Home>Nyhet>Tre rådyr drept av hundar
Et bilde som inneholder snø, utendørs Automatisk generert beskrivelse
Nyhet

Tre rådyr drept av hundar

Ha hunden i band!

Romjula 2022. Eit blodig rådyr kjem inn i hagen til ein Sirdøl på Tjørhom. Rådyret har fleire bittskader og må avlivast. Sirdal ettersøksring rykker ut. Same romjul får ettersøksringen ein telefon frå Fidjeland. Det er ein hundeeigar som ringer. Også i dette tilfellet er rådyret hardt skadd. Eit medlem av ettersøksringen køyrer opp og avlivar dyret. Februar 2023 skjer det på nytt. Denne gongen på Tonstad.

Sirdal ettersøksring har i løpet av halvannan vintermånad rykka ut tre gongar for å avlive rådyr som er tatt av hund. Det som ikkje skal skje, skjer på nytt og på nytt. Av hundelova går det klart fram at hundar berre kan vera lause når dei er under slikt tilsyn og kontroll at ein i størst mogeleg grad førebygger og hindrar skade på og ulemper for menneske, husdyr, tamrein, vilt eller eigedom. Vidare i lova er det presisert at hundar alltid skal haldast under slikt tilsyn at dei så vidt mogeleg hindrast i å drive eller forfølge vilt.

I praksis tydar dette at me lyt gå med hunden i band under normale snøvintrar i Sirdal.

Dyre- og fuglelivet er rikt – i heile kommunen. Og sjølv om du meiner at akkurat din hund er den snillaste eller lydigaste i verda, burde også du bruke band. Dette ut frå eit føre-var-prinsipp og fordi det har ein signaleffekten ovanfor andre hundeeigarar. Det skal så lite til for å gjera stor skade. For eit rådyr som allereie kjempar ein kamp for å overleve vinteren kan ein flukttur gjennom laus snø koste dyrt. Når snøen er djup vert rådyra lett bytte for hundar som spring oppå snøen.

Kommunen kan innføre ekstraordinær bandtvang av omsyn til viltet, men dette virkemiddelet er i utgangspunktet mynta på heilt spesielle – ekstraordinære – situasjonar. I Sirdal er det heilt normalt at det ligg snø – både mykje og lite. Kommunen ønsker difor å vera tydelig på at normalen bør vera å ha hunden i band. Kvar vinter. Ikkje gå og vent på ekstraordinær bandtvang. Ha hunden i band!, skriver Sirdal kommune på si heimeside.