Hjem>Front>Presenning fjerna over «Indre Hauan»
Et bilde som inneholder utendørs, bygning, himmel, hus Automatisk generert beskrivelse

Presenning fjerna over «Indre Hauan»

Presenninga som har vore over det historiske huset på Tonstad, er no fjerna. Det står fram med nytt og moderne «ansikt» i sentrum.

Av Gudrun Kristine Ovedal, Kyrkje & Kultur

Sirdal kommune kjøpte det gamle våningshuset «Indre Hauan» i 2021. Huset er plassert i Tonstad sentrum, og har høg antikvarisk verdi. Den eine stova er frå 1700 talet, og det er det er det eldste huset av sitt slag, som framleis er bevart i Sirdal.

Namnet på bruket har samanheng med at det tidlegare var to store gravhaugar her på Tonstad, Asalhaugen (der kyrkjelydsenteret står i dag) og Tinghaugen (der Helsehuset står i dag). Bygningen har vore ein viktig del av miljøet langs den gamle bryggevegen, som var sentrum av Tonstad. Dette var i ei tid då vatnet var den viktigaste ferdselsåra, og dampbåten Fram gjekk i rute på Sirdalsvatnet.

Indre Hauan har vore bustadhus og det har vore gardsdrift her. I tillegg til det, har det vore ulik bruk av huset opp gjennom tidene. Her har vore gjestgiveri og bakeri, skulestove og krambu. Fram til 1900 fungerte huset som tinghus. På folkemunne er det mange som kallar huset for «Eliashuset», etter Elias Olsen Tonstad. Sentrumsområde utanfor har òg fått namn frå han, det er kalla «Eliastunet».

Elias vokste opp her, og overtok garden i 1912. Han var nokre turar i Amerika, men kom heim og busette seg her etter krigen og budde her fram til sin død i 1952. Det er mange historier om Elias, og han spelte ei viktig rolle i det sosiale liv i gamle Tonstad sentrum. Han var glad i å ha menneske rundt seg, flink til å fortelja historier og tok vare på gamle gjenstandar og tradisjonar.

Annonse

Under: Maleri av Ragnvald Jørgensen, Tonstad sentrum i byrjinga av 1900-talet. Her ser ein Indre Hauan med driftsbygningar.

Indre Hauan er ei viktig kjelde til historie

Eit gamalt hus er ei viktig kjelde til historie. Her kan me læra om gamle handverksteknikkar og gode praktiske løysningar frå ei tid som ikkje lenger er.

Hand i hand med bygningen si historie, får me eit gløtt inn i ei anna tid, og eit møte med korleis kvardagen var då, med ulike skikkar og gjeremål.

Indre Hauan har mange spennande element som fortel historie! Sirdal kommune ønskjer å samla informasjon, og kartleggja så mykje me kan om bygningen si historie og alle dei særeige bygningstekniske element som er her. Me har tidlegare skrive litt om dette på heimesida, og me oppmodar til å ta kontakt med oss dersom det er nokon som har meir lokalkunnskap om desse tema, og kan bidra med informasjon.

DØR MED GAMLE PROFILAR

I kjellaren er det to inngangar, og det er bevart ei av dørene. Døra har vore dør inn frå gateplan til butikken («kråmbua» på dialekt) som var i huset. Døra er tofløyd, og kledd med panel i fiskebeinsmønster. Panelet har ein flott profil som me vil kopiere. Dette vil me helst gjera på gamlemåten, med bruk av ein gamal høvel.

KRÅMBU

Kjelder har sagt at dei som dreiv krambu her, var kjøpmann og madam Olsen frå Flekkefjord, dei som i si tid innførde stiv snipp. Me kjenner ikkje meir historie kring dette, så det hadde vore veldig interessant dersom å høyra dersom nokon har meir informasjon om dette.

TØRKEHELLA BAK BAKAROMNEN

I det andre kjellarrommet, bak «kråmbua», er det ein flott bakaromn, som har ei sjeldan «innretning» på baksida. Her er det grave ei «nedsenking» i støypen, slik at det vart eit rundforma rom. Det er òg ei slags «renne» ut frå denne.

I midten ser det ut som det har vore ei rund jernplate. Me har ein teori om at dette kan vera ei slags «tørkehylle» for korn, då dette var i ei tid då kornet var viktig for bonden i Sirdal, og det var kornåker rett utanfor Indre Hauan. Kanskje, i kombinasjon med at ein kunne steika flatbrød og lefse på takka når varmen frå bakaromnen var sterk frå undersida. Kornet kunne tørkast på ettervarmen. Om det var slik, så var dette ein genial måte å nytta all varme frå bakaromnen på.

  1. Frå «Kråmbua» i kjelleren.
  2. Bakaromnen.
  3. «Tørkehella» bak bakaromnen.

Arbeid med bygningen

Sirdal kommune fekk laga ein tilstandsrapport, og gjennomførde ein del strakstiltak for å sikra bygningen og hindra vidare forfall. Det var store fukt- og råteskadar, som i hovudsak skuldast lekkasje av vatn gjennom tak og etasjar. Fleire vindauge var òg knust, så det var ein veldig fuktig miljø i huset. Etter å ha utførd strakstiltak og opprydding, har ein gått vidare med restaurerings-arbeid. I fyrste omgang er det utvendig arbeid som skal gjerast, samt reparasjon av pipe/eldstadar.

 Nytt tak med torv.

