinga i valet blir så låg at ho tyder på manglande engasjement, kjem eg ikkje til å senda nokon søknad. Skulle dette bli resultatet, vil det kan hende kunna tolkast som ei tillitserklæring her ovanfrå; at trass i alt som haltar og alt som peikar i skakk retning, ønskjer dei fleste øvredølane uansett å bli i kommunen sin.

Til sist vil eg minna desse same politikarane på at ein eller annan gong i framtida vil parallellar kunna opplevast. Det ligg i dei større politiske linjer at kommunar så små som Sirdal ikkje kan pårekna å overleva neste runde kommunesamanslåingar. Skulle Sirdal ein gong skulle bli slått saman med td Flekkefjord, er det ikkje usannsynleg at også Tonstad vil erfara det Øvre Sirdal no erfarar. Ein periode vil kan hende mykje gå bra, men på sikt, når dei vanskelege budsjetta kjem, vil den nye utkanten kunna oppleva å havna i bakevja.

I ein slik situasjon, mens folk på Tonstad ser lokalsamfunnet rakna, mens Tonstadbadet skal selgast til private, og kommunale og kulturelle funksjonar for lenge sidan er flytta til Flekkefjord, og Feed får greia seg sjølv og folketalet synk og skulen slit, vil kan hende kritiske røyster dukka opp. Kan hende, som eit rop om hjelp, vil nokon freista dra i gang ein kampanje for å få dratt Tonstad ut av Flekkefjord kommune (noko politikarar i Flekkefjord på dette tidspunkt trulig vil sjå på som ein provokasjon, dei vil tenka at trass i alt er det Flekkefjord som er sentrum, og i sitt stille sinn vil dei sjå på reaksjonane frå dei indre grender som sutring, kan hende til og med utakknemlighet. Kan hende vil dei peika på at dei nett har investert ein heil masse millionar i vann og kloakk til hyttefelta der inne og at eit vegkryss snart kjem til å bli utbetra.) I ein slik situasjon kunne ein berre håpa at innbyggarane i Flekkefjord hadde kviskra politikarane sine eit lite råd; “kan hende burde det tas ørlite initiativ for busetjinga også i dei indre grender, dei er jo ein del av kommunen vår.”

Og berre for å gjera det heilt klart; dette siste skreiv eg ikkje fordi eg ville ønskt ein slik situasjon. Tvert imot er for at dei mindre lokalsamfunna skal få leva. Difor er eg mot kommunesamanslåingar i distrikta og eg ville syntest det var synd om Tonstad ein dag skulle oppleva det Øvre Sirdal no opplever. Å bli salderingspost er ikkje noko eg unnar nokon utkant.