Hjem>Kvæven>Johanna holdt talen for dagen

Johanna holdt talen for dagen

 

På Sinnes var det oppholdsvær under 17. mai-arrangementet. Det startet på Kvæven med sang og innslag fra elevene ved Sinnes skule. Eivind Klemetsen dirigerte hele skolen ved sang av Ja, vi elsker dette landet. Senere på ettermiddagen var det avslutning med vokalgruppa på Sinnes.

Det var også bilkortesje på Sinnes og rundt rundkjøringen. Veteranbilklubben sammen med politiet hadde ansvaret for dette arrangementet. Deretter var det bilrebus.

Foto: Johanna Tjørhom holder talen for dagen.

Et bilde som inneholder utendørs, person, himmel, personer

Automatisk generert beskrivelse

Elevene fra 1. – 7.klasse sang under opptreden på Kvæven.

Talen for dagen ved Johanna Tjørhom:

I dag er det 17. mai, grunnlovsdagen, Noregs bursdag, gratulerer med dagen! Men kvifor feirar me eigentleg 17. mai? Ja, dei fleste veit at det er fordi at grunnlova vart laga på denne datoen. Men kvifor vart den laga akkurat då? No skal de få høyra ein kortversjon av kvifor me feirar 17. mai.

For 207 år sidan, i 1814 skjedde det mykje i Noreg. I januar det året kom det ein avtale, der det stod at Noreg skulle bli gjeve til Sverige, etter over 400 hundre år i union med Danmark. Dette likte ikkje han som var leiar i Noreg då. Derfor samla han totalt 112 menn frå store deler av Noreg på Eidsvoll, for å laga ein grunnlov. Dei starta 10. april, og holdt på med grunnlova i ein månad og ei veke, til dei til slutt var ferdige på 17. mai. Då hadde alle desse mennene jobba hardt for å bli ferdige med grunnlova så fort som mogleg, slik at Noreg skulle rekke å bli eit eige land før Sverige overtok. Men dette fungerte ikkje, det vart ein krig på litt under ein månad, og det vart gjort mange forhandlingar. Til slutt vart Noreg og Sverige einige om at Noreg skulle få lov til å behalde grunnlova, men at me fekk ein svensk konge. Mange i Noreg trudde dette var eit tap og var sinte på leiarane i landet, men etterkvart viste det seg at Noreg sin union med Sverige var mykje mindre streng og lettare enn den me hadde med Danmark. Og då fekk Noreg det betre og betre som land. Så grunnlova til Noreg var ikkje berre noko tilfeldig som vart laga då dei hadde tid. Og den er fortsatt viktig i dag.

Dette er altså grunnen til at me feirar 17.mai kvart år. No brukar me å feire 17. mai med å gå i tog og ha mange leikar på skulen. Me pleier og å eta så mykje is me vil, og proppa oss fulle av kaker og god mat. Dei fleste pyntar seg litt, og nokon går kanskje og i bunad. Men i fjor og i år har det vorte litt annleis. På grunn av korona så er det ikkje lov å feira 17.mai heilt som vanleg. Men eg synest me i Sirdal både er heldige og flinke. Heldige fordi koronasituasjonen ikkje er så ille, og flinke fordi me klarar å gjera det beste ut av slik som det er no. Når me ikkje kan ha leiker og tog på Sinnes som vanleg, vert det i staden bilrebus på Kvæven. Korona kjem til å gå over, det er eg heilt sikker på, og då kan me få lov til å gå i tog og ha vanlige 17.mai-leikar igjen.

Annonse

Eg synest det er veldig kjekt å feira 17. mai her i Sirdal. Dette fordi alle samlast og me har mange morosame aktivitetar i lag, uansett om det er korona eller ikkje.

Eg er veldig glad for at eg bur her i Sirdal.

For det fyrste er det veldig fin natur her. Eg kan gå på ski, på fjellturar eller gå på fisketur. Det er mykje å halde på med, med ein gong eg går ut av døra. Me har og kjempegod plass rundt oss. I Noreg er kanskje ikkje dette så uvanleg, men i store delar av verda bur folk veldig trongt. Og spesielt no i koronatida har me merka kor heldige me er som kan vera i naturen. Og det har vore deilig at me har så god plass. Men eg synest det aller beste med Sirdal er innbyggjarane. Alle på skulen kjenner kvarandre og leikar med kvarandre i friminuttane, og det har ingenting å seie kva for eit klassetrinn ein går på. Dette synest eg er veldig fint, og eg trur ikkje det er så mange andre stadar som har det slik. Ein annan ting er at i Sirdal kjenner dei fleste vaksne og born kvarandre nokså godt. Me hjelp kvarandre, og dette synest eg gjer det veldig trygt å bu i Sirdal. Eg veit at det alltid er nokon rundt meg, som kjenner meg og kan hjelpa meg med ting.

Eg tenkjer at 17.Mai minner oss på kor heldige me er. Me har eit eige land, me har ein eigen grunnlov og me bur i Sirdal.

Tusen takk for meg, gratulerar med dagen og god 17. mai!

Et bilde som inneholder person, utendørs, tre, personer

Automatisk generert beskrivelse

Bjarne Sinnes fra veteranbilklubben og Lena Bøgwald fra 17.mai-komiteen.