Hjem>Nyhet>Forlenga til 15.april 2024
Et bilde som inneholder tekst, fjell, utendørs, bilvei Automatisk generert beskrivelse

Forlenga til 15.april 2024

Innkrevjinga i bompengeprosjektet Fv45 Gjesdal (no Fv 450)  skjer med grunnlag i Stortinget sin tilslutnad til Prop. 127 S (2009-2010).
Frå Ferde sin prosjektavtale med Vegdirektoratet  framgår det at lengda på bompengeperioden er 12 år frå 15. februar 2004, opplysar Marit Husa, kommunikasjonsdirektør i Ferde til Sirdalmedia.

– Ved ein inkurie er datoen for avsluttinga av innkrevjinga i ein del dokument blitt oppgitt å vera 15. april 2024. Rett dato for utløpet av innkrevjingsperioden er 15. februar 2024.

I  bompengeproposisjonen er det lista opp namngitte prosjekt som skal finansierast med bompengar. Men det står også at bompengar kan finansiera «Andre punktutbetringar», utan at dette er nærmare spesifisert. Samferdselsdepartementet viser i proposisjonen til  at

«utbygginga av Fv 45 har karakter av ein bompengepakke. For bompengepakkar er det vanleg at omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Departementet legg til grunn at dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt i pakka. Plansituasjonen viser at kostnadene ved prosjekt og tiltak i fase 2 av utbygginga er usikre. Utbygginga omfattar i stor grad utbetringstiltak og mindre prosjekt. Det bør derfor ikkje vera problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.»

https://www.regjeringen.no/contentassets/353f5dbc1bb942258582db5706b806d0/nn-no/pdfs/prp200920100127000dddpdfs.pdf

  • Det er Rogaland fylkeskommune som er oppdragsgjevar for bompengeprosjektet Fv45 Gjesdal. Ferde overfører innkravde bompengar til Rogaland fylkeskommune i samsvar med finansieringsplan og rekvireringsplanar. Det er oppdragsgjevar som har ansvar for at dei rekvirerte bompengane vert nytta i samsvar med føresetnadane i bompengeproposisjonen, seier Husa.

Foto: Nye prosjekt skal utbetras før bommen blir teken bort 15.april 2024.

Annonse