Home>Kommunen>«Sirdal er folka»
Et bilde som inneholder person, poserer, gruppe, stående Automatisk generert beskrivelse
Kommunen Nyhet Nyhet forts.

«Sirdal er folka»

Da utvalg for oppvekst og levekår i Sirdal kommune hadde møte på Sinnes skule tidligere i vår, holdt 8. klasse en tale til politikerne. Politikerne drøftet strategiplan for helse og omsorg, som skal ende ut i en handlingsplan.

Siri Fidjeland (sp) leste opp talen i kommunestyret torsdag, da denne saken var til behandling. Talen ble godt mottatt i kommunestyret.

Lærer Selma Kvæven sier elevene tok utgangspunkt i Kongen sin nyttårstale. Her kan dere lese deres meninger.

Kjære politikarar.

I Sirdal har me høge fjell, frodige dalar, langstekte heier og Noregs beste vatn. Sirdal har fantastisk natur. Sirdal er langstrakt og spredt bebudd. Men framfor alt er Sirdal folka.

I Sirdal har me vestlendingar, austlendingar, sørlendingar, urdølar og sirdølar.

Annonse

Me har innvandrar frå mange land,  tilflyttarar og mange turistar. Sirdal er både fastbuande og hyttefolk, engasjerte unge og livserfarne gamle.  Sjølv om me er få, så er me mange fine folk. Lytt og lær av engasjerte unge, kloke gamle og kreative nye. Me har to fine skular, Fjellstua, Slott, GP og eit flott bakeri. Her lev me liva våre.

Me trur på Gud, Allah, alt og ingenting, me driv med ski, motorsport, data og dans. I Sirdal jobbar folk med vannkraft, skitrekk, jordbruk og snekring. Me høyrer på Vassendgutane, Karpe og Hagle.

Sirdal er ein god plass der ein kan vera seg sjølv, høge og låge, små og store, rette og skeive.  Men sjølv om me er veldig ulike, så er me gode til å visa omsorg for andre, og til å hjelpa kvarandre.

Heime er der hjarta vårt er, og fjellheimen, folka og dyra i Sirdal vil alltid ha ein plass i hjarta vårt. Me er stolt av bygda vår og glad i kvarandre. Sirdal er oss og dykk, så hugs at de tek val for oss, og for framtida vår.

Me ønsker at Sirdal vil bestå like frodig og grønn. Og me vil at det skal vera eit godt og trygt miljø, der me tek vare på kvarandre, bygdene våre og naturen, slik at Sirdal vil fortsetta å vera ein fin plass å vaksa opp også i framtida.

8. klasse, Sinnes skule

Foto: 8.klasse ved Sinnes skule. Foran fra venstre: Ina Sinnes Josdal, Johanna Tjørhom, Signe Bøgwald Karoliussen og Ingvild Nygård Fidjeland. Foran fra venstre: Matias Førland, Jone Kleiberg, Mathias Holte Tjørhom, Lars Svanes Kolbeinsen, Karlis Säde og Alf Tjørhom.