Home>Front>Utvidar valkrinsane til Lunde og Skeie
Et bilde som inneholder person, bygning, utendørs, mann Automatisk generert beskrivelse
Front Nyhet

Utvidar valkrinsane til Lunde og Skeie

Av Tore Kvæven

Etter å ha sett det store engasjementet frå personar busette under Dorgefoss, der dei sterkt har ytra ønske om å få vera med å røysta, har valstyret likevel drøfta dette på nytt. Me planlegg no å under røystinga operera med to urner. Ei for grendene frå øvst i dalen ned til Dorgefoss bru og ei frå denne brua til og med Lunde og Skeie.

Den planlagte røystinga for å vurdera om det skal søkast grensejustering av kommunegrense nærmar seg. Ho vil bli på Fjellmuseet på Kvæven onsdag 25. november klokka 17.00 til 21.00  og laurdag 28. november frå klokka 12.00 til 17.00.

Fram til no:

Sist vinter stod eg saman med ei gruppe øvredølar og diskuterte utviklinga her oppe. Me var alle frustrerte. Det vart drøfta om det beste tross alt hadde vore å freista å skifta kommune.

I etterkant skreiv eg eit lesarinnlegg der eg gav uttrykk for denne frustrasjonen. Eg peikte på diverse kutt kommunen har gjort i stillingar og tenestar og nemnte uroa vår for om me på lang sikt, viss denne utviklinga fortsett, vil forsetja som ei livskraftig grend.

Annonse

Nokre dagar seinare ringte eg Fylkesmannen for å få avklart det formelle vedr ei evt grensejustering. Regelverket seier at den som ynskjer det kan senda søknad om grensejustering til Fylkesmannen vedlagt kart og grunngjeving. Fylkesmannen avgjer om det føreligg grunnlag for å handsama søknaden. Viss dette skulle vera tilfelle vil det bli innhenta uttalar frå dei aktuelle kommunar og vedtak vil bli fatta i saka. Eg ser ordførar Jonny Liland (ap) skriv at det er kommunen som avgjer om grensjusteringar skal gjennomførast, men det stemmer altså ikkje. Jfr. Inndelingslova §8, fyrste ledd.

Eg kalla deretter inn til møte med grendekontaktane her oppe. Dette for å få eit inntrykk av deira innstilling i saka. Det kom fram gode argument både for og mot. Sjølv om det også kom fram sterke argument mot ei folkeavstemming, meinte dei fleste at det kunne vera ein ide å finna ut kva folk her oppe meinte om saka. Eit valstyre på fire personar har blitt sett saman: Arvid Tjørhom, Thomas Nygaard, Siri Ådneram og eg sjølv. I etterkant har me fått på plass datoar for avrøystinga og me har sett grensa for røystekrinsen ved Dorgefoss bru. Alle som er over 18 år og som har folkeregistrert adresse i grendene her oppe vil vera røysteberettiga.

Enkelte har hevda at alle i kommunen burde fått høve til å røysta. Noko slikt ville i vårt tilfelle gjort det umogeleg å tolka eit valresultat og var ikkje aktuelt (på linje med Brexit og at heile EU ikkje fekk røysta). Når det derimot gjeld områda frå Dorgefoss bru ned til og med Lunde og Skeie, finst det gode grunnar for at også dei kunne vore inkluderte. Bakgrunnen for at me først landa på nei var både at grendekontakten som representerar m.a. Skreådalen og Omlid opplyste om at han ikkje ville koma på møtet og at han var mot eit møte vedrørande dette, dernest at me forventa at desse grendene ikkje ville vera interesserte i grensejusteringar.

Etter å ha sett det store engasjementet frå personar busette under Dorgefoss, der dei sterkt har ytra ønske om å få vera med å røysta, har me likevel drøfta dette på nytt. Me planlegg no å under røystinga operera med to urner. Ei for grendene frå øvst i dalen ned til Dorgefoss bru og ei frå denne brua til og med Lunde og Skeie. Skulle avrøystinga i etterkant munna ut i at ein søknad skal sendast vil ein då ha avklart om søknaden skal sendast for begge desse valkrinsane eller berre for den eine. At me skal få dette til betingar likevel anten at me får oss overlevert manntalslister over kven som er busette i grendene nedanfor Dorgefoss eller evt at minst ein person herifrå, med god lokal kunnskap, er til stades under avrøystinga for å bekrefta at dei som kjem for å røysta er busette der. Sjølv skal eg ta ein telefon til Karl Edvald Fjeldså (som eg ser har vore ein av dei mest frispråklege kritikarane våre) for å drøfta om dette er noko det går an å få på plass. Så lenge dette blir avklart seinast 3 døgn før avrøystinga startar, vil også denne avrøystinga bli gjennomført.

