Home>Front>Stort frammøte på Kvævemoen
Et bilde som inneholder innendørs, klær, person, folk Automatisk generert beskrivelse
Front Nyhet

Stort frammøte på Kvævemoen

Det var stort frammøte under familiegudstjenesten på Kvævemoen kapell julaften. Det betyr over 200 personer som var til stede. Mange hytteturister.

Vikarierende sokneprest, Knut Torfinn Øydna holdt andakt. Organist var Hanne Fodstad. De startet på Kvævemoen, fortsatte til gudstjeneste i Lunde kyrkje og avsluttet i Tonstad kyrkje. En travel økt i snøværet.

Aslaug og Tøri Ådneram leste juleevangeliet.

Foto: Det var godt frammøte i Kvævemoen kapell.

Et bilde som inneholder klær, person, Menneskeansikt, innendørs

Automatisk generert beskrivelse

Aslaug og Tøri Ådneram leste juleevangeliet.

Et bilde som inneholder klær, gruppe, jente, innendørs

Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder klær, person, rituell, prest

Automatisk generert beskrivelse

Knut Torfinn Øydna holdt andakt omkring temaet om å tenne et lys

Annonse

Tenne eit lys

Eg vil tenne eit lys idag. Eg vil tenne eit lys for deg. Berre for deg. Eit lys til minne om ein nesten svunnen tid. Eg vil at du skal sjå nøye på dette tente lyset. At du skal stoppa opp i ditt gjeremål, i alt det du held på med. Det er eit lysglimt som er i ferd med å svinna heilt, men det står der i all sin trass, mot alle odds, og lyser mot oss med sin sterke flamme. Det lyser, ja, det strålar, tross alle typar vindar og stormar. Tross mørkeret som forsøker å omfamna det og sløkkja det.

Eg vil brenna! Eg vil lyse for deg! Høyrer du? Det er ditt lys! Eit lys er tent for deg! Det er ikkje eit lys du kan sløkkja sjølve, for det er tent nettopp for deg. Kvar du enn går, kvar enn du seie til deg, så vil lyset aldri svinna heilt.

Dette tente lyset, strålar frå ei nesten svunnen tid. Då det store lyset blei tent for menneska. Det er ikkje slik at vi ikkje heilt veit kvar og kor hen det blei tent. At vi må ty til ein form for gjetting. At vi ikkje heilt veit når tid. At vi eigentleg ikkje heilt veit. At vi ikkje kan svara dei som spør oss. Slik er det slett ikkje! Vi veit nøyaktig kvar og når tid lyset for verda blei tent.

Det var den kvelden, den natta, då dei gjetarane som vi les om var ute på marka. Det var mange som passa på flokken sin i desse områda, men akkurat denne kvelden var det desse gjetarane som var ute, på akkurat denne staden. Akkurat denne kvelden, i dette mørkeret, under denne stjernehimmelen, skjedde det då himmel og jord møtes, då himmel kyssa jorda.

Så blei lyset tent for oss menneska. Det hadde seg slik at Gud hadde vaka over dette lyset i uminnelege tider. Heldt det skjult for oss. For tida var ikkje heilt der, tida var ikkje heilt moden. Den rette tida hadde ikkje heilt komen. Plutseleg stod ein engel der blant gjetarane. Han ville fortelja om lyset. Tida stod stille. Naturen merka det. Mørkeret måtte vike.

«Kven er du?» – spurde ein av gjetarane engelen. «Er du ein av dei gjetarane frå områda her omkring som skulle koma til oss på denne tida av døgnet?» – sa den same gjetaren. «Eller er du kanskje ein framandkar som verken har hus eller heim?» – spurde ein anna av dei engelen med litt mistru i blikket sitt. «Eg er verken ein gjetar eller ein framand som kan vera til fare for dykk» – sa engelen til gjetarflokken. «Eg kjem med fred, og lys» – sa engelen til dei.

Straks lyste Herrens herlegdom kringom dei og engelen syntest å veksa i størrelse slik dei stod framanfor ham, og han syntest å forsvinna inn i det klåre kvite lyset. Heile tida frå då Herrens engel hadde dukka opp hjå gjetarane hadde dette lyset frå Gud strålt med ein mektig glans, men gjetarane hadde ikkje heilt sett det og forstått det, sjølv om mørkeret hadde flykta og lyset frå evigheten hadde kome akkurat denne kvelden til dei. Først måtte angst og redsel vika og gje plass for lyset i hjarta deira. Litt, etter litt, skjøna dei kva som hadde skjedd. Dei blei redde. Akkurat slik vi menneska blir når vi blir stilt framanfor noko nytt og ukjend.

«Fred, og lys vil eg gje dykk.» – sa engelen til gjetarane. Plutseleg var han omgjeven av ein hærskare av andre englar. «Gå til Betlehem! Gå og finn eit barn som ligg i ei krubbe!» – sa engelen vidare. «Dette er lyset som er tent for heile verda» – sa englane i kor.

Vi er mange gonger slik som gjetarane. Blande med angst og redsel. Vi klarar av og til ikkje heilt å sjå lyset slik det verkeleg er. Vi ber òg på framandfrykt og skepsis. I ei verd kanskje meir enn noko gong som er fylde av krig og uro, smerte og død, har vi vanskar med å skimta lyset som skin mot oss, at det er ei flamme av Herrens herlegdom.

Men eit lys er tent for deg, likevel. Eit lys du kan venda deg mot, igjen og igjen, og sjå inn i. Det er ditt lys. Jesus blei født. Gud blei menneske.

Et bilde som inneholder musikk, piano, person, klær

Automatisk generert beskrivelse

Hanne Fodstad spilte til sangene.