Hjem>Front>Droppar Gjesdalavstemming
Et bilde som inneholder person, innendørs, bord, mann Automatisk generert beskrivelse

Droppar Gjesdalavstemming

Valstyret for folkeavstemning der Øvre Sirdal skal stemma om å gå over til Gjesdal kommune, er i kveld droppa. Nå inviterar valstyret til avstemming kor fornøgde innbyggarane er til utviklinga og vedtaka for Øvre Sirdal dei ti siste åra. Og det andre spørsmålet er hvilke val av kommune dei foretrekkar ved ein eventuell kommunesamanslåing.

Av Tore Kvæven for valstyret

På dagsenteret på Tjørhom har matserveringa til dei eldre kome på plass igjen. Me som sitt i valgstyret har valt å tolka dette i beste meining. Kan hende vart det gjort for å koma oss litt i møte. Me har difor drøfta om tida var inne for at også me skulle koma litt i møte.

Me har fått med oss at initiativet til folkeavstemming lenger nedover i dalen har blitt sett på som ein provokasjon. Og på sett og vis kan me også forstå at dette kan virka provoserande. Me meiner likevel ikkje det er like provoserande som dei kutta i stillingar og tenester som har blitt gjennomførte her oppe.

Men la akkurat det ligga ei lita stund. For å visa at me også kjem litt i møte, har me valt å stryka det første spørsmålet frå folkeavstemminga. Dette er det spørsmålet som har vakt mest frustrasjon, altså om me frå Øvre Sirdal skal søka overgang til Gjesdal kommune. Dei to andre spørsmåla lar me bli ståande. Me tenker dei kan vera viktige for å kartlegga kvar me er. Det eine av desse handlar om kor fornøgde eller misfornøgde innbyggjarane er med dei politiske vedtaka som gjeld Øvre Sirdal. Det andre handlar om; i tilfelle Sirdal ikkje slepp unna ei framtidig kommunesamanslåing; kva kommune bør me i så fall slåast saman med?

Me er klare over at verken å gjeninnføra maten til dei eldre eller å stryka dette eine spørsmålet på ein stemmeseddel nødvendigvis løyser det som til tider kan opplevast som to forskjellige måtar å sjå verkelegheita på mellom øvre og nedre dalen, kan hende kan det likevel fungera som ei opning, som ein invitasjon, som ein liten start. At i alle fall desse to enkeltsakene fekk løysingar å leva med. Og så vonar me det same kan skje med stillingane på biblioteket, på Fjellmuseet og på turistinformasjonen etter kvart. At dei kan koma på plass igjen og at velviljen kan få veksa.

Annonse

For trass i alt, og trass i all knurring og alt raseri og all sabelrasling, så spørs det om me ikkje likevel treng kvarandre. Utan velvilje frå politikarar som stort sett kjem frå nedre dalen, kan ikkje Øvre Sirdal greia seg som ei levande bygd, og utan Øvre Sirdal kan heller ikkje nedre Sirdal greia seg på eiga hand.

Velkomen til å seia di meining på Fjellmuseet på Kvæven onsdag 25. november klokka 17.00 – 21.00 og laurdag 28. november klokka 12.00 – 17.00.

Det vil bli ei stemmeurne for alle fastbuande frå grendene mellom Lindeland og Dorgefoss, og ei anna for alle fastbuande frå grendene mellom Dorgefoss og Ådneram.