Hjem>Front>Løypemaskinane parkert
Et bilde som inneholder himmel, utendørs, solnedgang, transport Automatisk generert beskrivelse

Løypemaskinane parkert

Sirdalsløyper avsluttar sesongen med dette innlegget på Facebook.
Då avsluttar me løypekjøring for denne sesongen. Me vil takke alle som har kome med hyggelige meldingar og innspel. Og spesielt tusen takk til alle dei som fant fram fakturaen eller vipsa ekstra på slutten av sesongen 🙂

Me legg med ei oppsummering av sesongen i tekst og bilder, som viser ein sesong med mykje fint vèr, men milde periodar innimellom. Det har eigentleg vore lite snø heile vinteren, så det har vore krevande for løypekjørarane, så dei har lagt ned ein stor innsats.

Snøen kom i starten av desember 2020, og det blei kjørt med scooter og matte Nesset- Degdammen, Hønedalen og Flesebekk-Donsen. Det kom ikkje meir snø før i slutten av desember, då blei det kjørt nokre løyper med tråkkemaskin. (Hønedalen, Sesilåmitrasèen og Flesebekk-Donsen) Etter ennå litt meir snø, og kaldt vèr, blei løypene kjørt opp frå den 10 januar. Det var kaldt og hardt, og såpass lite snø at det var vanskelig og frese og kjøre så mykje i løypene.

Både Jogledalen og Instestølløypa blei kjørt opp før 1. februar, som B løypene skal køyras ifrå. Og frå 5. februar blei også Kvine løypa kjørt. Løypa over Ognhedler til Kvine blei kjørt 12 februar men det var ein del vind etter dette. Og mildværet førte til overvatn her, så den blei bare kjørt på ny eit par gonger til.

Det var ein lang og kald periode med drømmeforhold og trikkeskinner, og mykje folk i løypene. Så fekk me mildvær før vinterferien, som reduserte snømengden ein del, men sålane var fortsatt faste og fine. På slutten av vinterferien var det hardt.

Starten av påsken starta også med regn og tåke, som tærte på snøen igjen. To gonger blei snøbrua inn til Kvinen øydelagd, så denne løypa har blitt lite kjørt. Me har og ein utfordring i starten av Jogledalen, der snøen blåser eller regner bort, så det har vore stopp der også i vinter. Falkedalsløypa blei klargjort til påsken, men når finværet kom, var snøbruene tatt også her av mildvèret.

Annonse

Allikevel klarte me og kjøre dei aller fleste løypene i påsken, og det var fine forhold, sjølv om det blei fleire og fleire bare flekker. Det blei også kjørt to helger etter påske, og Flesebekk-Haugevatn den aller siste helga, 24 april.

Nå ventar me på sommar, der me blant anna vil fortsette og merke nokre av Sirdal seven summits.

Et bilde som inneholder utendørs, snø, himmel, scene

Automatisk generert beskrivelse

Flotte løyper.