Home>Front>Meiningsytringar frå valget
Et bilde som inneholder gress, utendørs, gjerde, fjell Automatisk generert beskrivelse
Front Kommunen Nyhet

Meiningsytringar frå valget

 

 

Av Tore Kvæven

66 stemmer var med på den private folkeavstemminga i «øvre dalen» onsdag og lørdag. Politikarane i Sirdal fekk ein karakter på 3,05 i gjennomsnitt. 40 ville vald Gjesdal dersom det vert kommunesamanslåing i framtida.

I dette dokumentet ligg alle kommentarane som har kome inn under folkeavstemminga . Det kom ikkje inn nokon kommentarar valgstyret oppfatta som ufine. Alt som er skrive finst difor her.

Vona må vera at denne store mengda av meiningsytringar kan brukast på ein konstruktiv måte. Her kan rett nok finnast eit og anna sleivspark og sikkert også eitt og anna bomskot, men alt i alt finst her eit tydeleg tverrsnitt av korleis øvredølane som kom og avgav sine røyster opplever situasjonen når det gjeld staden der dei bur.

Skulle nokon likevel vera freista til å lesa berre eit samandrag av det som står her, trur eg det må vera Vegard Tjørhom si røyst som best greier målbera eit slikt samandrag. Då tenker eg på intervjuvet NRK sørlandet gjorde med han den 25. november. Fylg denne linken og spel av med pila oppe til høgre:

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-soerlandet/sesong/202011/DKSL01022920#t=1h51m8s

Annonse

Nedanfor (og i pdf-dokumentet) kjem dei enkelte kommentarar frå alle dei som har stemt. Kvar kommentar er skilt frå dei andre med tre “pluss-teikn”:

+++

Håper det går an å bli enige.

+++

Tenker det er eit fint innbyggerinitiativ, men at nok debatten har tatt feil vending. Ideelt sett burde det vore politikarane som inviterte til debatt. Innbyggarane blei ikkje spurt då kommunen skulle vurdere samanslåing. Politikarane bør lære av denne prosessen og invitera innbyggarane meir til dialog og visa at dei lyttar til innspela.

+++

  • -For lite satsing på å få ungdommen heim.
  • -For lite bustader
  • -Satser for lite på øvredalen, når det gjelder turisme/sommerturismen spesielt.
  • -Viktig å beholde skolen
  • -Bra å si ifra, når vi ikke er fornøyde med politikken som blir ført i dalen.

+++

Politikarane frå sør i dalen lyttar ikkje godt nok til oss som bur i øvre del av dalen. Me blir avfeide som sytepaver som berre vil ha pengar. Men det er ikkje det dette handlar om. Me vil bli høyrde når det gjeld saker som gjeld oss. Me ynskjer respekt. Me ynskjer samhold. Me ynskjer arbeid. Me ynskjer eit levande øvre Sirdal med busetjing, skule og aktivitet også i vekedagar. Det er ap-politikarar som kjem med ”antydningar/hint” jevnlig om at Sinnes skule kanskje skal leggast ned. Det skapar uro og usikkerheit som ikkje er bra.

+++

Forventningar til politikarane:

· Behandlar saker etter vanlege politiske prinsipp: Faglege utredningar frå adm. som er utarbeida i samhandling med enhetar og dei som saka berører.

· Sluttar å kasta ikkje-utreda idear på møtebordet, stemma over fordi ein har fleirtal, og etterpå forsvara seg med at vedtaket er lovleg.

· Lytta til dei som bur i Ø.S.

· Open kommunikasjon.

· Behandla saker likt. Eks.: JA til å bruka koronamidler til å sikra gammalt hus, NEI til å bruka av dei same statlege midlane for å SIKRA elevane på Sinnes Skule mot snøras, sjølv om det er pålegg frå Arbeidstilsynet. Det er ikkje lik behandling.

Håp om endring:

Kan det me har vore gjennom føra til ei lokal arbeidsgruppe med mål: Korleis kan me auka folketalet her?

