Home>Front>Per Magne har jobba 41 år som frivillig
Front Nyhet Turløyper

Per Magne har jobba 41 år som frivillig

Av: Borghild Kvæven

2020 sette deltakarrekord for Fjelljegeren i Sirdal, noko som ikkje hadde vore mogeleg utan mange timer frivillig innsats i fjellheimen.

Heilt sidan starten av Fjelljegeren for 41 år sidan har Per Magne Sinnes vore med. Sommartilbodet hadde 272 deltakre i 2020, nesten 100 meir enn året før. Ideen til fjelljegeren kjem frå Magnar Undheim, og i løpet av åra har det vore over 130 ulike turmål. Dei tre nye turmåla for sommaren 2021 har Sinnes allereie funnet fram til. Den eine toppen ser du i videoen her:

Foto: Borghild Kvæven

Fjelljegeren Fakta:

Annonse

  • 15 postar på ulike topper i Sirdalsheiene
  • 3 nye postar kvart år
  • Kvar post varer minst 3 år
  • Hilleknuten og Kvinen er faste postar
  • Sirdal Skilag er arrangør
  • Postane ligg ute seinast 30.mai kvart år
  • Varer til seinast 22.september