TAK OG VINDAUGE

Då taket vart demontert fann me store råteskadar, og det var lite av takkonstruksjonen som kunne reddast. Opphavleg har taket vore tekka med torv, men dette har blitt endra til tegl i «nyare tid». Då dette arbeidet vart gjennomførd, fekk taket feil konstruksjon i forhold til opphavleg, og gjennom åra har ei slik underdimensjonering førd til ulike forskyvingar. Til dømes var gavlveggar ute av posisjon.

Sirdal kommune vurderar det slik at når ein likevel må fjerne det som er av takkonstruksjon frå «nyare tid», men framleis har originale element frå perioden med torvtak, så ønskjer me å tilbakeføre til torvtak. Me vil leggja ny taktro etter dimensjonar som det har vore opphavleg.

Vindauga skal òg skiftast ut. Her skal me ta omsyn til heilheten i huset og tidsperioden slik at det er i god balanse med torvtaket. Me skal laga kopi av dei gamle blyglasvindauga, og laga nye kopiar i tre.

 

LEIRE FRÅ DET GAMLE UTTAKET I HAUGHOM

Det var naudsynt med reparasjon av piper og eldstadar i huset, og dette arbeidet er i gong. For å finna god leire for dette reparasjonsarbeidet, har me gått til ein historisk stad: den gamle «leirplassen» i Haughom, som høyrde til teglverket her – den fyrste form for industri i Sirdal, grunnlagd i 1790.

Me har henta ut leire frå denne staden, og brukt til reparasjon av eldstadar i Indre Hauan. Denne leira hadde overraskande god kvalitet, så det var nok ikkje tilfeldig at det vart etablert teglverk her i eldre tid. Teglsteinen frå Haughom skulle ha godt ord på seg.

Reparasjon av taksperr.

På bileta over ser de ein del av den gamle pipa som me no har murt/reparert med vanleg gråstein og leirmørtel frå Haughom. Pipa vert pussa med leirmørtel under vasshella (innendørs).

Utvendig skal me bruke mørtel med ekstra mykje kalk, slik at det vert meir robust mot regn og sol.

Spennande prosjekt og store moglegheiter

Ordførar Jonny Liland:

Frå Sirdal kommune si side har det vore eit ønskje om å få ta hand om Indre Hauan i mange tiår. Eigedomen ligg langs den «historiske ruta» som går frå Stronda og innover Tonstad. Dette er gamle Tonstad sentrum, og i kulturhistorisk samanheng er dette ein spesiell del av Tonstad og Sirdal sin historie.

Når kommunen kom i posisjon til å sikra seg eige-domen vart dette tatt opp i formannskapet. Der var det stor vilje til å forhandla fram ein avtale om overtaking.

Eigedomen er på omlag 1,6 dekar, og prisen var ca. 1.7 millionar. Det var ryddige forhandlingar med ein god tone, og kommunestyret godkjente avtalen om over-taking.

Bak denne avgjerdsla ligg ikkje at Sirdal kommune ville sikra seg grunn i sentrum for ein «god pris», men det var å gripa moglegheita til bevaring av bygning og

historie, samstundes som ein kunne få Eliastunet og eigedomen til å inngå i ein større samanheng.

Området og huset skal gje innbyggjarar og tilreisande stor glede framover. Det er me heilt sikre på.

Kommunen har eit ansvar for å ta vare på lokalhistoria, i tillegg til at sentrum ser innbydande og fint ut. No kan hus, hage og Eliastunet framstå som ein heilhet.

Eliastunet og området har større potensial enn det som er tatt ut i dag. Dette såg me under «Hjemmesommer 2021»- teltet me plasserte der førte til masse liv og aktivitetar. Det er òg mange reisande som tek ein rast, og ladar el-bilane sine her. Behovet for el-bil lading vil auka. Då vil ein velja stadar der det er noko å driva tida med. Ein må leggja til rette for at dette vert ein stad kor det er hyggeleg å stoppa, og det har me utfordra ei arbeidsgruppe til å finne ut av.

Arbeidsgruppa som er nedsett for å sjå på vidareutvikling av hus, hage og Eliastun vert leia av Rolv Guddal, men er samansett av fleire politikarar og folk frå administrasjonen. I tillegg er arkitektfirmaet Dronningen engasjert. Dei har tidlegare vunne pris for sitt arbeid med den gamle lokhallen på Ålgård.

I budsjettet for 2022 er det satt av 5,0 millionar til utvikling av Eliastunet, hus og hage. Forbruk i 2021 er litt over 1,0 millionar.

Leiar i arbeidsgruppa Rolv Guddal:

Me arbeidar etter ein klar plan, med ulike spor. Fyrst måtte ein gjennomføre strakstiltak for å bevare huset. Det var mykje skade ved tak, yttervegger, vindauge og berande konstruksjonar. Dette arbeidet er godt i gong, difor er bygningen no «pakka inn».

Samstundes planlegg me oppgraderinga av Eliastunet, kor hagen/uteområde til Indre Hauan òg skal inngå.

Me er så heldige at me har med ein ekspert på laft og restaureringsarbeid i dette prosjektet, Øyvind Moen, så me meinar at me skal forvalte denne kulturskatten på best mogleg måte.

Arbeidsgruppa får løpande innspel frå fleira hald, noko ein setter stor pris på. Framover vert resultata levert etappevis. Arbeid i sentrum er krevjande og inneber god samkjøring med andre aktivitetar her. Det er viktig at «Heimesommar 2022» ikkje vert hindra av det på-gåande prosjektet.

Sirdal kommune ser fram til å overrekke eit fornya og attraktivt sentrumsområde der lokalhistoria går hand i hand med ein aktiv park til innbyggjarane.

Me gler oss til ei stor markering av dette, og kjem til å koma med meir orientering undervegs på heimesida til kommunen og i Kyrkje og kulturbladet.