Arbeidsgruppa bør setjast saman av folk frå lag og forreningar, grendekontaktar o.s.v. Ikkje politikarar. Bygdene her oppe har mange dugande folk med ressursar.

Spørsmål ein kan belysa: Kvar er det bustadtomter? Korleis er det å pendla og bu her? Kan ein bu i hyttene sine og melde flytting? Markedsføra den fine, nye og gode skulen her og god, billig barnehage.

+++

SKULESAKA

Eg har mista tilliten til dei leiande politikarar i det nye fleirtalet. Skulesaka viste eit politisk spel der dei aller fleste familiar i Øvre Sirdal vart ein brikke. Det vart gjort fleire vedtak og sagt mange ting i saksgangen som var trist og rystande å vera vitne til. For meg var dei viktigaste sakene:

– Vedtaket om flytting av ungdomsskuleelevane i ombyggingsperioden.

– Prosessen med midlertidige lokale.

Begge desse sakene var prega av politikarar med «gode idear» utan evne til å ta imot innspel frå dei involverte. Større engasjement har ein sjeldan opplevd i Øvre Sirdal, utan at noko form for forsøk på politisk påverknad såg ut til å hjelpe.

Eg skal innrømme at mangelen på tillit påverkar måten eg les/høyrer politiske saker på i negativ retning. Eg trur dette gjeld mange, og meiner at det er svært viktig for politikarane å vinne tilbake tilliten om ein skal betre utfordringane Sirdal står i.

MINE RÅD TIL POLITIKARANE

Mine råd til politikarane i Sirdal, om ein ønskjer å vinne min tillit tilbake:

– I saker som i sterk grad påverkar enkeltpersonar eller grupper, lytt til og samtal med involverte partar og vis at deira meiningar er ein del av di vurdering i saken.

– Bruk stemma di i politiske fora til å argumentere for dine val. Når vedtak ikkje gjer meining hos folk, og ein ikkje får ein god argumentasjon vert det opp til fantasien å skape ein logikk i det som skjer. Det skaper mistillit og påfølgjande negativitet.

– Dersom det er vanskeleg å argumentere for ditt standpunkt, bør du sjekke om det finns andre synspunkt som er lettare å argumentere for. Det er lov å ombestemme seg. Det står til om med respekt av å ombestemme seg.

– Vær bevisste på skiljet mellom administrasjon/fag og politikk. I ein liten kommune som Sirdal har folk mange hattar og ein kjenner dei fleste. I Sirdal ser ein tendensar til at politikarar tek meir «ansvar» enn det dei eigentleg er meint å gjera.

– Hald deg til tema.

o Døme: Gjesdaldebatten. Tore forsøker å ta opp «menneskelege problemstillingar». Ordføraren svarar med økonomi. Resultatet blir at «Øvredølen» blir oppfatta som sutrete og bortskjemt, medan initiativet kjem frå eit ønske om ei levande og trygg bygd for både unge og eldre.

– Sirdal er ein kommune, men (minst) to lokalsamfunn. Det er viktig at politikarane får ei tydelegare forståing av at Øvre Sirdal i mange samanhengar er eit fullverdig lokalsamfunn, og det må me vera om ein skal oppretthalde busettinga her.

– Eit siste råd: De får no voneleg mange gode råd frå folk som er engasjerte i denne saka. Dette er deira tankar og oppfatningar. Les dei nøye og ta det på alvor. (Av erfaring veit eg at det som treff meg best, ofte også provoserer meg mest.)

MINE RÅD TIL SIRDØLEN

– Ver omtenksam når du uttalar deg. Mange har blitt såra eller støytt av ting som har blitt sagt i ulike samanhengar det siste året. Vis respekt og godta at me ikkje alltid er einige. Me er ikkje fleire enn at me treng ein annan.

