Home>Front>Er det nok hyttebygging ?
Et bilde som inneholder gress, utendørs, person, mann Automatisk generert beskrivelse
Front Hytter Nyhet

Er det nok hyttebygging ?

Av Sigurd Haugsgjerd, Setesdølen

  • Me må kjenne historia for å sjå verdiane av heiane og forvaltninga der i dag, meiner mangesyslaren Odd Kvinen i Sirdal. Førstkomande laurdag inviterer han setesdølar og sirdølar til kulturvandring frå parkeringsplassen ved Roskrepp kraftverk like ved Øyervatn og halvannan times gange inn til hyttene ved Sigurdsheller. Det er Statskog som eig desse i dag. I 2017 vart dei varig verna av Riksantikvaren.

Et bilde som inneholder vegg, mann, gammel, eldre

Automatisk generert beskrivelseSigurd Haugsgjerdredaktor@setesdolen.no

Folk som vil vere med på kulturvandringa, kan køyre bil like inn til Roskrepp kraftverk og vere der kl. 10. Då startar vandreturen for dei fleste, men er det deltakarar som treng båttranport over Øyervatn, kan også det ordnast.

Programmet ved Sigurdsheller startar kl. 12. Dette er eit område med mykje historie i seg. Odd Kvinen, som har det daglege ansvaret for hyttene, driv også Sirdal Huskyfarm med polarhundar på guida turar i desse heiane vinterstid. Hyttene ved Sigurdsheller vart renoverte på slutten av 90-talet og har sidan vore disponerte av Sirdal Huskyfarm i samband med naturbasert næring. Hyttene ligg innanfor landskapsvernområdet.

Foto: Ein plass må det vel gå ei grense for kor mykje hyttebygging heiane våre kan tole, seier Odd Kvinen som vil ha debatt om forvaltninga. Foto: Sigurd Haugsgjerd

Et bilde som inneholder utendørs, vann, gress, fjell

Automatisk generert beskrivelse

Hyttene ved Sigurdsheller i Hytteheia mellom Sirdal og Setesdal byr på mykje historie som blir presentert under kulturvandringa førstkomande laurdag. Det er Statskog som eig hyttene i dag, men Odd Kvinen har hatt leigeavtale dei siste 20 åra, og bruker hyttene i naturbasert næringsverksemd.

Annonse

Folketal og hytteeksplosjon

Fyrstkomande laurdag er det kulturen og historia knytta til det mektige fjellandskapet det skal dreie seg om. Dessutan vil han sette forvaltningsproblematikken under debatt.

-I dag ser ein korleis meir og meir av naturen rundt oss i fjellbygdene blir overtatt av store, omfattande hytteutbyggingar. Medan auken i talet på hytter har eksplodert, har folketalet i desse innlandskommunane gått ned. Ein plass må det vel gå ei grense, seier Odd Kvinen. Han undrar seg difor over at dei største hyttekommunane også er dei som slit mest med å halde oppe folketalet.

-Kan det tyde på at det ikkje er nokon automatisk samanheng med å ha mange hytter og samstundes vere attraktiv som tilflyttingskommune. Det er ikkje sikkert at det er mange hytter og eit svingande folketal frå påskeutfart og sommartrafikk til altfor stille periodar resten av året som er det beste trekkplasteret for å få folk til å slå seg ned i desse kommunane, seier Odd Kvinen.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

Turen til Sigurdshedlar startar ved Øyarvassbu.