Home>Kommunen>Prat med Erna Solberg
Et bilde som inneholder person, gulv, innendørs, gruppe Automatisk generert beskrivelse
Kommunen

Prat med Erna Solberg

Dette var stas, skriv lærar Hilde Sinnes på heimesida til Sinnes Skule då mellomtrinnet deltok i direktesending med statsminister Erna Solberg, Viktor Solberg og Markus & Martinus.

Både elevar og gymsal var pynta til møte med stasministeren onsdag. Sendinga vart livestreama på regjeringen.no, og var ein del av kampanjen «Take the Ball».

Hilde fortsett på nettsida: Karlis stilte spørsmål om berekraftsmål nr. 3 om god helse frå elevane på Sinnes: I følgje Ungdata har norsk ungdom det stort sett bra. Dei siste tiåra har imidlertid stadig fleire unge rapportert om psykiske helseplagar. Aukinga har vore størst blant jenter, men også gutar rapporterer no i aukande grad om slike plager. Kva tenkjer Statsministeren ligg bak denne utviklinga? 

Erna Solberg svara at det er viktig å ta vare på kvarandre, ikkje vera opptatt av at alt skal vera perfekt og at det er bra at livsmeistring er blitt ein del av timeplanen i skulen.

De kan sjå heile sendinga på regjeringa si heimeside.

Foto: Sinnes skule.

Annonse

Et bilde som inneholder gulv, person, innendørs

Automatisk generert beskrivelse