+++

Dialog

Eg har sakna dialog frå politikarene. I skulesaka var det stort engasjement og vi var mange som skreiv høyringssvar og tok direkte kontakt med leiande politikarar. Men dei virka uinteresserte i kva me, som vedtaka deira ville ramma, meinte om saka. Me fekk tydelege signal om at dei visste best kva som var best for oss. Og i dei fleste tilfellene vart det av fleirtalet stemt i mot elever, foreldre og lærarar sine ønsker. Borna våre vart brikker i eit politisk spel me ikkje hadde nokon moglegheit til å påverka. Tore Kvæven inviterte til dialog, møtte opp og tok ein diskusjon me dei som var ueinige med han. Det står det respekt av, og det er noko eg har sakna frå dagens politiske fleirtal. Eg er glad for at skulen no blir bygd, men prosessen bak og ordskiftet i formannskap og kommunestyremøte dei siste åra har vore vond og satt djupe spor.

Kan me få ei endring?

Eg håpar at politikarene tek den diskusjonen som har vore no som eit signal på at ting ikkje har vore greit. Det handlar ikkje om kva me får eller ikkje får, me har det godt i Sirdal. MEN det handlar om korleis ein behandlar folk, korleis ein snakkar om og med andre menneske og det handlar om at politikarene bør lytte, også til dei ein er ueinig med. Eg håpar det blir ein endring no. Me har eit godt lokalsamfunn i Øvre Sirdal, og eg ønsker politikarene velkommen til å ta del i og bli kjend med bygdelivet her! Det trur eg vil vere viktig for at dei skal kunne ta gode avgjerdsler og for at me skal kunne ha ei god dialog i framtida.

+++

Det har blitt feil at ein har fjerna stillingar som bibliotek, helsehus og Fjellmuseum.

+++

Eg synest det er trist at Sirdal som ei lita bygd, som vi er, ikkje greier å ha eit godt samarbeid mellom Øvre og Nedre dalen. Heile denne “kampen” mellom øvre og nedre er så forankra i både språket og kulturen oss imellom, at for å få betring skulle ein måtta ha ei bevisstgjering om både språkbruk og kva haldningar og antagelsar ein har om kvarandre, og dernest bevisst øving på å lytte utan skulle svare men lytte for å forstå. For slik eg ser det no så er det så sterkt inngravert ei konkurranseånd mellom øvre og nedre. Det er ikkje eit godt eksempel å setje for den yngre generasjon sirdølar.

+++

Alle partiene må ha personer fra hele dalen på sine lister ved neste kommunevalg. Da blir det lettere å samarbeide for hele dalen. Slutt på krangel!

+++

Fylkessammenslåinga med Aust-Agder gjer at tyngdepunktet vert ennå lengre frå Sirdal. Trafikken til og frå Øvre Sirdal er stor frå Rogaland.

Lokalpolitikarar bør grunngje avgjerdene sine ovanfor veljarane sine. Dei bør anerkjenna ting som vert tekne opp i staden for å sopa ting under teppet.

Åtferda til leiiande politikarar i salen på Tonstad ville vorte definert som mobbing på ein skule. I ein rettssal ville det derimot vorte applaudert. Alt om å gjera å setja motparten i eit dårleg lys. Men er det slik me vil ha det? Eg skjemst i alle fall.

I skulesaka er det rart at ordførar ikkje har vore ute og orsaka til elevane og føresette. Reint menneskeleg burde det vore på sin plass ut over det politiske.

Som skuleeigar av to grunnskular er det rart at kommunen har pengar nok til den fylkeskommunale vgs, medan det skal spinkast og sparast på dei som kommunen sjølve er ansvarlig for.

Uhorveleg mykje dugnad på Sinnes skule; a) måla skulen sjølv. b) skulebu. c) Tarzan-løype både opp og ned.

+++

Ein ting er dårlige vedtak, ein annan ting er haldningar til engasjement og høyringar. Dagens politiske leiing køyrer over meiningar som kjem inn.

