Home>Kommunen>Flinke turistar
Et bilde som inneholder innendørs, rotete, elementer, klær Automatisk generert beskrivelse
Kommunen Nyhet

Flinke turistar

1.-4. trinn ved Sinnes skule starta første skuledag etter påskeferien med å delta på Plastkappløpet 2022 for å plukka søppel. Etter storinvasjon av turistar som nyttar skulegarden i feriane, forventa dei å finna masse på 15 minutt. Det gjorde dei ikkje. Elevar og lærare kan seia seg godt nøgde med flinke turistar som ryddar opp etter seg.

I april er det tid for Nordens største vårreingjering – plastkappløpet 2022! Norden i skolen utfordrar klassar på alle klassetrinn i heile Norden til å vera med på å motverka forsøpling i april månad. Me valde å plukka i skulegarden. Målet med konkurransen var å vekka skuleelevane si interesse og vilje til å takla problemet med forsøplingen av naturen vår. No kryssar elevane fingrane for at dei vinn opptil 5000,-kroner til klassekassen!