Hjem>Nyhet>Med hjarte for Sirdal
Et bilde som inneholder utendørs, snø, scene, bilvei Automatisk generert beskrivelse

Med hjarte for Sirdal

Av hytteeigar, Ingrid Glette-Iversen

Eg elskar Sirdal. Eg er fødd i Bærum, og oppvaksen i Sandnes, men det er til denne litle, vakre dalen mellom fjella eg kjenner meg nærast knytt. Då me kjøpte hytte i øvre Sirdal var eg knapt to år. Sidan har eg fått æra av å gli lydlaust over endelause, kvite vidder, bade naken i blikstille fjellvatn, plukke fingrane seige i hemmelege multemyrer og kjenne den pirrande følelsen av ein fin fjellaure på kroken. For ikkje å gløyme noko av det gjævaste av alt; eg har til og med hatt gleda av å spele sveltihel med Einar Kvinen. Då eg vart ungdom, fekk eg meg sommarjobb på Kvæven Kro. Nokre år seinare gifta eg meg i Kvævemoen Kapell (ikkje med ein Sirdøl, dessverre), hadde festen på infosenteret på Bygdatunet, med mat frå Tante og eit fantastisk serveringspersonale frå dalen.

Då me skulle flytte heim etter å ha budd ein periode på Østlandet, var Sirdal med i vurderinga. Me kikka på hus i Øvre Sirdal, og undersøkte ulike moglegheiter for jobb. Det me fann ut, var at me ikkje hadde stor nok tillit til at tilboda og tenestene i dalen ville vere gode nok for oss og ungane, verken no eller framover i tid. Me turte rett og slett ikkje å stole på at det var trygt å etablere seg i bygda – og det var litt tungt å innrømme for ein sjølvutnemnd Sirdalsentusiast. Men dette er dessverre ein tendens som viser seg å gjelde fleire enn oss. Innbyggartalet i Sirdal kommune er fallande, særleg i øvre dalen.

I ein rapport som tok føre seg dei 15 mest suksessrike distriktskommunane i landet, blei Sirdal kommune trekt fram som ein av dei. Høg besøksattraktivitet og god næringsutvikling er blant dei faktorane Sirdal scorar høgst på. På bustadsattraktivitet, derimot, scorar Sirdal kommune blant dei dårlegaste. Eit interessant avsnitt frå rapporten følger:

«Det er ikke slik at det er kommunens beliggenhet, stedets bransjemiks, det offentlige økonomiske handlingsrommet på stedet, eller turistenes reisemønster som avgjør stedenes suksess. Det er, viser det seg, først og fremst det adferdsmønsteret som preger folkene som bor der, som avgjør. Folk skaper steder, ikke bare gjennom sitt antall, men også ved sine holdninger og handlinger.”

Annonse

Slik eg opplever det, er Sirdal kommune i ferd med å skape Øvre Sirdal om til å bli ein stad fyrst og fremst for hyttefolket. Hytteutbygginga har utvilsamt vore ein kassasuksess for både kommunen og grunneigarar. Men, det har vore ein manglande evne til å tenke heilskapleg stadutvikling. Ein har opplevd ein enorm vekst i hyttenæringen i Øvre Sirdal, men av ein eller anna grunn har det ikkje vore interesse for å tenke korleis denne utbygginga kunne ha bidratt til gagne lokalbefolkninga. Det er ein tydeleg samanheng mellom utvikling av arbeidsplassar i ein region, og veksten i folketalet i regionen. Turisme kan vere ein god næringsveg, men då må ein for det første sørge for at ein klarer å bruke den på ein måte som genererer arbeidsplassar, og for det andre må ein nytte denne ressursen til å samstundes utvikle tenestetilbodet og moglegheitene for fastbuande, slik at ein på sikt kan gjere dalen til ein attraktiv stad å busetje seg – ikkje berre opphalde seg i helger og ferier. Det gjer ein ikkje ved å fjerne buplikta. Ein gjer det heller ikkje ved å kutte ned i kommunale stillingar. Desse tiltaka er ein signaleffekt som tilseier at Sirdal kommune ynskjer å dyrke fram Øvre Sirdal som ei rein hyttebygd. Det er dårleg distriktspolitikk – til å vere ein distriktskommune.

Difor har eg stor forståing for dei som no har fått nok av at Øvre Sirdal blir systematisk nedprioritert som bustad for fastbuande. Om staden blir høgare prioritert av Gjesdal kommune, er vanskeleg å spå – men uansett håper eg at bebuarane i Øvre Sirdal i større grad blir høyrd, verdsett og ivaretatt. Eg kanskje ikkje tenke meg noko meir nitrist enn ein dal med berre hyttefolk som meg sjølv.