Home>Front>HalloVenn i Øksendal
Et bilde som inneholder person, innendørs Automatisk generert beskrivelse
Front Nyhet

HalloVenn i Øksendal

Av Dagny Irene Tonstad Torsteinbø

HalloVenn er eit alternativ til knask og knep, der temaet er å vere venner og «Det du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera mot dei.» På HalloVenn ynskjer me å vere inkluderande og gode mot kvarandre, som me me ynskjer at skal prege livet elles. I år hadde ikkje kyrkja moglegheit til å arrangere HalloVenn, så då tok FamilieKRIK Sirdal ansvaret. FamilieKRIK byrja med HalloVenn i 2014, og sidan har det vore ein del av Kyrkja i Sirdal si trusopplæring.

Et bilde som inneholder tekst

Automatisk generert beskrivelse

I år var arrangementet tre-delt på Øksendal Skule, der barn frå 0 år til 7.klasse var invitert og der 120 barn var påmeldt til alle tre opplegga. 0 år-2.klasse kom først i følge med foreldra. Her ønska me snille kostymer og ingen skumle masker, men alle var velkomen uansett, og ein kunne kome utan kostyme óg.

Dyr, nissar, prinsesser, superhelter, klovner og eventyrfigurer i alle varianter kom med smil og tomme bøtter.

Barna fekk prøve seg på mange ulike «tivoli»-aktiviteter der det var premier på kvar post. Lykkehjul, pilkast på ballongar, bowling, hesteskokast, «fotball i mål», ansiktsmaling og gøyale bileteplater der ein kunne fotografere seg som «strongman», løve, sirkusdirektør og ballerina. Mykje snop og snacks var å hente inn på dei ulike postane og det var stor stas å gå heim igjen med fulle bøtter!

Et bilde som inneholder gulv, person, bakke, sport

Automatisk generert beskrivelse

Då det første opplegget var over kom 2.-4.klasse og 5.-7.klasse. Dei fekk óg fulle bøtter med digg, i tillegg til underhaldning, leiker og laser-tag-game ute i mørkre. Laser-tag kan samanliknast med paintball, der to lag skal ta kverandre ut, berre det er med lasersignal som blir sendt ut og tatt inn på pistolen.

Annonse

Alle storkoste seg og det blei her óg servert pizza, brus/slush og pølser, og popcorn frå to 50l gryter med megaspade. Når kvelden nærma seg slutten blei det premiering til kveldens beste, morsomste og mest kreative kostyme, ei vanskeleg kåring fordi alle var så kule og flotte! Me kan nevne gamle «Berta», Drakula, cowboyer, ninjaer, skjelett, Charlie frå Charlie og sjokoladefabrikken, ei kul høne, Dr.Strange frå Marvel, ein kanin og fotballspelarar som var nokre av mange gjennomførte karakterer.

Et bilde som inneholder person, familie

Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder person, innendørs

Automatisk generert beskrivelse