Hjem>Front>Bredbånd langs Suleskardveien
Et bilde som inneholder utendørs, bakke Automatisk generert beskrivelse

Bredbånd langs Suleskardveien

Nå skal det legges fiberbredbånd langs Suleskardveien, fra Suleskard til Brokke, på fylkesvei 450. Det vil styrke det nasjonale kjernenettet med tverrforbindelse mellom Øvre Sirdal og Setesdal. Veibanen blir utvidet med 30 cm som følge av dette arbeidet. Årlig passerer 70.000 biler denne sommerveien.

Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Frafjordheiene (SVR) har med hjemmel i naturmangfoldloven gitt Lyse Fiber løyve til å legge bredbånd i landskapsvernområdet.

Foto: Fylkesvei 450 skal få fiberbredbånd langs veikanten fra Suleskard til Brokke. Her ved Håheller.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

Fiberbredbånd skal legges fra Suleskard til Brokke. Kart: Norgeskart.

Agder Fylkeskommune har godkjent prosjektet og skriver blant annet i begrunnelsen:

Agder fylkeskommune ønsker ringstrukturer og bedre robusthet i fibernettet i regionen. Det er i dag ingen tverrgående fiberkabler i Setesdal mot andre dalfører. Fiberkabler som forsyner Øvre Sirdal inngår heller ikke som en del av en ringstruktur og det bør derfor kobles til bedre redundante løsninger. I fjor initierte derfor DDA (Det Digitale Agder) til et møte mellom relevante fiberaktører og resultatet er nå at det planlegges et felles kommersielt prosjekt over Brokke til Suleskard. Lyse fiber har fått prosjektansvaret av øvrige fiberselskaper.

Annonse

Andreas Veggeland i kommunikasjonsavdelingen hos Lyse, opplyser at oppstart av gravearbeidet ikke er klart. Muligens blir det i høst, eller i løpet av 2022.

Verneområdestyret

Arbeidet skal utførast i tråd med søknad og beskriving i kart og gjeld følgjande tiltak:

  • •  Fresing av 3 cm. breitt spor i inntil 30 cm. djupne for nedlegging av fiberkabel og trekkerøyr langs vegkant (trenching). Attfylling med masse og forsegling med asfalt i inntil 30 cm. breidde der det i dag er vegskulder i grus.
  • •  Graving av grøft med inntil 40 cm. breidde og inntil 40 cm. djupne i vegskulder på enkelte korte strekningar for å legge ned fiberkabel og trekkerøyr.
  • •  Plassering av trekkekummar på møtestader eller i vegskulder i tråd med kart

Verneområdestyret vil presisere at tiltaka må gjennomførast utan utviding av breidda på vegskulder eller graving i terreng.

For løyvet gjeld følgjande vilkår:

  • •  Arbeidet i vernesona skal gjennomførast i den perioden vegen er open for allmenn ferdsel, dvs. f.o.m 21. mai t.o.m 31.10.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

  • •  I område med hekkelokalitet for rovfugl skal arbeidet gjerast etter 15. juni. Dette gjeld strekning merka grøn line kart 1. I område med villreintrekk skal arbeidet avsluttast seinast 15. oktober. Dette gjeld strekning merka med blå line i kart 2.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

  • •  Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for å hente inn naudsynt tillating frå andre offentlege instansar og råka grunneigarar.

Som grunngjeving for vedtaket legg verneområdestyret vekt på at tiltaket skjer innafor eksisterande vegbane og vegskulder og vil vera lite synleg etterpå. Av omsyn til villrein og hekkelokalitet for raudlista rovfugl er det naudsynt å avgrense tida for gjennomføring. Med desse vilkåra er vurderinga at tiltaket ikkje vil stri mot verneføremålet og ikkje vil påverke verneverdiane nemneverdig. I høve til nærleik til rovfugllokalitet er det lagt vekt på føre-var prinsippet i naturmangfoldloven § 9.

Økosystemtilnærming og samla belastning

Årleg passerer det om lag 70 000 køyretøy over veg Brokke – Suleskard. Vegen genererer også mykje menneskeleg ferdsel ut frå vegen. Mykje av denne er knytt til turistforeininga sitt løypenett nord-sør i heia. Særleg mykje ferdsel har ein på stien mellom Øyuvsbu turisthytte og parkeringa ved Brokke – Suleskardvegen. Aktivitet frå beitenæringa genererer også ein god del ferdsel, særleg i tida for slipp og sanking. Gjennom hausten er det ein del ferdsel i sambandmed jakt.

Dei regulerte magasina Rosskreppfjorden og Øyarvatn ligg nær vegen. Dammane på Rosskreppfjorden er godt synleg frå vegen. Den samla belastninga på nærområda til vegen vurderast som særleg høg i sommarhalvåret. Aktiviteten vinterstid er i første rekke knytt til tilsyn av kraftanlegg samt transport til driftshusvære nordover og sørover i heia. I tillegg ferdsel i turistforeininga sine vintermerkte løyper frå mars månad og utover.

Vurdering etter naturmangfoldloven § 48

Ein føresetnad for at det kan gjevast dispensasjon etter denne paragrafen er at tiltaket ikkje strir mot verneføremål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig.

Tiltaket som skal gjerast er knytt til vegbanen og vegskulder og vil i liten grad vera synleg etter at arbeidet er avslutta. Av omsyn til villrein vil det som nemnd vera viktig at arbeidet med legge fiberen skjer i tida vegen er ope. På strekninga der villreinen normalt kryssar vegen på hausten bør arbeidet avsluttast seinast 15. oktober. Sjå kart 2. Trafikken på vegen vert mindre utover hausten og det vil vera uheldig med mykje støyande aktivitet etter denne datoen.

Normalt vil det då vera ein del dyr i nærområdet til vegen og der mykje forstyrring kan forseinke trekkaktivitet over vegen og villreinen sin bruk av nærområda til denne.

På ei strekning ved Urdevotni er ein innafor influensområdet for hekkelokalitet for raudlista rovfugl. Lokaliteten synast å klare seg greitt på tross av vegtrafikk og aktivitet på hytter i området, men det er vanskeleg å vite kor tolegrensa går. Til forskjell frå vanleg biltrafikk vil arbeidet med å legge ned fiberbreiband gå saktare og bråke meir. For å ta omsyn til hekkelokaliteten bør ein difor unngå arbeid på strekninga før 15. juni. Sjå kart 1.

Det er grunn til å tru at med fiberbreiband i vegen vil det på sikt kome førespurnad om tilkopling til hytter i nærområdet til vegen samt til kraftanlegg ved Øyarvatn og Rossekreppfjorden. For hytter vil interessa truleg bli særs avgrensa som følgje at det ikkje er straum på hyttene. Legging av fiber inn til andre installasjonar vil uansett vera søknadspliktig etter verneforskrifta.

Som omtala ovanfor vil asfaltert vegbane bli breia ut med 30 cm som følgje av tiltaket. Det vil kunne betre trafikktryggleiken, men vil samstundes vera ei standardheving som til ein viss grad kan bidra til å auka trafikkmengda. Med mengda trafikk som allereie er på vegen vurderer ein at tilleggsbelastninga av dette har liten påverknad på verneføremål og verneverdiar.

Mobildekningen på veistrekningen Suleskard – Brokke er nesten lik null. For å øke sikkerheten og beredskapen, har flere drøftet mulighetene for å få bedre mobildekning i dette området. Særlig Rosskreppfjorden har vært nevnt som aktuelt sted, hvor det både finnes strøm og fiber fra før.