Home>Kultur>Kong Harald på Kvinen
Et bilde som inneholder tekst, person, innendørs Automatisk generert beskrivelse
Kultur Nyhet

Kong Harald på Kvinen

I Setesdal er historia om Bjørgulv Myhola (1872 – 1968) kjent. Oldebarnet Svein Inge Olsen har kome med ny bok om mannen: «Den siste av dei gamle». Boka er interessant og gir litt kultursoge for mange i nabokommunen Sirdal også. Mykje er likt i dei to dalføra.

AGNAR KLUNGLAND har omtale ei ny bok; «Den siste av dei gamle «.

Det er ei bok om ein kjendis, ein original som ikkje let seg rive med av det nye i tida, ein oksekøyrar, ein forteljar med utrulege soger i minnet – den siste av dei gamle! Boka kom ut i april 2021. Interessa er så stor at nytt opplag alt er under trykking. Kulturbøker knytt til personar har aukande interesse for tida. Boka om den kjende setesdølen har mykje med om Sirdal og litt om Kvinesdal. Den gir eit innsyn i ein kultur som er spanande og verkeleg. Svein Inge Johnsen har fått fram mykje om menneska som ikkje kjende byen, men meir om dei som budde i dei store heieområda Setesdal Vesthei. Alt skildra på ein livaktig og morosam måte, også dyre-soger som ein kunne tru var fantasi. I dei 160 sidene stiftar lesaren betre kjennskap til samfunn som mange bare har høyrt om. Djupare sett fortel boka om kva skader sentralisering gjer på eit samfunn, sjølv om Noreg

har vore meir stabil i utkantane enn Sverige.

KONGELEG: Eit av dei mest kjente bilete frå Kvinen. Kronprins Harald (t.h.) var på militærøving der, og blei godt kjent med Gunhild og Aslak Kvinen. Aslak blir son til Tarjei og far til Einar som lever ennå.

Annonse

Bilde teke på Kvinen frå boka om Gunhild Kvinen. Gunhild og Aslak Kvinen med kronprins Harald til høgre og adjutanten til venstre. Aslak var son av Tarjei Kvinen og tok over drifta på Kvinen etter han. Saman med kona, Gunhild. Ho vart ein personlegdom i seg sjølv.

Et bilde som inneholder tekst, ku, utendørs, gammel

Automatisk generert beskrivelse

Den siste boka om Bjørgulv Myhola; «Den siste av dei gamle».

Kvinen – meir enn turiststasjon

Kvinen var ein turiststasjon mange frå Flekkefjord nytta. Det var ikkje ein stad langt inne i høgheia. Det var eit knutepunkt til alle årstider. Dei som traska i heieområda, var innom øvre delar i Fjotland, og mange tok turar vest over til Stavanger. Slik blir Sirdal og Setesdal bunden saman. Så kjem banda til Amerika som var viktig for setesdøler og sirdølar! Hovudpersonen i boka er litt skuld i at Setesdal hamna på UNESCO si verdsarvliste. Det seier mykje om krefter i sogene i Bjørgulv Myhola si ferd og gjerd i Setesdal og heia over til Sirdal. Han var stadig ute med oksar på reiser andre brukte hest. Tolv oksar i alt.

Sirdal-kamerat

Bestefar til Einar Kvinen, Tarjei, var bestekameraten Bjørgulf Myhola i Setesdal. Dei møttes ein gong i året! Venskapen Bjørgulv hadde med Tarjei Kvinen vara i tre generasjonar, sjølv om Tarjei bare var tenåring då Bjørgulv døydde. Boka har episodar der lova blei bråten. På sine eldre dagar flytta Sigrid og Bjørgulv til Evje. Då fall dei berømte orda: Her er ikkje verande i Evje sokn. Dei bruka lova! Boka har med det velkjente bildet av foreldra til Einar, Gunhild og Aslak Kvinen, saman med kronprins Harald. Boka har også ei spesiell hending om ein hest som blei så vond på veg til marknaden i Stavanger at han måtte temmast på Kvinen. Slik var Kvinen meir enn ein turiststasjon. Frå Øvre Setesdal var vegen til Stavanger via Kvinen og Sirdal. Mykje kyr, hestar og sauer hadde turar nettopp innom Kvinen.

Boka fortel om den tragiske ulukka på Kvifjorden då Tarjei fraus i hel etter lang kamp mot kulde og død.

Eit anna heieliv

Bjørgulv Myhola vert rekna for ein av dei viktigaste informantane til «Gamalt or Setesdal» som Johannes Skar skreiv. New York Times omtalar Setesdal som ein godt verna skatt. Mykje av det verdfulle har Svein Inge Olsen fått fram via oldefaren Bjørgulv Myhola, den siste av dei gamle. Sanneleg er boka også ei kultursoge frå nabodalen Sirdal.

Det er skrive mykje om Bjørgulv. Han fortalde på innpust og utpust om «gofa» han var oppkalla frå, kjempa Bjørgulv Uppstad. Pål Vollen skreiv i Fædrelandsvennen om den kjende oksekjøraren med døle bunad. Ein kunne spørja Bjørgulv om kva ein ville og tida bakover blei nær og aktuell, skriv Olsen.

Kanskje dei levde langsamare, men dei var i seg sjølv ei forteljing frå gamle dagar med mykje som i dag kan verka framand. Men livet til Bjørgulv er i seg sjølv ei verdifull forteljing med mykje artig og alvor. Men han lika seg ikkje i Åseral! Mangel på kjærleik til Åseral var så sterk at han ville ikkje gravleggast der. Verken han eller kona ville stå opp att med åsdølar på domens dag!

Trua på ein guddom stod sterkt. Som den siste med gamalt Setesdals-mål fortalte Bjørgulv om myter, om ei verd med fantar, slåssing og drikking. Dei rekna med at lensmannen blanda seg ikkje inn i slagsmål om det ikkje stod på livet. Det var viktigare med landegrenser og rett til heieområde. I boka om Gunhild Kvinen fortel Karthon Håland noko om hendingar som strir mot sunn fornuft, om ei tru der dei «radla med Vårherre». Bjørgulv var den siste som aldri kledde seg i anna enn dølebunad, han hadde historier som ein knapt kunne tru var sanne. Mest kjent er han likevel for køyring med oksar. Han sleit ut i alt 12, og hadde turar til Kvinen over heia med okse og slede.

Et bilde som inneholder tre, utendørs, person, stående

Automatisk generert beskrivelse

Bjørgulv med sin gode ven, Tarjei Kvinen.

Store sterke karar

Å prøva seg på lyftesteinar var ein idrett i gamle dagar i Sirdal og Setesdal. Kjemper som Bjørgulv Uppstad (1789 – 1866), bestefar til Bjørgulv Myhola, var vidt kjent. I boka er omrisset til dei store nevane til bestefaren over halvanna side. Store løftesteinar er enno å sjå i Setesdal og i Sirdal. Sirdølen Håvard Valevatn lyfta ikkje, men flytta den store steinen som i dag ligg ved Dorgefoss. Han hadde periodar der han sette inn alle kreftene sine, supplerer Torjus Kvæven. Kjempesteinane er eit døme om sams kultur i Sirdal og Setesdal

Boka har elles forteljingar om fantar, spøkelse (spøkri) og trollmenn, om bjørnar i kamp og dyr i fare. Mykje av dette er fortald av Bjørgulv Mostad som døyde i Skomedal i 1968. Framstillinga er morosam, gjev lyst til vidare lesing. Slik er boka om den siste av dei gamle ikkje bare ei bok om ein setesdøl, men ei kultursoge som har mykje til fellestrekk med Sirdal.