Home>Næringsliv>Historia om GP og Fredheim pensjonat
Et bilde som inneholder tekst, innendørs Automatisk generert beskrivelse
Næringsliv Nyhet

Historia om GP og Fredheim pensjonat

Av Hilde Tjørhom

Hilde har skrevet denne historia om sin farfar, GP, som bygde og dreiv pensjonat og butikk ved Svartevatn. Historia er laga for Sirdal historie- og kulturvernlag.

På 1940 talet kjøpte Gabriel Pedersen Tjørhom (GP) 200 mål på Svartevasstronde ifrå Gnr. 10, br.nr. 1, Tjørhom, av sin far Peder Torjussen Tjørhom. Dette fekk br.nr. 14.

Utgraving av tomt starta i 1944-45, medan bygginga av pensjonatet og butikken starta i 1946.

Drifta av pensjonatet starta i 1948 og blei driven av GP, medan broren, Ingvald Pedersen Tjørhom, drifta butikken. Etter nokre år tok GP over butikken.

Kona til GP, Helga, stod for den daglege drifta av pensjonatet frå tidlig 50-talet til avviklinga i 1984. Då var ho 72 år gammal.

Annonse

Pensjonatet bestod av to og ein halv etasje, og hadde åtte gjesterom med omtrent 24-25 senger. I tillegg til dette var det bustad til driftar/eigar og eit rom til ekstrahjelp i sesongane.

Vinterferien, og særleg påskeferien, var høgsesongane fram til tidleg 1960-talet, samt juli og august. I påska hadde familiar dei same romma år etter år. Dei bestilte allereie for neste år før dei reiste heim. I tillegg var det ventelister dersom nokre rom vart ledige. Det låg gjerne folk både i kjellaren og på loftet i påska, opp mot 28-30 personar totalt.

Då anleggsarbeidet på Sira-Kvina starta tidleg på 60- talet, kom det mange arbeidarar frå andre stadar til dalen, noko som auka belegget på pensjonata i dalen, særleg utanom turistsesongen. Dette bidrog til at fleire av pensjonata var i drift til ut på 80-talet.

I høgsesongen måtte Helga ha ekstrahjelp på kjøkken, servering og vask. Det var stort sett lokale damer/jenter i alle aldrar som måtte trø til. Dei som var der lengst, var Gunhild Sinnes (Nesset, Kvednhusbakken) og Gudrun Sirekrok (Valevatn).

I 1954 fekk GP løyve av Øvre Sirdal Heradsstyre til å kjøpe bil registrert som «hotellvogn», for kjøring av pensjonatets gjestar. Den fyrste var ein brukt 1952-modell Chevrolet. I 1958 kom ein ny 1957-modell Opel Kapitän og i 1968 ein 8 seter VW transporter.

På slutten av 60-talet kom det nye brannforskrifter som gjorde at fleire forbetringar måtte gjerast for å halde drifta gåande vidare.

Alt har ein ende.

Utover 80-åra minka arbeidet på Sira-Kvina utbygginga. Byggestoppen for hyttene blei oppheva, som førte til at mange tidlegare gjester bygde eigne hytter. Helga blei eldre og nye oppgraderingar måtte gjerast for vidare drift. Dette førte til at når siste påskegjest reiste heim 2. påskedag i 1984, var Fredheim Pensjonat, Svartevatn, historie.

Foto: G.P. i kjent positur i butikken.

Et bilde som inneholder tekst, utendørs, skip, fjell Automatisk generert beskrivelse

Kombinert bygg for pensjonat og butikk.