+++

Ønsker Sirdal over til Rogaland. Forsand, Gjesdal og Sirdal ville blitt et fint kompaniskap. Mange felles interesser. Skulle ønske Sirdal ap ville innta en holdningsendring: Ønske hele kommunen vel – samarbeid og utvikling i hele kommunen.

+++

Politiske vedtak er fatta på førehand. Veldig uheldig i eit demokrati. Dei vedtaka blir vedtatt utan å gå i djubden på konsekvensar av vedtaket.

+++

Eg tenkjer me har ein særs lite inkluderande ordførar. Ein ordførar skal lytta til folket og ikkje vera arrogant. Ordføraren slik eg opplever han, bryr seg ikkje om kva folk i øvredalen meiner. Han veit me er i mindretal uansett. Heile Arbeiderpartiet + Høgre har i denne perioden vore arrogante og ikkje lytta til folket, jmf. høyringar om kor elevane skulle gå på skule i byggeperioden. Retorikken politikarane i Sirdal brukar er arrogant og særs provoserande i forhold til oss i øvredalen.

+++

Dei som har fleirtal må høyra på dei andre i kommunestyret. Nå er det eit diktatur. Ikkje koma med utspel over bordet, men gå gjennom dei rette kanalane, for eksempel la det gå ein månad mellom at saka er oppe i formannskapet til ho kjem opp i kommunestyret.

Må respektera folk om dei bur i Ådneram, Oftedal eller på Tonstad.

Nå blir det sett ein prislapp på alt i øvre Sirdal, men det same skjer ikkje om det er noko på Tonstad, eller det ordførar og vara-ordførar vil.

Dei må slutta å byggja ned naturen med hytter.

+++

Kvæven er spesielt nedprioritert. “Fyrtårn i Øvre Sirdal”, har politikarane gjort vedtak om.

+++

Feil å fjerna stillingar ved bibliotek, museum, dagsenteret.

+++

Det har vært stor misnøye lenge vedrørene politiske vedtak i øvre Sirdal. Tenker denne avstemningen har skapt blest om hvordan folk i øvre Sirdal føler seg ignorert av politikere på Tonstad. Synest det er veldig trist at en så liten kommune som Sirdal skal være så splittet.

+++

Viktig avstemning.

+++

Veldig bra initiativ. Når Sirdal kommune har brukt 175 millionar kroner på skole og badeanlegg på Tonstad (som er fortjent), så synes jeg at vår ordfører ved å kalle oppussing av Sinnes skule for “en drittpakke” han overtok som ordfører, gjør at han ikke ser hele dalen.

+++

Gjerne Gjesdal, men me bør bli eigen kommune. Øvre Sirdal frå nord for Lindeland til Ådneram, og flytta fylkesgrensa slik at me kjem oss til Rogaland.

Få eit oversyn over “alle millionane” som er brukte i Øvre Sirdal. Dvs betalte av Sirdal kommune og ikkje av veivesen, bompengar ol.

Gjera om vedtaket om buplikt slik at folk/fastbuande har råd til å slå seg til, og byggja etter nokre år om dei vil. Etter gode leigeprisar på leigebustader. (dårlig formulert.)

+++

Den arrogante holdningen som er vist blant politikarane i mange saker, som Sinnes skule, bygdetunet, fjellmuseet og fleire andre saker er dårlig. Er det då løye at utflytta sirdølar ikkje vil flytta heim igjen?

+++

I vedtak angåande Sinnes skule blei “ folkeviljen” sett til sides. Eg trur mykje kunne vore vunne viss politikarane i denne saka hadde vist litt meir smidighet og velvilje.

+++

Om politiske vedtak: Der er unødvendig stress pga manglende respekt og god kommunikasjon, evne til å innrømme feil og å lytte. De ville stenge Sinnes skole. De bygger på skolen. De ville stenge grendehusene. Vi har beholdt dem. Pensjonisttilbudet ble minket. Det har øket. Biblioteket: Tilbudet ble minket. Det er som før. Etc….

