Home>Nyhet>Årsmøte i historielaget
Et bilde som inneholder person, innendørs, gulv, tak Automatisk generert beskrivelse
Nyhet

Årsmøte i historielaget

Sirdal Historielag hadde årsmøte torsdag i Kulturhuset på Tonstad og valgte følgende styre: Kolbein Fintland, Lilli Ane Lindeland, Per Magne Sinnes, Bjørg Anny Tjørhom og Helge Th. Tonstad. Styret velger selv leder.

Varamedlemmer: Torger Åge Sinnes, Inger Kilane Feed og Agathe Bø.

Revisor: Åslaug Karin Fidjeland

Valgnemnd: Sven Egil Testad, Olaf Å. Tjørhom og Kåre Ivar Ovedal.

Foto: Styreleder Magnar Undheim ledet årsmøtet.

I årsmeldinga frå 2022 skriv avtroppande leiar; Magnar Undheim:

Annonse

Historielaget har hatt fire styremøte. Arrangementa til historielaget tok til med ein arkeologikveld 6. april i Sigbjørn K.-huset. Gjenstandar som vart funne hausten før, var utstilte og vart sett inn i historisk samanheng.

28. april hadde laget vårfest med vel 100 entusiastar til stades som både lo og trampa takta då Torolf Nordbø og Rita Fotland var i aksjon.

Utvandringseksperten Johannes Risnes og filmskaparen Frode Fimland fortalte 13. mai om filminga og miljøet kring heimen til «John – den siste norske cowboy». Filmen, som vart vist som eit samarbeidsprosjekt mellom kinoen og historielaget, er eit kunstverk som gjorde sterkt inntrykk på ein mest full kinosal.

12. juni var det offisiell avduking av Pilt-Ola-steinen på Sirdal fjellmuseum. Sirdal har fått to plakettar frå Forsand kommune som nå var festa til ein passande stein på museumsområdet. Tora Liv Torsen (Pilt-Ola-ekspert frå Forsand) og Alf Sveinung Haughom (kultursjef i Sirdal) stod for sjølve avdukinga. Forsand møtte i tillegg med to tidlegare ordførarar. Sjølve arrangementet var eit samarbeid mellom Sirdal kommune, fjellmuseumet og historielaget.

115 menneske møtte opp på haustfesten 28. oktober. Sau i Sirdal var temaet for kvelden, og det var Per Magne Sinnes og Magnar Undheim som gav glimt av ei fantastisk historie som omfattar både driftesmalen og Sirdal sin eigen sau. Saksofonistane frå Undheim skapte høg stemning som alltid. Dei store heltane, med Lilly Ane i spissen, er dei som tryllar fram eineståande tradisjonsmat år etter år.