Home>Nyhet>Samhald og trivsel med quiz
Et bilde som inneholder klær, person, smil, Menneskeansikt Automatisk generert beskrivelse
Nyhet Nyhet forts.

Samhald og trivsel med quiz

Av Jostein Frøysnes

Coop Extra ble vinner av årets lagkonkurranse i quiz.

Premieutdelingane er gjennomført. Quizen starta som eit tiltak medan eg jobba på Tonstad skule i 2022 for å skape samhald i lunsjrommet. Rett og slett eit arbeidsmiljøtiltak.

Kvar veke blir det lagt eit nytt quizark på personalrommet og så svarer dei tilsette i løpet av veka, og leverer inn på fredag. Ingen hjelpemiddel er tillate så den er basert på tillitt. Neste måndag blir fasiten lagt ut saman med ny quiz og resultatlista frå sist veke.

For å auke prestisjen fekk eg med meg dei andre skulane i dalen. Sinnes skule, Sirdal VGS og vaksenopplæringa, i tillegg til at reinhaldarane laga sitt eige lag. Dette blei godt tatt i mot.

Annonse

I haust bytta eg jobb til arealforvaltninga i Sirdal kommune. Då kom ideen om å lage dette litt større. Eg annonserte på facebook at ulike arbeidsplassar kunne bli med. Etter kvar vart fleire og fleire lag med.

Frå veke 42 og fram til veke 51 har det vore ein samanlagtkonkurranse i tillegg til resultatlista kvar veke. Dette annonserte eg og på oppslagstavla for Sirdal på Facebook, og då strøymde påmeldingane. på. Til slutt endte det opp med 23 påmeldte lag. Både kommunale arbeisplassar, private bedrifter og kontorfellesskap har vore med.

Nivået har vore svært høgt og til slutt stakk Coop Extra på Tonstad av med sigeren framfor kommunehuset på 2. plass og Tonstad skule på 3. plass.

Foto: Vinnarlaget frå venstre: Benjamin Tronstad, Isabell Skreå, Linda Uberg, Aud Kirsten Fintland, Amy Tomine Fintland, Silje Helliesen

Et bilde som inneholder klær, person, Menneskeansikt, vegg

Automatisk generert beskrivelse

Tonstad skule: Frå venstre: Ole Martin Josdal, Geir Øystein Tjomlid, Hroar Fintland, Jorunn Sinnes Pettersen, Tina Tveit, Marianne Tjørhom og Lotte Josdal

Føremålet med quizen var å skape samhald og trivsel på personalromma på arbeidsplassane, i tillegg til å utfordre kvarandre på meir eller mindre unyttig kunnskap. Mange stader blir det slik at folk sit på kontora, eller trykkar på mobilen. Dette har vore eit tiltak for å prøve å skape samhald.

Eg meiner det har lukkast. Svært mange har tatt kontakt med meg og sagt kor kjekt det er med quizen. Eg blir fortalt at folk som ikkje kjem på personalrommet til vanleg blir med. Quizen er såpass vanskeleg og variert at du er avhengig av å vere eit lag for å få det til. Eg har fått tilbakemelding på at den er med på å skape fellesskap. I tillegg har det blitt ein snakkis på bygda der folk disktuterer svaret på oppgåvene og er spent på resultatlista og fasiten som kjem etter helga.

Som sagt så har nivået vore svært høgt og eg er mektig imponert over alt folk kan. Til slutt var det Coop Extra som vann, og eg gjorde stas på dei, samt 2. og 3. plassen, med diplom.

Arbeidet med quizen har eg gjort på fritida rett og slett fordi eg syns det er kjekt at så mange set pris på det.

Et bilde som inneholder person, klær, Menneskeansikt, vegg

Automatisk generert beskrivelse

Kommunehuset: Frå venstre Sven Magne Ousdal, Frank Haughom, Rune Risnes