Om valget:

Denne avrøystinga dreiar seg om ei privat røysting utan juridiske eller formelle implikasjonar. Ikkje verken politikarar, kommuneadministrasjon eller andre pliktar å ta omsyn til denne røystinga. Heller ikkje Fylkesmannen. Ho vert utelukkande utført for å få eit bilete av kva øvredølane faktisk meiner. På denne bakgrunn er ho i tråd med vår demokratiske tradisjon, og eg meiner at også våre folkevalde faktisk burde vera interesserte i å vita kva folk meiner, også i denne saka.

For at ein søknad om grensejustering skal oversendast Fylkesmannen vil det krevjast både god oppslutning om avrøystinga og eit fleirtal med god margin.

Me (og no talar eg på vegne av valstyret) har ingen ambisjonar om å oppfylla alle formkrava i høve til regelverket som gjeld td Kommunestyreval. Me ønskjer likevel å få til eit så etteretteleg og skikkeleg val som råd er. Det vil bli sett opp eit avlukke utan innsyn der røystinga vil foregå, det vil alltid, under avrøystinga vera til stades minst to representantar frå valstyret. Om nokon kan tenka seg å stilla som observatørar, både under avrøystinga og oppteljinga, er me positive til det.

Me arbeider for tida med å få oss tilsendt oppdaterte manntallslister over kven som busett i grendene våre. Å få dette utlevert har likevel vist seg vanskeleg. Skulle det ikkje gå, vil problemet løysast ved at representantane frå valstyret som sitt ved urnene under avrøystinga, og som har stor lokal kunnskap, i tvilstilfella skal avgjera om den aktuelle personen får røysta eller ikkje. Personar som ønskjer å røysta og som evt veit at det vil kunna stillast spørsmål ved om dei bur her eller ikkje, bør vurdera å ha med seg attest frå folkeregisteret med bustadsadresse.

Bilete: Tore Kvæven inviterte til dialog på Tonstad.

Et bilde som inneholder person, innendørs, bord, sitter

Automatisk generert beskrivelse

Tore Kvæven.

Røysteseddelen vil ha tre spørsmål:

1. Ønskjer du at det skal søkast om grensejustering for å bli del i Gjesdal kommune? Svaralternativ: ja, nei eller blankt.

2. På ein skala frå 1 til 10, der 1 er dårligast og 10 er best, korleis vil du vurdera Sirdalspolitikaranes vedtak gjennom det siste tiåret når det gjeld saker som vedrører Øvre Sirdal?

3. Dersom Sirdal kommune i denne runde består som før, men ein gong i framtida blir pålagt å slå seg saman med ein annan kommune, kva kommune meiner du i så fall me burde blitt slått saman med?

I tillegg vil det på røysteseddelen bli mogeleg å skriva kommentarar, både til politikarane, valstyret, eller til kven eller kva ein no måtte ønska.

Den som røyster, brettar seddelen, leverer han til stempling og dyttar han deretter sjølv ned i urna.

Målsetjinga vil bli å offentleggjera resultatet på Sirdalsmedia neste dag. Også kommentarane kjem til å bli offentleggjort, så sant dei ikkje innheld hets eller ufine åtak.

Det blir også lagt opp til at dei som ennå ikkje har bestemt seg, kan be om å bli informert og om å få svar på spørsmål dei måtte ha i lokala under valet. Dei som ønskjer å koma med kritikk eller som ønskjer å debattera saka, vil og vera velkomne. Utgangspunktet vil vera stor takhøgd for forskjellige meiningar.

Dialog:

For ei veke sidan inviterte eg til dialog på Tonstad vedrørande denne saka. Det var mange som kom bortom for å slå av ein prat, også fleire politikarar. Klimaet var fruktbart og tonen var fin. Mange av innspela eg fekk meg servert var definitivt gode og til ettertanke. Det slår meg likevel at øvre og nedre dalen lever med to veldig forskjellige verkelighetsoppfatningar vedrørande dei spørsmåla som vart debattert.

I denne veka inviterer eg også til dialog og twist i øvre dalen. Eg kjem til å stå utanfor GP torsdag 12.nov. mellom klokka 17 og 19. Om nokon kan tenka seg å drøfta saka, stilla spørsmål eller liknande, så kom bortom for ein prat.

Rådmannen:

Og til sist. Eg ser Rådmannen har kommentert den komande avrøystinga. Han opplyser at ingen har plikt til å røysta. Og det er jo heilt sant. Absolutt ingen har slike plikter, verken i denne eller andre avrøystingar. Men det ligg vel strengt tatt ikkje innanfor Rådmannens domene å skriva noko slikt. Eller har rådmannen i sympati og velvilje byrja støtta enkelte av sine innbyggjarar i saker han trur er viktige for dei? Skulle dette vera tilfelle vil eg be Rådmannen gå inn for balanse i reknskapa og opplysa om følgande: “Øvredølane har måtta svelga såpass mange kamelar i det siste, at det er berre så vidt dei orkar desserten.”

Dette lesarbrevet blir lagt ut på facebooksida Tilhøyrigheit i Øvre Sirdal, det same vil gjelda informasjonen som kjem i løpet av eit par dagar: “Liste over fordelar kontra ulemper med ei evt justering kommunegrensa.”