Hjem>Nyhet>Trekker seg frå eldrerådet
Et bilde som inneholder person, vegg, innendørs Automatisk generert beskrivelse

Trekker seg frå eldrerådet

Av Eldrerådsleiar Solbjørg Tjørhom

Brev til

Sirdal kommune v/ Ordførar Liland og kommunaldirektør Fuhr.

Etter å ha tenkt ei stund har eg kome fram til at eg ønskjer å trekke meg som leiar og medlem for eldrerådet.

Bakgrunn:

Annonse

Eg har i to periodar vore kommunestyrepolitikar for KRF i Sirdal. I 2019 stilte eg ikkje til val. Eg vart hausten 2019 vald inn som leiar i eldrerådet i kommunen. Noko av det me i eldrerådet har brukt tid på dei siste åra er å bli kjent med kvalitetsreformen for eldre «Leve hele livet» som kom i 2018. Dette er ein reform eg har forventingar til og som mellom anna legg mykje vekt på viktigheten av medverknad og kartlegging av ulike behov og ønskje frå dei eldre. På bakgrunn av dette har me i rådet arbeid godt med vår høyringsuttale til den komande helse- og sosialplanen og forventa at vår stemme var viktig i den anledning. Det står eit samla eldreråd bak dei innspela me har kome med i høyringsuttala.

Eit viktig og relevant punkt i vår høyringsuttale var innbyggarmedverknad og at ein skal kartlegge behova og ønska til tenestemottakarane. Gjer ein dette på eit tidleg tidspunkt vil vi eldre oppleve medverknad og det vil gje eit meir treffsikkert utgangspunkt for det vidare arbeidet. Det er og i tråd med prinsippa ein finn i kvalitetsreformen.

I oppvekst- og levekårsutvalet vart forslaget spelt inn, men raskt avslått utan at det vart diskutert eller teke til votering. I formannskapet vart forslaget teke til votering og nedstemt av fleirtalet. Før votering var det ingen diskusjon rundt innhaldet i punktet, derimot argumenterte ordføraren slik: «Leiar av eldrerådet har hatt sterke meiningar om helse og omsorgspolitikken tidlegare, og det er ikkje til å stikka under ein stol at me har vore uenig med vedkommande.»

Eg erfarer at tidlegare politiske innspel frå underteikna står i vegen for eldrerådet si stemme i lokaldemokratiet. Slik skal det ikkje vera og er etter mi meining leit. At ein har ulikt syn på saker er ein naturleg og viktig del av politisk arbeide og det skal ikkje stå i vegen for at ein skal bli lytta til i

demokratiske prosessar. At eg er engasjert og som politikar har hatt sterke meiningar om helse- og omsorgspolitikk skriv seg frå utdanning og 50 års brei erfaring innanfor feltet.

Eg ønskjer ikkje å stå i vegen for godt samspel mellom dagens politiske leiarar og eldrerådet, og trekkjer meg difor som leiar og medlem av eldrerådet.

Tjørhom

13/05/2022

—–

Eldrerådet sin høyringsuttale til helse og omsorgsplanen.

Vedteke einstemmig i eldrerådet 1.mars.

Planforslaget er stort, eldrerådet kommenterer punkta som angår tenestene og rettane til dei eldre.

Kap. 1.1: Innbyggjardialog.

Kap. 4.2: Førebyggande heimebesøk.

I planforslaget finn vi lite talgrunnlag som seier noko om eldre sine ønskje og planar for livet vidare. I andre kommunar har det vorte gjort systematiske samtalar m/spørjeskjema som dermed gjev grunnlag for satsingsområder i nye planar.

  • Eldrerådet bed om at slik kartlegging vert gjennomført som første tiltak i handlingsplanane. vidare bør slik kartlegging  gjennomførast med gjevne mellomrom. (slik som Ungdata fungerer) Eldrerådet støttar ideen om helsestasjon for eldre, der heimebesøk og kartlegging kan implementerast.

Slik kan heimetenesta få oversikt over behov for :

1: Dagtilbod, behov for møteplassar, kafetilbod.

2: Bruk og kompetanse av IKT. Forutsetning for bruk av velferdsteknologi.

3: Buforhold, tilgjengeleghet, behov for transport.

o.s.v.

Kap.3.1:Folkehelsetiltak for eldre.

Lang vinter skapar behov for innetilbod med fysisk aktivitet. Glatte vegar og tun gjev lett for mykje innesitjing.

1: Styrka fysioterapi/aktivitetstilbodet.

2: Styrka bassengtreninga.

3: For Ø.Sirdal bør Grendehuset oppdaterast til møteplass, treningslokale o.s.v.

4:Utvikla transporttilbod frå utkantbygdene til ulike møteplassar.

  • Eldrerådet ønskjer vedvarande satsing på folkehelsetiltak, både for fysisk og psykisk helse i tråd med alle desse 4 punkta.

Kap.4.2: Oppgradering av bygningsmasse.

1: Omdisponering av areal på Sirdalsheimen til ei meir moderne drift.

2: Kartleggja behovet for tilrettelagde bustadar for eldre til leige eller eige. (til       kostpris)

3: Kafetilbodet  ved dagsenteret på Tjørhom er svært populært, men arealet er alt sprengd. Dei tilsette dukar på samanleggbare bord dei monterer opp og ned. Lokala er små, tronge og mest umogelege for personar t.d. i rullestol,  utearealet gjer tilkomst vanskeleg, kan ikkje kallast universell. Arealet på dette dagsenteret gjev ikkje rom for fysisk trening, berre for stillesitjande aktivitetar.

  • Eldrerådet meiner at i gjennomføring av dei ulike handlingsplanane bør dei eldre verta spurt og engasjert gjennom samlingar, pensjonistforeningar og eldreråd. Skal me eldre vera med i planlegginga av framtida vår, må to-vegskommunikasjonen auke, det gjeld både frå administrativ og politisk leiing.

Sirdal eldreråd 1.mars 2022.

Solbjørg Tjørhom, leiar.

Foto: Solbjørg Tjørhom trekker seg som eldrerådsleiar Her frå åpninga av Sinnes skule.