Eksempler på absurd og unødvendig stress.

+++

Målet for politikarane bør vera å inkludera alle og skapa samhald mellom innbyggarane gjennom politiske avgjerder. Eg meiner ikkje at ein alltid skal få medhald, men at politikarane høyrer på dei det gjeld, og kan gje ein god grunn for kvifor ting ikkje kan prioriterast. Økonomi er eit dårlig argument når det blir brukt i nokre samanhangar og ikkje i andre.

Når det gjeld utbygging av Sinnes skule, midlertidig skulelokal og flytting av Sinnes-elevane og ungdomsskulen, synest eg ikkje deler av politikarane har lytta til dei det gjeld, gjort ein god nok jobb før avgjerd blir tatt (sjølv om enkelte skuldar på rådmannen). Samt at det virkar som om enkelte politikarar ikkje har ønska å satsa på øvre dalen. “Politisk revestrek” og “politisk drittpakke” synest eg ikkje er ei kjekk betegning på ei utbygging som ei arbeidsgruppe har jobba med over lang tid.

Gode argument for avgjerd blir ikkje alltid gitt, og om økonomi er argumentet, hadde det vore på sin plass å få ein trygghet om at ein blir priorietert då eller då. (Her tenker eg spesielt på utbygging Sinnes skule: skulle bli prioritert etter Tonstad skule, så etter Tonstad barnehage, så etter Tonstad barnehage byggetrinn 2, så kjem det plutseleg opp at det skal byggast ein fotballhall/ idrettshall. Det er ikkje rart om ein då blir engsteleg for at det aldri blir skulen sin tur.)

Eg har blitt møtt med følgjande frå politikarar og tilsette i kommunen når eg har snakka Sinnes skule sin sak: “Dykk bør vera forsiktige med å kreva noko, for det kan jo vera at skulen heller blir nedlagt.” Er det dette som er målet for nokre parti? (Altså nedlegging). I så fall må dei i alle fall vera opne om dette, og ikkje bruka det som ein måte for å få enkelte til ikkje å våga å seia si meining. Eg er glad i Sirdal og ønskjer ei levande bygd der ein føler seg verdsett og inkludert av dei som forvaltar kommunen.

+++

Ynskjer at Sirdal forblir ein kommune; respekt, ærlighet, rettferdighet er ord som kan bli brukt om politikarar i Sirdal i framtida. Om Sirdal blir samanslått sørover eller austover bør det sjåast på om øvre del av Sirdal bør gå til Rogaland.

+++

Å gje ei forklaring på vedtak som blir gjort hadde vore veldig takknemlig.

At høyringssvar blir lesne og tatt på alvor, burde vore ein sjølvfølge.

Politikarane burde høyra på folk i kommunen, ikkje overkøyra dei.

Gjer vedtak som er til det beste for heile kommunen, ikkje berre delar av han.

Høyr med folk der dei bur om kva som er best, ikkje ta avgjerdsler over hovuda på dei utan å gje ei forklaring.

Be om unnskyldning når noko gale blir gjort.

+++

Synd når man kutter i stillinger i øvre dalen, men lar være å kvitte proporsjonalt på Tonstad. Virker ikke som om politikarne alltid prøver å lage bedre stemning mellom bygdene.

+++

Dårlig kommunikasjon med div. Sinnes skule.

+++

Stor frustrasjon over at ein ser det har ein tendens til og ”gå ut over øvre del av dalen” Eksempel: Det er jo påkrevd å kutta stillingar, men resultat –(minus) to årsverk i Øvre Sirdal står ikkje i forhold overhode. Det er vel næmest dei einaste årsverka som er fjerna på mange år. Mens hovedtyngden offentlige stillinger er på Tonstad. Lite kommunalt engasjement når det kommer til turistnæring. Gjelder både vilje og penger.

