Hjem>Friluft>Bandtvang i heia og senk farten
Et bilde som inneholder stein, fjell, utendørs, pattedyr Automatisk generert beskrivelse

Bandtvang i heia og senk farten

Av Anders Tjørhom

Leier av beiteområdet til HTSK Beitelag(Handeland, Tjørhom, Sinnes og Kvæven).

Etter ein hektisk periode i sauefjøs og på heimebeite er sauene no slepte på heia for å beita og ha fine dagar fram til september/oktober. Mange har fått med seg driftene med sau og lam som kjem ned frå fjellet når hausten nærmar seg, til dømes til Kvæven. Dette er stort sett sauer som høyrer til nærmare kysten, slik som på Jæren eller lenger ned på Sørlandet. Dei «lokale» sauene har beiteområda sine nærmare bygda og er stort sett dei dyra ein kjem i kontakt med som fastbuande eller hytteeigar i løpet av sommaren. At sauene gjer ein innsats med å holde nede kratt og vegetasjon er noko mange kjenner til og set pris på. Andre har kanskje opplevd å komme til ei hytte der det har vore «heime aleine-fest» og finne ut at gjødselbehovet for dei neste fem åra er dekka. Det finns med andre ord både positive og negative sider med kombinasjonen beitedyr og turisme. Eg vil difor prøve å komme med nokre tankar og tips, slik at ein kan forebygge nokre av dei uheldige situasjonane som kan oppstå, både for folk og dyr.

Sau og hytter

I Sirdal er det fleire beitelag der ein samarbeider om å ha dyr på beite. Det kan til dømes vera samarbeid om gjerding, tilsyn eller sanking. Beiteområda ein har tilgang til omfattar i mange tilfelle og utmark som har vorte nytta til hytteutbygging. Til dømes ligg både Gravassryggen, Tjørhomfjellet, Slettekvæv, Tjødnestøl, Soleiknuten, Rubetødnane og Berli i beiteområdet til HTSK Beitelag(Handeland, Tjørhom, Sinnes og Kvæven). Har ein hytte ein slik stad må ein ta høgde for at ein kan få besøk av sau i løpet av sommaren. Fine plenar, blomar og små lauvtre er innbydande for sau. Diverre ser ein difor ofte at sauene tek seg til mest til rette rundt dei hyttene der det har vore lagt ned mest krefter på eit fint uteområde.

Ein kan sjå mange variantar av tiltak som blir gjort for å halde sauene borte frå hytteveggen, dei fleste av dei er gode. Dei sauene som vel å finne ly ved ei hytte gjer dette anten for å komme unna regn eller for å få skugge på ein varm sommardag. Det vil me andre ord halde lenge om ein stenger av under terrassar og takutstikk for å gjera hytta mindre interessant. Mange kler inne holet under terassen. Kjetting eller ein enkel straumtråd fungerer og i dei fleste tilfelle dersom ein ønskjer ei hindring som er lett å ta opp og ned på ein terasse eller ei trapp. Straumnetta ein kan få kjøpt må ein berre bruke dersom det vert sett på straum og dersom det er under dagleg oppsyn. Ein kan risikere at dyra viklar seg inn i desse, spesielt om dei finn ut at det ikkje er straum og vil presse seg gjennom eller hoppe over gjerdet. Tenk og over korleis du set opp eventuelle straumgjerder/nett. Ein har sett tilfelle der sauene lett kjem seg inn via til dømes ein stein, men så ikkje klarar å komme seg ut att. Det kan fort bli utriveleg for både sau og hytteeigar.

Annonse

Gjerder

Det er sett opp gjerder på strategiske plassar i beiteområda. Desse skal sørge for at dyra held seg i utmarka og ikkje trekker ned til bygda. For at dette skal fungere er det viktig at gjerdene får stå oppe og at grindane vert lukka. Nokre sauer vert spesialistar på å finne hol i gjerder eller stiar som ikkje er avstengde og kjem seg ned til bygda. Dette er ofte til stor irritasjon for både bonden og dei det går ut over. Oppfordringa vert difor å stenge grinder og sørge for å rette opp at gjerder dersom ein skulle vera uheldig å trakke dei ned. For bonden sin del vert sauen som regel sett opp på lista over potensielt pinnekjøtt-materiale dersom slik adferd vert omfattande.

Hund

Bandtvangen er sjølvsagt, og heldigvis respekterer dei fleste den. Likevel ser ein stadig eksempel på at hundar har fått springe litt på eigahand. Dette kan bety dyr som ligg daude/sprengte med skum ut av munnen, opprivne lam eller sau og lam som har mista kontakten i stresset og ikkje finn ein annan att. Det er ingen problem for ein sprek hund å øydelegge ein sau om den får springe på eigahand ein liten halvtime. I delar av Hønedalen som tidlegare har vore beita vil det til dømes ikkje bli sett inn sau dette året. Dette er på bakgrunn av gjentakande tilfelle med daude eller skada dyr som følgje av laus hund.

Skada dyr

Me er svært takksame for all hjelp og observasjonar enkelte hytteeigarar kjem med i løpet av beitesesongen. Skulle du komme over skada eller daude dyr er det fint om du gjer beskjed til nokon som kan hjelpe eller ta seg av dyret. Alle sauer og lam har to øyremerke og ein vil som regel finne telefonnummeret til eigaren om ein ser på innsida av dette. Ring gjerne om du finn skada lam eller send ein melding med bilete og stad det vart funne om du skulle finne eit daut lam eller laust øyremerke. Det kan spara bonden for mange dagar på leit til hausten. Ta eventuelt kontakt med beitelaget i området du befinn deg, dersom du ikkje klarar å få sett inni øyremerket.

Et bilde som inneholder himmel, utendørs, gress, fjell

Automatisk generert beskrivelse

Sau og trafikk

Store delar av Hunnedalsvegen går gjennom beiteområde. Dette gjeld og over heiane til Lysebotn og Setesdal. Om me som trafikkantar er ekstra merksamme og kanskje senker farten litt i desse områda vert det ikkje mange uhella gjennom ein sommar. Kjem ein for fort på sau og lam i vegkanten kan ein risikere at dei hoppar ut i vegen utan at ein rekk å stanse. Spesielt motorsyklistar er utsette for skade om ein skulle støte i ein sau eller eit lam.

Skulle du være så uheldig å skade ein sau eller lam i trafikken bør du vera klar over at dersom du melder frå til politi og forsikring om hendinga vil både dyr og eventuelle skader på bil bli erstatta frå bilføraren sitt forsikringsselskap. Ta og kontakt med dyreeigar.

Dei finn seg mat sjølve

Ei positiv, men samtidig problematisk side med sauen er at mange vert tamme fort. Nokre rundar med kraftfor eller anna snacks er nok til å få ein venn for livet. Det er difor ikkje lurt å fore dyra som går på beite. Då vil ein unngå å trene dei opp til å søke mot folk, trafikk eller bygningar. Ta heller eit bilete på avstand og nyt synet av landskapspleiarane som arbeidar heile sommaren for å halde beiteområda i Sirdal og Sirdalsheiane opne og fine.

Anders Tjørhom

Leiar i HTSK Beitelag

90639997