Home>Kultur>Ny leiar i historielaget
Kultur Nyhet

Ny leiar i historielaget

Helge Thorbjørn Tonstad ble valgt til ny leiar av historielaget under årsmøtet torsdag. Magnar Undheim takka av etter 10 år som leiar.

Undheim har vore leiar av historielaget sidan 2011, og tykte no det var på tide å gje roret vidare til nokon andre.

  • «Det er slik det er, ein treng å skiftast ut, slik at nye idear og kreative tankar kan koma fram», seier Undheim. Han takkar for den gode innsatsen til styret gjennom hans 10 år som leiar. Med ein slik positiv iver som er i styret, så tykkjer han det har vore lett å vera leiar gjennom så mange år.

Undheim ønskja den nye leiaren til lukke, og har stor tru på at dette vil vera ei god utvikling for laget. Sjølv held Undheim fram som styremedlem, så heilt ute er han ikkje endå.

Helge Thorbjørn Tonstad har ikkje tidlegare vore med i styret, men har i mange år vore medlem av historielaget. Han gler seg til denne nye rolla, sjølv om han ikkje veit heilt kva han har sagt ja til.

«Det kjennes nesten som å hoppe etter Wirkola», seier han, medan han får assosiasjonar til eit minne frå barndomen då Sirdal hadde fleire hoppbakkar nord i dalen. Medan han fortel, kjenner resten av årsmøte på at dei er godt nøgde med den nye leiaren – han kan både forvaltning og formidling av historie.

Det var 13 stk. tilstade på årsmøte, og det kjendest godt å kunne samlast att etter eit år utan noko særleg aktivitet i laget. Koronapandemien sette ein stoppar for fjorårets planlagde evenement.

Annonse

Det var elles godkjenning av årsmelding og rekneskap, og det nyvalde styret består av: Agnar Haugen, Per Magne Sinnes, Lilli Ane Lindeland og Magnar Undheim.

Sirdal Historie- og kulturvernlag vart skipa i 1989, og hadde 50 medlem i oppstartsåret. I 2021 er det 180 medlem.

Etter årsmøte-sakane var gjennomgått, var det tid for historieforteljing. Magnar Undheim og Gudrun Kristine Ovedal fortalde om ein tidlegare kjend sirdøl som har gått litt i gløymeboka: Journalisten og biletkunstnaren Ragnvald Jørgensen (1899-1979). Han har etterlate seg viktige kulturspor, og neste årsskrift kjem til å handla ein del om han. I tillegg skal kulturkontoret ha ei utstilling i «Galleri Sybjen» i sommar, som skal syne eit utval av biletkunsten hans. Dersom nokon der heima har maleri eller teikningar som han har laga, så ber me dei ta kontakt med kulturkontoret.

Foto: Helge Thorbjørn Tonstad vart vald til ny leiar etter Magnar Undheim (til høgre).

Et bilde som inneholder person, mann, innendørs, stående

Automatisk generert beskrivelse

Per Magne Sinnes (til venstre) takka Magnar Undheim for innsatsen.