+++

Mitt ynskje er at Sirdal skal bestå som ein kommune slik det er no. Men med dette sagt, meiner eg samstundes at det må ei KRAFTIG haldningsendring til på politisk nivå. Dalen må anerkjennast som EIN dal/kommune, både gjennom haldningar, tenestar, tilbud og generell bruk av midler/ressursar. Me i denne kommunen bør ha alle forutsetningar for å få til greie løysingar, tilbud og arbeidsplassar osv. Eg tykkjer det er frykteleg synd at desse forutsetningane skal verta sløste vekk og ”øydelagde” på politisk nivå! Samstundes er det vanskeleg å setja karakter i form av eit tal, då dette er over ein lang periode. I løpet av denne perioden har det vorte teke både nokre gode avgjerdsler/vedta. Det skal óg nemnast at nokre prosessar opp i gjennom tidene har vore uklanderbare. Ein annan ting verdt å nemna som talar positivt for dei siste 10 åra er ordningane i landbruket.

+++

Det er en del sentraliseringsvedtak som virker urimelig for oss i Øvre Sirdal. Skolesaken var ikke bra, verken før valget eller etter. Spesielt ungdomsskolen.

+++

Me treng ein kommune der politikarane kjenner det som om dei representerar og arbeider for heile kommunen, også øvredalen.

+++

Topp med avstemning.

+++

Dei siste åtte åra har det vore lite samarbeid i Sirdal kommune. Politikarane må begynne å lytte til kvarandre, til innbyggjarane og legge ned stridsøksene. Tillitten til dagens politikarar er svært svekka.

+++

Mange kjente og kjære ting er samla på Museet. Me vil ha museumet her oppe. Så Grimsby får ikkje rasere det til overnattingsplass. Då må han eller kommunen heller bygge på eit nytt anneks og så må han komme i gang så me får nytt liv her oppe. Det hjelper ikkje at Jonny Liland sa at me ikkje trong museum her oppe fordi der var museum i Kristiansand.

+++

Det må være lov i et demokrati å si sin mening uten at det blir oppfattet som syting. Håndteringen av skolesaken må være det største bruddet på demokratiske prosesser noen sinne i Sirdal. Nedleggelsen av stillingen på fjellmuseumet er et skritt i feil retning i utviklingen av Kvæven.

+++

Godt, riktig initiativ. Kjem ikkje fram at det kan være fleire gode grunnar til overgang til Gjesdal også uavhengig av konflikt. Kjenner at stemninga er lettare etter initiativet og debatten i kjølvannet av han.

+++

Kommunestyret bør behandle heile dalen likt, frå bunn til topp.

+++

Synes det har gått i feil retning demokratisk. Skulen blei feil, her viste demokratiet seg frå heilt feil retning. Null dialog her. Håper demokratiet kjem tilbake. Tore Kvæven er tøff. Han snakker med folk. Det burde politikarane også gjort. Ønsker ein god politisk tone, ulike meininger er heilt ok. Men ein bør kunne respektere folk. Ønsker ikkje denne udemokratiske stilen kor ting blir vedtatt i formannskapet.

+++

Like barn leker best. Hvorfor ikke se imot øst. Valle kommuen. Uansett hvilken vei man ser, vil Sirdal kommune være i en utkant. Valle kommune er også en utkant. Sliter kanskje med lignende problemer. Faren med større kommuner i forhold til Sirdal er en økonomisk årelating. Ingen medbestemmelse, eller råderett over naturressurser.

+++

Flerbrukshall på Tonstad istedefor sykehjemsplasser. At ordførerer tar æren for at det blir sykkelsti til Tjørhomfjellet når han ikke bidrar. At ungdomsskolen flyttes til Tonstad istedenfor at den flyttes til grendehuset på Tjørhom. Mye billigere og mer praktisk å pusse opp grendehuset enn å leie brakker. At kommunestyrets flertall mener at ”vi” bør være fornøyd med påbygget på Sinnes skole, selv om dagens bygg ikke er lovlig, og at ingen av nedredølene gadd å komme på befaring.

meninger