Hjem>Front>Viktig kjelde til historie

Viktig kjelde til historie

Av Gudrun Kristine Ovedal

Eit gamalt hus er ei viktig kjelde til historie. Her kan ein læra om gamle handverksteknikkar og praktiske løysningar frå ei tid som ikkje lenger er. Hand i hand med bygningen si historie, får ein eit gløtt inn i ei anna tid, og eit møte med korleis kvardagen var då, med ulike skikkar og gjeremål.

Sirdal kommune kjøpte det gamle våningshuset «Indre Hauan» i januar. Huset er plassert i Tonstad sentrum, og har høg antikvarisk verdi. Den eine stova er frå 1700 talet, og det er det er det eldste huset av sitt slag, som framleis er bevart i Sirdal.

Litt historie om huset

Namnet på bruket har samanheng med at det tidlegare var to store gravhaugar her på Tonstad, Asalhaugen (der kyrkjelydsenteret står i dag) og Tinghaugen (der Helsehuset står i dag). Bygningen har vore ein viktig del av miljøet langs den gamle bryggevegen, som var sentrum av Tonstad. Dette var i ei tid då vatnet var den viktigaste ferdselsåra, og dampbåten Fram gjekk i rute på Sirdalsvatnet. Indre Hauan har vore bustadhus og det har vore gardsdrift her. I tillegg til det, har det vore ulik bruk av huset opp gjennom tidene. Her har vore gjestgiveri og bakeri, skulestove og krambu. Fram til 1900 fungerte huset som tinghus.

Annonse

Krambu: Kjelder har sagt at dei som dreiv krambu her, var kjøpmann og madam Olsen frå Flekkefjord, dei som i si tid innførde stiv snipp. Me kjenner ikkje meir historie kring dette, så det hadde vore veldig interessant dersom nokon har meir informasjon om dette. Då må dei gjerne ta kontakt med oss.

På folkemunne er det mange som kallar huset for «Eliashuset», etter Elias Olsen Tonstad. Sentrumsområde utanfor har òg fått namn frå han, det er kalla «Eliastunet». Elias vokste opp her, og overtok garden i 1912. Han var nokre turar i Amerika, men kom heim og busette seg her etter krigen og budde her fram til sin død i 1952. Det er mange historier om Elias, og han spelte ei viktig rolle i det sosiale liv i gamle Tonstad sentrum. Han var glad i å ha menneske rundt seg, flink til å fortelja historier og tok vare på gamle gjenstandar og tradisjonar.

Å leita fram gamal kunnskap

Indre Hauan er rik på historie! Her er det mange interessante kapittel som fortel historie. Sirdal kommune ønskjer å samla inn informasjon, og kartleggja så mykje ein kan om bygningen si historie og alle dei særeige bygningstekniske element som er her.

Ein kjem til å leggja ut informasjon om ulike tema, der ein òg etterlyser lokalkunnskap, og vil vera svært takksam om nokon tek kontakt for å gi oss meir informasjon.

Dei to fyrste tema kjem her, det handlar om profilhøvlar og om bakaromn. Etterkvart vil ulike tema bli presentert på heimesida til kommunen, og me vil oppmode folk til å gå inn og lesa dei ulike presentasjonane. Her er mykje nytt å læra, og kanskje du kan bidra med kunnskap om materialkunnskap eller gamle tradisjonar.

Tema 1 – gamle profilhøvlar

I kjellaren til Indre Hauan er det to inngangar, og det er bevart ei av dørene. Denne døra vil me laga ein nøyaktig kopi av. Døra som er bevart har vore dør inn frå gateplan til butikken (eller «kråmbua» på dialekt) som var i huset. Døra er kledd med panel i fiskebeinsmønster, og dette panelet har ein flott profil som me vil kopiere. Dette vil me helst gjera på gamlemåten, med bruk av ein gamal høvel.

Me har ikkje funne nokre profilhøvlar i huset, så me vil difor etterlyse om nokon kan ha liggjande gamle profilhøvlar heime. Kanskje i ein gamal kasse på loftet, eller i bua. Me er veldig interessert i å få låne denne for å sjå om det kan vera rett profil, og for å få registrert ulike gamle profilar.

Profilhøvel: Høvel som vart brukt til å laga golvlister, eller listverk for tak, vindauge eller dør. Profilen kunne òg bli nytta på møblar. Profilen vart høvla for hand.

Foto: Øyvind Moen på loftet på Indre Hauan.

Et bilde som inneholder tekst, bygning

Automatisk generert beskrivelse

Tema 2 – Mysteriet bak bakaromnen

I det andre kjellarrommet, bak «kråmbua», er det ein flott bakaromn. Denne skal me skrive meir om i eit seinare tema, for den har mykje interessant å fortelja. Men, det som i fyrste omgang har vekka interesse hjå oss, er innretninga som er på baksida av omnen. Her er det grave ei «nedsenking» i støypen, slik at det vart eit rundforma rom. Det er òg ei slags «renne» ut frå denne. I midten ser det ut som det har vore ei rund jernplate.

Kva er dette mon tru? Kva funksjon hadde denne innretninga?

Me har ein teori om at dette kan vera ei slags «tørkehylle» for korn, då dette var i ei tid då kornet var viktig for bonden i Sirdal, og det var kornåker rett utanfor Indre Hauan. Dette, i kombinasjon med at ein kunne steika flatbrød og lefse på takka når varmen frå bakaromnen var sterk frå undersida. Kornet kunne tørkast på ettervarmen.

Dersom det var slik, så var dette ein genial måte å nytta all varme frå bakaromnen på.

Dette er førebels berre ein teori, men me er veldig interessert i å få meir kunnskap om dette. Dersom nokon har informasjon, eller liknande døme frå andre stadar, så ber me dykk om å ta kontakt med oss.

Et bilde som inneholder tekst

Automatisk generert beskrivelse

Ta gjerne kontakt med oss

Har du informasjon om nokre av desse tema, ta gjerne kontakt med oss.

Sirdal kommune

Eigedomsavd. Øyvind Moen / Telefon: 952 46 098

/ E-post: Oyvind Moen@sirdal.kommune.no

Kulturavd. Gudrun Kristine Ovedal / Telefon: 38 37 90 70 eller 942 77 230

/ E-post: gko@sirdal.kommune.no

Et bilde som inneholder tekst, utendørs, tre

Automatisk generert beskrivelse